Berre fire søknader til andre runde

Publisert:16. mars 2016Oppdatert:17. mars 2016, 12:17
UiB har i dag fem Senter for framifrå forsking. Foto: Colourbox

UiB har med fire søknader i kampen om å verta Senter for framifrå forsking. UiO har fått 13 senter vidare til runde to.

– Me er ikkje nøgde med dette når me samanliknar oss med dei andre universiteta, seier prorektor Anne Lise Fimreite.

Onsdag kom meldinga frå Forskingsrådet om at UiB får fire søknader vidare til andre runde i kampen om å verta Senter for framifrå forsking. Først i desember vert det kjent kven som får senterstatus.

Forventar 1-3 senter
UiB sendte inn 29 søknader før fristen i fjor haust. Fimreite sa den gongen at ut i frå at det skal etablerast rundt ti senter kan ein kanskje seia at det er for mange. Men samstundes sa ho at det er viktig å visa fram UiB sine beste miljø.

– Sendte de for mange, Fimreite?

– Me må sjå nærare på materialet før eg kan svara på det. Men det me har sagt er at me forventar å få fire-fem senter vidare til andre runde og til slutt få mellom eitt og tre senter. Det som gir grunn til uro er at UiO fekk 13 vidare til andre runde og NTNU seks, seier Fimreite.

150 søknader
Dei fire som går vidare kjem frå ulike miljø. HF får to miljø vidare, «Centre for Early Human Behaviour (EHB) Homo Sapiens Behavioural Evolution 100-50 000 Years, South Africa» er leia av professor Chris Henshilwood ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap og «Centre of Responsible Evidence Appraisal» er leia av professor Jeroen van der Slujis ved Senter for vitskapsteori. Frå Det medisinsk-odontologiske fakultetet går professor Laurence Bindoff ved Klinisk institutt 1 vidare med prosjektet  «Centre for research into age related neurodegenerative diseases».

Totalt kom det inn 150 søknader, skriv Forskingsrådet på sine nettsider. Søknadene vart vurdert av ein internasjonal vitskapeleg komité. Medlemmene i komiteen var generealistar som spente over eit breidt spekter av fag. Komiteen hadde eit møte over fire dagar der søknadene vart diskutert i tre underkomitear, i tverrkomitemøte og i plenumsmøte. Til slutt vart det altså plukka ut 34. Forskarane bak desse skal senda inn ein ny søknad innan slutten av mai. Søknadene vil verta vurdert av internasjoanle fagekspertar med kompetanse på søknadene sine fagområde.

Skuffa på mat.nat
– Me er skuffa, seier Helge Dahle.

Han er dekan ved Det matematiske-naturvitskapelege fakultetet. Til saman 10 søknader vart sendt inn frå mat.nat. Berre ein kom vidare til runde to.

– Me er veldig glade over den me har fått vidare, understrekar Dahle.

Professor Rietske Huismans ved Institutt for geovitskap leiar prosjektet «Centre for Integrated Earth System Dynamics».

Dahle seier at også senteret Norwegian Centre for Dark Matter Research, som skal leiast frå Universitetet i Oslo, har mange UiB-forskarar med på laget. Senteret har utspring i Cern-miljøet.

– Sendte de for mange søknader?

– Det er ulike fagmiljø som står bak, og eg trur ikkje det arbeidet som er gjort er fånyttes. Me må sjå nærare på kva grunnen til at me ikkje når opp er, seier Dahle.

 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed