Vil ha Unesco-sete i Fastings Minde

Publisert:8. februar 2016Oppdatert:8. februar 2016, 06:00

Nils Georg Brekke var den første studenten som fekk arbeidsplass i Fastings Minde. No meiner professor emeritusen at det gamle bygget kan husa det nye Unesco-professoratet.

I 1964 troppa den unge studenten Nils Georg Brekke opp på Vestlandske Kunstindustrimuseum. Robert Kloster var direktør der, men var nettopp vorten utnemnd til professor i kunsthistorie ved UiB. Brekke hadde allereie studert fransk og historie, og no ville han ta magistergrad i kunsthistorie. Det var dette han hadde tenkt å fortelja Kloster.

– Kloster såg på meg og sa på sitt pene bergensk: <<Nå. Det må jeg si>>, humrar Brekke vel femti år seinare.

Sat i kvar sin fløy
Det går ei linje frå Wilhelm Koren Christie, som i 1825 grunnla Bergens Museum, via arkeologen Haakon Shetelig i byrjinga av 1900-talet og til Robert Kloster. Alle tre var opptekne av det vestnorske og av dei folkelege kulturtradisjonane. Då Brekke fortalde at han hadde tenkt å fokusera på folkekunsten, vart Kloster for alvor oppglødd.

– «Det må jeg virkelig si», sa han, fortel Brekke.

Kloster hadde sjølv i yngre år skrive om folkekunst i Hardanger, og det var han som starta opp dei kulturgeografiske registreringane på Vestlandet i 1937.
Slik gjekk det til at Kloster og Brekke var dei første som flytta inn i det gamle lysthuset Fastings Minde. Dei sat i kvar sin fløy, og trefte kvarandre til lunsj.
– Kloster med sine to tynne rugbrødskiver, eg med ein litt større matpakke, minnast Brekke.               

Begynte med kåseri
No har Brekke, som er professor emeritus i kulturvitskap og har vore mangeårig fylkeskonservator i Hordaland, skrive bok om Fastings Minde saman med Gunnstein Akselberg, professor i nordisk språkvitskap. Interessa for det gamle, kvite trehuset kom då Akselberg vart spurt om å halda eit kåseri om Claus Fasting i nettopp Fastings Minde i samband med UiB sitt 50-årsjubileum.

Fastings Minde har nemleg ein heilt spesiell stad i UiB-historia. Lyststaden, som Claus Fasting fekk bygd i det som den gong var utmark, var i kommunen si eige fram til 1959. Men alt i 1915 vann Egill Reimers arkitektkonkurransen om å utforma eit framtidig universitet. Han grupperte fakultetsbygga kring ein sentral universitetscampus. Heile den tidlegare eigedommen til Fasting var utgangspunkt for konkurransen.

Planen vart endra
Nokre år tidlegare, i 1898, fekk Bergens Museum frå 1865 sine sidefløyar. Så kom bybrannen i 1916, og det vart bygt ein ny skule i 1922, Sydneshaugen skole, for å erstatta Hambros middelskole som gjekk opp i flammar.

Det var den første av fleire endringar i Reimers sine planar. Samstundes fekk kommunen hand om området rundt ein annan lyststad, Florida, ved Store Lungegårdsvann. Her vart Geofysisk institutt – også dette teikna av Reimers –  innvia i 1928, og universitetsområdet vart utvida mot sør.

Det einaste som vart bygt i tråd med Reimers sin opphavlege plan, var «Historisk-antikvarisk avdeling» i 1926, det som i dag heiter «Kulturhistorisk museum». Men etter 1960 har HF-bygget og Universitetsbiblioteket vorte bygde i hovudtrekk innanfor rammene av denne planen - til universitetsformål, og Sydneshaugen skole vart tilbakeført til universitetet. Kommunen fekk på plass Bergens Sjøfartsmuseum, teikna av Per Grieg, i 1962.

Presteson, forfattar og rådmann
Og mellom HF-bygget og sjøfartsmuset ligg altså framleis det gamle, kvite trehuset.

– Dette er eit ikonbygg, og det var eit lite «lærdomssete» her lenge før universitetet vart oppretta, seier Akselberg.

Her sat Claus Fasting og skreiv sine kommentarar i Provinzialblade, som han sjølv gav ut.
I boka skildrar dei to professorane Fasting og hans posisjon i samtida. Han var prestesonen som så mange samtidige reiste til København. Attende i Bergen vart Fasting etter ein del år rådmann i byen, og han var ein støttespelar for katedralskulerektoren Jens Boalth, som tok initiativ til stiftinga av både Bergen filharmoniske orkester og Det Nyttige Selskab. I dette selskapet var det mange gode bergensborgarar samla, og det dei ivra for, var mellom anna bygdene si velferd, gjennom klok bruk av ressursane i jord og berg.

Herifrå går linja vidare til Wilhelm Koren Christie. Stortingspresidenten og stiftamtmannen var kjend som ein bondevenn og var interessert i landskap, naturhistorie, kulturminne og folkelege kulturtradisjonar. Dette programmet førte til stiftinga av Bergens Museum i 1825.

Kan romma to sekretariat
Saman med mange andre UiB-bygg vart Fastings Minde freda av riksantikvaren i 2014. I dag held deler av Institutt for filosofi og førstesemesterstudium til i bygget, men dei skal etter planen flytta ut.

Brekke har ein konkret ide til korleis bygget kan brukast vidare: Som sete for det nye Unesco-professoratet UiB nettopp har fått godkjent.

Brekke har teke initiativet til oppretting av dette professoratet. Midt i januar kom meldinga om at UiB har fått godkjent ein «UNESCO-chair» knytt til berekraftig forvalting av landskapet og livsmiljøet. Professoratet omfattar ei hovudstilling, som professor Peter M. Haugan frå Geofysisk institutt førebels skal fungera i det første halvåret, inntil endeleg tilsetting er gjennomført. Det er også planen å kopla inn delstillingar frå andre fakultet til eit fagleg kollegium kring hovudstillinga, og å etablera eit nettverkssamarbeid med andre universitet og høgskular i Noreg.

– Når ein vert pensjonist, har ein tid til å spela inn det som forhåpentlegvis er gode idèar. Me har fanga opp at sekretariatet for Holbergprisen kan vera aktuelt å plassera i Fastings Minde. Der kan òg etter mitt syn sekretariatet for det nye UNESCO-professoratet liggja, seier Brekke.

– Fastings Minde er ein sentral plass, det er lett tilgjengeleg og lett å finna. Me kan òg sjå på kven som var Fasting sitt store førebilete. Det var Ludvig Holberg, seier Akselberg.

Vil ha stein
Det var arkitektane Peter Helland-Hansen og Sverre Lied som teikna HF-bygget midt på 1960-talet. Helland-Hansen var aktiv i Fortidsminneforeininga og var tydeleg på at ein måtte ta vare på Fastings Minde. Det var òg Helland-Hansen som hadde ansvar for å pussa opp Fastings Minde i same periode.

– Plasseringa av HF-bygget vart gjort heilt bevisst. Faktisk vart det trekt litt lenger mot nord for å gi plass rundt Fastings Minde, seier Brekke.

Universitetsområdet vart ikkje heilt som Egill Reimers såg føre seg på 1920-talet. Då skulle Fastings Minde rivast. Men dei bygga som er komne, er likevel plasserte omtrent i samsvar med planen hans. Det er likevel ein viktig ting som manglar, meiner Brekke. Han vil ha vekk den holete asfalten.

– I dag ligg det brustein framfor det nyrestaurerte Bergens Museum, men ikkje lenger. Eg meiner at ein må sjå til andre deler av Europa, der dei i større grad nyttar stein som ein del av byrommet. Eit heilskapeleg dekke av granitt kan gi nettopp dette området eit verdig preg som universitetscampus - sjølv om dei opphavlege planane er vorte endra.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed