Professor Jakob J. Stamnes har vore rettleiar for 24 ph.d.-ar

Publisert:19. februar 2016Oppdatert:19. februar 2016, 13:02
Jakob J. Stamnes har vore rettleiar for 24 doktorgradsstudentar. Samtlege har fått graden sin. Foto: Ida Bergstrøm

– Min siste doktorgradsstudent disputerte like før jul. No skal eg neppe vere hovudrettleiar for fleire, seier Jakob J. Stamnes.

Jakob J. Stamnes er professor ved Institutt for fysikk og teknologi, og emeritus på tredje året. Sidan han kom til UiB i 1990 har han vore hovudrettleiar for 24 doktorgradsstudentar. Blant dei er Øyvind Frette, som no er leiar ved Institutt for fysikk og teknologi.

– Studentar er god arbeidskraft. Når ein først har fått finansiering til eit prosjekt, er ph.d.-ar ein fin måte å få utført forsking på. Dei har gjerne tidspress på seg for gjere ferdig avhandlinga si. Dermed blir det også publikasjonar ut av det, seier han til På Høyden.

– Kva ligg i god rettleiing, slik du ser det?
– Ein må ha god kontakt med kandidaten. Det treng ikkje være fysisk kontakt, det går fint an å rettleie via epost og telefon. Men ein må følgje dei tett opp. Eg har vore heldig, og hatt gode kollegaer som også er med på å følgje opp kandidatane. Eg hadde ikkje klart å vere såpass produktiv viss det ikkje hadde vore for dei gode hjelparane eg har i kollegiet.

Har hatt god nyte av studentane
Jakob J. Stamnes har forska på optikk, på spreiing og forplanting av lys i ulike medier.

– Har rettleiinga gått ut over di eiga forsking?
– Nei, både undervisning og rettleiing er ein del av mi eiga forsking. Undervisning handlar om å formidle eiga forsking. Når ein er rettleiar utfører ein jo også forsking ved hjelp av studentane. Eg har såleis ei god nytte av dei.

– Ei tydeleg drivkraft
Rundt årtusenskiftet var Øyvind Frette doktorgradsstudent ved Institutt for fysikk og teknologi.  Han hugsar Jakob Stamnes som ein målbevisst rettleiar.

– Han er veldig nøye med oppfølginga. Han er ein proff rettleiar, og ein omgjengeleg kollega med ei tydeleg drivkraft. Og han er bevisst på at resultata skal publiserast i tidsskrift. Han er opptatt av at studentane skal delta og få dei med på internasjonale konferansar. Som doktorgradsstudent opplevde eg også å bli teken med i arbeidet med å søkje om både midlar og utstyr. Eg fekk gleda av å vere med på å forme aktivteten på instituttet, seier Øyvind Frette.

 

Mange av våre tilsette kunne rettleia fleire viss dei hadde fått gjennomslag for søknadane sine

Stor suksess med søknader om midlar
I dag er Øyvind Frette instituttleiar. Han seier det er uvanleg at ein professor i løpet av karrieren  har rettleia 24 doktorgradsstudentar.  

– Søknadane han skriv har gjennomslagskraft. For å få doktorgradsstudentar må ein ha stipend, og du må då vere dyktig til å skrive søknader som gjev deg desse prosjektmidlane. Det er ein viktig eigenskap for ein professor. Eg trur mange av våre tilsette kunne rettleia fleire viss dei hadde fått gjennomslag for søknadane sine.

Har sett spor i Uganda
Øyvind Frette rosar Jakob Stamnes for sitt engasjement for dei internasjonale studentane.

– Særleg ved Makerere universitetet i Uganda har han sett spor etter seg.

Jakob J. Stamnes vil halde fram med forsking. Men regelverket seier at ein  hovudrettleiar må vere tilsett. Dessutan kan det vere greitt å la yngre krefter sleppe til, meiner han.

Studentar er ein knapp ressurs.

Eg har hatt flinke studentar. Berre åtte av dei har vore norske

– Har du opplevd å mislukkast?
– Det har vore vanskeleg med eit par på mastergrad nokre gonger. Men alle dei 24 doktorgradsstudentane har fått gradene sine. Eg har hatt flinke studentar. Berre åtte av dei har vore norske. Dei andre kjem frå utlandet, frå Uganda, Tanzania, Kina, Taiwan, Tibet. For dei som kjem frå Asia kan språket vere eit problem. Dei er ikkje stødige i engelsk, seier Jakob S. Stamnes.

Ein student hugsar han godt.

– Han var frå Uganda, og gjorde ein del av arbeidet sitt her i Bergen. Eg besøkte han fleire gonger i Uganda. Eg kunne ikkje vere til stades under disputasen i Uganda, så eg sendte han ein epost dagen før. Måndagen etter fekk eg vite at han var død. Dette var midt under Aids-epidemien, og den offisielle forklaringa på kvifor han døydde var lungebetennelse. Eg merka aldri noko til at han var sjuk. Han fekk grada si tildelt posthumt.

Ei glede
– Kjem du til å sakne å vere rettleiar?
– Ja. Men eg er så heldig at eg framleis får vere ein del av miljøet. Og eg får vere med i skrivinga av publikasjonar.

– Er det nokre studentar du helst vil gløyme?
– Nei. Det har vore stor forskjell i kor uavhengige studentane har forska, men det har vore ei glede å jobbe med samtlege av dei.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed