Ein freda koloss

Publisert:26. januar 2016Oppdatert:26. januar 2016, 06:00

Synest du det er vanskeleg å ta seg fram inne i Realfagbyget? Kanskje ikkje så rart. Du kjem nemleg inn på feil stad.

– Eg har berre jobba her i 25 år.

Svein Fosse ler. Han er driftsleiar hos eigedomsavdelinga, og har nettopp prøvd å forklara kodane på dørene inne i Realfagbygget. Kva betyr t.d UD17f?

– Det er 18 søyler i bygget. Mellom dei er det ni meter den eine vegen og seks meter den andre vegen. Bokstaven U står for underetasje. Deretter er det søyle D, 17 og f, seier Fosse.

Søyle A er lengst i nord. Det betyr at me no nærmar oss den sørlege enden av bygget.

Det er heilt rett. Og det er her ein eigentleg skulle ha kome inn. Då hadde truleg òg rommerkinga vore meir logisk. Meir om det seinare.

Alt i eitt-løysing
Realfagbygget står på lista over UiB sine freda bygg. Saman med fredingsvedtaket frå sommaren 2014 kom òg kravet om at det skal lagast ein eigen forvaltningsplan for kvart av dei freda bygga. Planen for Realfagbygget er no ferdig, og vart presentert for fakultetet og eigedomsavdelinga midt i januar.

– Det er brukarane som er målgruppa for denne planen. Planen seier mellom anna noko om kva ein ikkje bør tukla med, sa Åse Tveitnes, som er kulturminneansvarleg ved UiB, under presentasjonen.

Realfagbygget skil seg frå bygga rundt. Bergen kommune kjøpte først eigedommen Fastings minde, og planen var å bruka dette til universitetsområde. Men det viste seg at det ikkje var nok plass, og eit stort område på Florida vart difor kjøpt. Her vart geofysisk institutt, teikna av Egill Reimers, bygd i 1928. Etter 1946, då Universitetet i Bergen var skipa, presenterte planleggingsfirmaet Andersson og Skjånes to alternativ: Høghus eller eit alternativ med lågare blokker.

Sjølv om universitetsleiinga likte best alternativet med høgshus, og sjølv om byplansjefen eigentleg ville ha vekk heile universitetet frå sentrum, vart det ikkje slik. I staden skulle det plasserast ni låge lamellblokker på området. Fysikkbygget kom, dei andre skulle plasserast nordover.

Det fortalde Eva Røyrane under presentasjonen. Ho er prosjektleiar hos eigedomsavdelinga.

– Då Harald Ramm Østgard fekk i oppdrag å teikna Realfagbyget, gjorde han eit nytt grep. Han syntest lamellblokkene ville gi eit massivt innstrykk, og ville i staden plassera alle rombehova i eitt bygg, sa Røyrane.

Østgaard fekk oppdraget i 1964, men planane vart først endeleg godkjende i 1970. I 1977 stod bygget ferdig.

– Begeistra
Dette vart bygget byen elska og hata – og som no er freda. Grunn: Bygget er i funksjonalistisk stil med brutalistiske, sterkt markerte overflater, og står på lista over viktig modernistisk litteratur.

– Høg arkitektonisk verdi, sa kunsthistorieprofessor Siri Skjold Lexau då ho presenterte sitt «nye blikk på rå betong».

Brutalismen har ofte spor etter forskalingsbord, flatene er ubehandla og konstruksjonane synlege.

– I Realfagbygget er naturstein nytta som ein overgangsfase mellom det nye og det gamle. Trapper og møblar er viktig, mellom anna finn me raudmåla stål. Eg vert eigentleg ganske begeistra, sa Skjold Lexau, og karakteriserte bygget som ei bombe i Allégaten sitt miljø – men som til ei viss grad òg har gitt noko tilbake.

– Men inngangen i sør er veldig mykje flottare.

Klemstra under rampen?
Det er inngangen i sør Svein Fosse og Åse Tveitnes har teke På Høyden med til. For dagens hovudinngang til Realfagbyget, der ein går opp rampen og kjem inn ganske midt i bygget, var aldri tenkt som den inngangen alle skulle bruka.

– Utfordringa i bygget slik det er brukt i dag, er rett og slett logistikken og det å finna fram. Ein har ingen reell hovudinngang, der ein kjem inn i dag kjennest det som ein vert klemstra under rampen, seier Tveitnes.

Ein gjekk altså inn i sør. Derifrå kunne ein sjå gjennom heile det 163 meter lange bygget. Det raude teglsteinsgolvet viser at dette er eit vrimleareal. Raudt går att som farge i heile bygget. Dersom ein finn ei raud dør, veit ein at ein kjem seg til fellesområde. Dører og heisar inne i dei ulike avdelingane er grøne.

Lyset gjekk rett gjennom rommet, og ein kunne lett finna fram. I nokre boksar er viktige funksjonar plassert; toalett i den eine, trapp og heis i den andre. Men desse boksane kunne ein òg gå fritt rundt.

Så skjedde det noko. I 1986 vart hovudinngangen lukka. Inn kom eit datasenter i samarbeid med IBM. Det vart sett opp lettveggar, og golvet vart heva. I dag er rommet i hovudsak i bruk som lager. Opprinneleg var det garderobe med eigne tilsette her.

– Men dette nye er berre lagt oppå. Det er fullt mogleg å ta det vekk att, seier Fosse.

– Det som skjedde etter at hovudinngangen vart flytta, var at logistikken i bygget vart punktert. Me må prøva å reetablera det opphavelege sirkulasjonsmønsteret, seier Tveitnes.

Fosse viser fram ein hemmeleg heis. Det vil seia, hemmeleg er han jo ikkje, men det er berre det at det ikkje er så mange som veit kor han er. Ein må gå gjennom ei av dørene som eigentleg ikkje var her og runda hjørnet. Men i prinsippet er han tilgjengeleg for alle.

Laboratorium med eigne møblar
At bygget er freda betyr at riksantikvaren må inn i biletet dersom ein vil gjera noko, og ein må ha ei grunngiving for det ein gjer. Alt arbeid som ikkje er vanleg vedlikehald i dei freda sonene er definert som tiltak, heiter det i forvaltningsplanen, og då treng ein dispensasjon frå Riksantikvaren.

Det er gjort ein del vedlikehald inne i bygget som kanskje ikkje er heilt etter boka. Himlingane er originalt synlege betongkonstruksjonar, men nokre stadar er dei måla kvite – utan at Tveitnes er særleg nøgd med akkurat det.

Ho fortel at det vert jobba med ei materialhandbok, og viser fram fjerde etasje. Der er deler av etasjen pussa opp, med nytt golv og nye dører. Men sjølv om fargane ikkje er heilt dei same som i resten av etasjen, harmonerer dei godt.

I fjerde etasje er òg to laboratorium freda. Den originale innreiinga, mellom anna med faste benkar, kan ikkje gjerast noko med utan at Riksantikvaren vert kontakta.

– Har me fleire av desse krakkane, spør Tveitnes Fosse, og får stadfestande nikk til svar.

Men at to laboratorium ikkje kan gjerast noko særleg med, er kanskje ikkje det beste utgangspunktet for moderne vitskap. Arkitekt Østgard sin grunntanke då han teikna bygget skal ha vore at han ville laga eit bygg for den forskinga og den undervisninga ein førebels ikkje visste noko om.

– Eg håpar me skal kunne finna anna å bruka desse romma til dersom vernet står i vegen for den tiltenkte bruken, seier Tveitnes.

Å rehabilitera Realfagbygget vert dyrt. Før jul kunne universitetsdirektør Kjell Bernstrøm informera om at Kunnskapsdepartementet har løyvd 30 millionar kroner til UiB. Universitetet sjølv bidreg med like mykje, så det fører til at det kan brukast 60 millionar kroner på kolossen i sør. Desse pengane skal gå til nytt tak, og truleg til eit læringssenter. Tidlegare er det sagt at ei rehabilitering av bygget bør skje etappevis.

– Men me må ha ein heilskapeleg plan som vert trinnvis realisert, seier Tveitnes.

Japansk hage
På baksida av bygget kjem ein nesten heilt inn i Nygårdsparken. Fosse fortel om mykje rolegare tilhøve rundt bygget enn det var då parken var open.

På utsida har bygget eksponerte betongelement i fasaden, med eit raster av horisontale og vertikale lamellar utanpå. Dette er rett og slett pynt, men lamellane fungerer òg som ein slags balkongar.

– Me likar jo eigentleg ikkje at nokon går ut her, og dei må krypa ut vindauga for å få det til, men det hender at nokon tek med seg ein stol, humrar Fosse.

Kontora er plassert slik at utsikta ut er flott, og lyset kjem inn.

Sju hus måtte vika plass då Realfagbygget kom på plass. Men arkitekten var oppteken av å gi noko tilbake, og på alle sider av bygget er det ei form for hage. Den finaste er ved den opprinnelege hovudinngangen.

Benkar, tre og ein dam gir eit tydeleg inntrykk av ein japansk hage. Skjold Lexau fortalde under presentasjonen av arkitekten mellom anna var inspirert av japansk samtidsarkitektur.

– Dette området er så flott, og langt fleire burde bruka det. Tenk å kunne hatt ein liten kafé i denne enden av bygget, drøymer Tveitnes.

Heile forvaltningsplanen kan du lesa her.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed