Ei verd utan filosofar?

Publisert:29. januar 2016Oppdatert:29. januar 2016, 12:36
Eit fint høve til å treffast og diskutera humaniora, sa filosof Espen Gamlund. Han ønskjer stortingsmeldinga om humaniora velkommen - slik kan HF-faga visa korleis dei kan bidra til å løysa dei store samfunnsutfordringane. Foto: Hilde Kristin Strand

Som HF-ar må ein sjølv synleggjera kva ein held på med og kva ein kan, seier filosof Espen Gamlund.

Prodekan Einar Thomassen er primus motor for torsdagssamlingane. Foto: Hilde Kristin Strand

Espen Gamlund er førsteamanuensis i filosofi ved Institutt for filosofi og førstesemesterstudium. Men eigentleg skulle han verta fotballspelar. Då han fann ut at han neppe kom til å lukkast med den planen, var alternativet sjåførlærar: Han likte å køyra bil, og utdanninga var eittårig.

Slik gjekk det ikkje. Han byrja å studera filosofi, og las eigentleg alt anna enn pensum. Mastergraden vart fullført.

– Etter det byrja eg som vaskehjelp hos eldre damer på Oslos beste vestkant. Då innrømmer eg at eg lurte litt på kva eg hadde gjort, sa Gamlund under føredraget han hadde torsdag.

Føredraget var det første i rekkja «Café humaniora». Ein torsdag i månaden vert HF-tilsette og andre interesserte invitert til fagleg føredrag på Kafé Christie i aulaen, med noko å bita i til og debatt etterpå.  Føredragshaldarane har fått følgjande oppdrag: Dei skal seia noko om sitt eige fagfelt, men òg noko om humaniora generelt.

– Kven skal formidla? Og kva?
Gamlund sitt poeng var at ei verd med filosofar er betre enn ei verd utan. Ein filosof kan klargjera problem og spørsmål, og ein kan samarbeida med andre forskarar om dei store problemstillingane. Ein filosof lærer korleis ein skal tenkja logisk og kritisk.

Men det er ikkje nødvendigvis at kritisk og logisk tenking står som kvalifikasjonar i ein stillingsannonse. Gamlund meiner at ein som humanist sjølv må ta ansvar for å synleggjera kva ein kan.

– Sjølv fekk eg hjelp frå karrieresenteret ved UiO. Då vart det lettare å sjå kva kunnskap eg faktisk kunne bidra med.

Etter fullført doktorgrad fekk Gamund jobb i Kunnskapsdepratementet. Absolutt ei relevant stilling – men han kjeda seg fort. No er han tilsett ved UiB, og han brenn for formidling. Mellom anna er han med i panelet i P2-programmet Verdibørsen.

– All filosofi skal ikkje formidlast. Og det er heller ikkje alle filosofar som skal formidla. Framleis er det nok mange som har eit bilete av ein filosof som ein gamal mann med langt grått skjegg som sit der i elfenbeinstårnet sitt, og eg mistenkjer at nokre eldre kollegaer skulle ønskja at det var slik, sa Gamlund.

Heile føredraget hans kan du lesa her.

– Eg meiner at òg filosofar må ta det samfunnsansvaret ein faktisk har. Ein kan stilla spørsmål om kva filosofisk forsking staten skal finansiera. Skal ein ha fleire avhandlingar om Kant? Samfunnet må kunne forventa noko tilbake, sa Gamlund.

Ny møteplass
HF sin prodekan for forsking, Einar Thomassen, er primus motor for kaféføredraga. Han viser til intervjuet med han og dekan Margareth Hagen i På Høyden då dei vart valt til nytt dekanat i 2013. Då sa Hagen at: «Me ønskjer òg arbeida for å få på plass ein fellesarena for HF, eit forum eller ei forelesingsrekke der forskarane kan treffast. Me vil synleggjera kor levande faga er».

– Den gamle kantina i HF-bygget var ein samlingsstad. Men no finst ikkje denne kantina lenger, og veggane, eller murane, mellom fagmiljøa har vorte større. Me treffest ikkje lenger og vert informert og overraska over kva dei andre driv med, seier Thomassen.

Han seier at bakgrunnen for føredraga er eit ønskje om å stimulera til tverrfagleg samarbeid, og at slikt samarbeid kan vera ein måte å vidareutvikla faga på. Det er viktig å få til samarbeid på tvers av både historiske fag, estetiske fag og språkfag.

Både tilsette og studentar hadde møtt fram til den første Café humaniora. Foto: Hilde Kristin Strand

Optimisme og sjølvtillit
Den andre hovudgrunnen til at Thomassen og resten av dekanatet no inviterer til samlingsstund, er at dei ønskjer å få eit meir positivt fokus på humaniora. Dei siste par åra har det vore snakka om ei krise i humaniora. No er òg Forskingsrådet i gang med ein stor evalueringsrapport av dei humanistiske fagmiljøa. Det er 30 år sidan dette sist vart gjort.

– Me treng meir optimisme og meir sjølvtillit. Me må styrka trua på oss sjølve, seier Thomassen.

Forsking kan delast i to: Grunnforsking og anvendt forsking. Universiteta har eit særskilt ansvar for å legga vekt på grunnforskinga, meiner Thomassen, delvis fordi ein ikkje veit kva som kan verta anvendt forsking i framtida.

– Kva er humaniora godt for? Det er ikkje alltid like lett å forklara. Men det handlar ikkje minst om å skapa ein kunnskapsbase. Humaniora har stor effekt i samfunnet, men den effekten er ikkje like enkel å måla og like direkte som enkelte andre fag, seier Thomassen.

Han viser til skulefaga, og kor mange av dei som har bakgrunn i nettopp humaniora.

– Humaniorafaga gir ein kunnskap om kva som skjer i verda og dei gir ikkje minst ein kommunikativ kompetanse, seier professoren i religionsvitskap.

Etterlyser meir offensiv haldning
Dårleg utteljing i konkurranse om eksterne midlar og nedgang i publikasjonspoeng. Det er  noko Det humanistiske fakultetet ved UiB er opptekne av no. Thomassen meiner  at fagmiljøa må koma ut av ein defensiv-modus og over til ei meir optimistisk og offensiv haldning.

– Me representerer faktisk store verdiar.

Prodekanen etterlyser ei meir offensiv haldning når det kjem til å søkja om eksterne midlar. Arbeid med søknader tvingar òg forskarane til å tenkja i nye baner.

– Kva er viktige forskingsoppgåver no, innan mitt fagfelt? Ein må planlegga langsiktig og kan søkja samarbeidspartnarar i inn- og utland.

Thomassen peikar på at det lenge har vore ein trend at humaniorafag skal integrerast i alle prosjekt ein søkjer ekstern støtte til. Ofte har denne integreringa vore mest på papiret.

– No er det på tide at me arbeider aktivt for å integrera oss sjølve, på eigne premiss, seier Thomassen.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed