Avgjer Gulsvik-anke i ekstraordinært møte

Publisert:10. januar 2016Oppdatert:10. januar 2016, 22:38
Mandag blir det avgjort om UiB ønskjer å anke saka mot Amund Gulsvik, som dei tapte fullstendig i Oslo tingrett. Foto: Dag Hellesund

Universitetsleiinga overlet til styret å ta avgjerda om saka mot lungeforskaren Amund Gulsvik skal ankast.

Rektor Dag Rune Olsen har difor innkalt til ekstraordinært universitetsstyremøte måndag 11. januar. I Oslo tingrett fekk Amund Gulsvik fullstendig medhald i saka Helse Bergen og Universitetet i Bergen hadde gått til mot han.

– Vi tenkte at det var veldig nyttig å forankre ei eventuell anke i styret. Dommen vi fekk var veldig tydeleg, og ikkje i vår favør, seier Dag Rune Olsen.

Universitetsstyret har òg tidlegare diskutert saka, og alltid bak lukka dører.

Sløsing med skattepengar
Det er universitetsdirektør Kjell Bernstrøm som legg fram sakene for styret.

– Sakspapira gir denne gongen ikkje ei eintydig tilråing til styret om ein skal anke eller ikkje. Det er lagt opp til ein diskusjon om det i styret, fortel Olsen.

Jussprofessor Tore Lunde gikk etter dommen ut og sa at det ville vere sløsing med offentlege pengar å anke saka.

Personal- og organisasjonsdirektør Trond Søreide i Helse Bergen opplyser at helseføretaket enno ikkje har avgjort om dei vil anke, men at avgjerda vil bli tatt av føretaksleiinga innan ankefristen, som er 15. januar.

Vil ta avgjerda saman
For eigarane av Innovest gikk begge til sak mot Gulsvik, som la grunnlaget for lungeforskingsmiljøet i Bergen. Dei kan anke saka kvar for seg.

– Vårt mål er at vi og Helse Bergen skal falle ned på ein og same konklusjon, seier UiB-rektoren til På Høyden. 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed