Stoppa kalling av professor-sambuar

Publisert:1. desember 2015Oppdatert:1. desember 2015, 09:24
Karen Loise van Niekerk og Christopher Henshilwood jobbar saman i det EU-finansierte Tracsymbols-prosjektet. Dei er òg sambuarar. Arkivfoto: Silje Gripsrud

Fakultetsstyret ville tilsetja professor Christopher Henshilwood sin sambuar utan utlysing. No har universitetsleiinga stoppa prosessen.

Tilsetjingssaka på Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR) har, etter det På Høyden kjenner til, skapt misnøye på instituttet.

I oktober valde eit einstemmig fakultetsstyre ved Det humanistiske fakultetet å tilrå kalling av Karen Loise van Niekerk. Ho er per i dag postdoktor i arkeologi. Kallinga skjedde, ifølgje saksframstillinga, etter at fakultet har fått auka ramma med ein million kroner for å kunne halda fram Christopher Henshilwood sitt forskingsprosjekt Tracsymbols. Professor Henshilwood har i dag ein ERC Advanced Grant, og står òg bak søknaden om eit Senter for framifrå forsking. Som berre ein av to faste UiB-forskarar er Henshilwood òg på den eksklusive lista over den eine prosenten av verdas mest siterte forskarar, og dermed ein særs viktig forskar for universitetet.

Fagmiljøet reagerer
Det som gjer saka spesiell, er at van Niekerk er sambuar med Henshilwood. Fleire i fagmiljøet uttrykkjer at det gjer kallinga særleg uheldig, og seier at kallinga har vakt oppsikt på instituttet.

– Slike relasjonar er ikkje gode i så små miljø, seier ei kjelde.

Det vert òg peika på at fleire tilsette i arkeologi har slutta den siste tida, og at når ein tilset nokon i ein rein forskarstilling, så forsvinn undervisningskomponenten. Vidare vert det sagt at instituttet allereie er sterke på sørafrikansk arkeologi, og er no redd for at instituttet vil mangla vitskapeleg tilsette til å undervisa på lågare nivå. Nokre meiner at instituttleiinga burde vera meir grundige i rekrutteringa, slik at dei er i stand til å behalda både forskings- og undervisningsaktivitet der dei treng det. 

Då fakultetet lyste ut ein førsteamanuensisstilling i arkeologisk metode i juni, var van Niekerk blant søkjarane. Ho var ikkje blant dei som gjekk vidare til intervju. Dei tre som gjekk vidare, hadde alle nordeuropeisk arkeologi som spesialfelt.

Fremja ikkje saka
Van Niekerk har hatt ein rekrutteringsstilling knytt til prosjektet Tracsymbols. I saksframlegget til fakultetsstyret heiter det at ho har ei sentral rolle i forskingsgruppa, og vil få ei viktig rolle i eit eventuelt framtidg senter for framifrå forsking. På sikt vil ho òg delta i andre arbeidsoppgåver og andre forskingsprosjekt i arkeologimiljøet.

Men no er det usikkert kva som skjer med stillinga. Fakultetsstyret handsama saka i oktober, og universitetsstyret, som er dei som endeleg avgjer kallinga, hadde årets siste møte torsdag. Saka var ikkje på sakskartet.

– Me valte å ikkje fremja saka, seier universitetsdirektør Kjell Bernstrøm.

– Kva betyr det?

– Styret har tidlegare vore restriktive i kallingssaker, så me vurderte det slik at saka ikkje skulle behandlast.

Det betyr at prosessen førebels er stoppa.

Øyremerka midlar
– Me jobbar vidare med saka, seier Trine Moe, fakultetsdirektør på HF.

Ho seier at fakultetet fekk ei særskilt løyving for å sikra prestisjeprosjektet rundt professor Henshilwood.

– Det er forsking som vert primæroppgåva for denne personen ved tilsetjingstidspunktet, ikkje undervisning. Det er heller ikkje slik at desse pengane kunne verta brukt til ei anna stilling ved instituttet. Pengane er øyremerka, seier Moe.

– Når bør ein nytta kalling?

HF nyttar det svært sjeldan, så me har ingen klare retningslinjer. Universitets- og høgskulelova opnar for kalling, samstundes som me skjønar at UiB-leiinga meiner at ein skal vera restriktive med bruken. Men her var me i ein spesiell situasjon sidan pengane var øyremerka, seier Moe.

Steinar Vagstad er leiar av Forskerforbundets ved UiB. Han meiner kalling ikkje skal vere den vanlege måten å rekruttera vitskapleg tilsette på.

– Kallingsinstiuttet bør kun nyttast i spesielle tilfelle. Dersom ein ønskjer å tilsetja ein etablert topp-professor, veit ein at vedkomande ikkje vil søkja ei utlyst stilling ved Universitetet i Bergen. Då må ein gje vedkomande eit retta tilbod, seier Steinar Vagstad.

– Ryddigare
– Sjølvsagt er eg klar over at Henshilwood og van Niekerk er sambuarar. Men det er ikkje snakk om at det er grunnen til at me meinte at ho burde få ei stilling, seier Jan Heiret, som er instituttleiar ved AHKR.

– Nokre institusjonar har forbod mot at personar som har private relasjonar skal jobba saman. Men eg meiner at ein ikkje kan gi nokon yrkesforbod – og eg veit at det kan vera eit kontroversielt standpunkt, seier han vidare.

Heiret støttar det Moe seier om bruk av øyremerka midlar.

– Denne personen har ein naudsynt kompetanse som dette forskingsmiljøet treng. Det har me sett tydeleg no i arbeidet med SFF-søknaden. Der har ho hatt ei svært sentral rolle. Ho har jobba med Tracsymbols i fleire år, seier instituttleiaren.

– Er det berre denne eine personen i heile verda som har denne kompetansen?

– Det er eit godt spørsmål. Me kunne sjølvsagt lyst ut ei skreddarsydd stilling. Men eg meiner det er ryddigare å seia at det er denne kompetansen me treng, og så nytta kalling. Eg er klar over at det kan verta oppfatta som kontroversielt, men av og til er det ein spesiell kompetanse me treng, seier Heiret.

På Høyden har vore i kontakt med Henshilwood. Han viser til instituttleiar Jan Heiret for kommentar.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed