– Misbruk av offentlege middel å anke Gulsvik-saka

Publisert:4. desember 2015Oppdatert:4. desember 2015, 18:31
Håkon Brækhus var advokat for Amund Gulsvik (bak) i Oslo tingrett, mens Kirsti Robertsen Aarøen møtte på vegne av Universitetet i Bergen.

Jussprofessor Tore Lunde er svært overraska over at Helse Bergen og Universitetet i Bergen overhovudet gikk til sak mot den svært anerkjente lungeforskaren Amund Gulsvik.

– Det vil vere galimatias å anke denne saka, eit misbruk av offentlege middel. Om dei skal anke må dei i alle fall få på plass ei heilt anna bevisvurdering enn dei hadde i tingretten, seier jussprofessor Lunde, som har lest dommen frå Oslo tingrett nøye.

– Dommen er jamt over svært velskriven, og treff spikaren på hovudet på alle punkt, med den bevisvurderinga som retten har lagt til grunn. Bevisvurderinga verkar overtydande.

Konstruert argumentasjon og høg risiko
Men Lunde er altså kritisk til at saka i det heile tatt hamna i retten:

– Det sentrale spørsmålet om eigedomsretten til restmidlane burde ikkje ha bydd på nemneverdige tvil før saksanlegget, gitt organiseringa og avtalene som vart inngått, praksisen på området og styrets og leiinga sin kjennskap til og medverking til ordningane. I alle høve må spørsmålet ha framstått med stor prosessrisiko før saka, meiner Lunde.

Dette er dei andre kritiske punkta i saken, meiner Lunde:

  • Uansett kva ein måtte meine om spørsmålet om eigedomsretten til restmidlane, må kravet om tilbakesøking på grunnlag av vindikasjon eller condictio indebiti (at rett eigar av noko kan krevje det tilbake) ha framstått med svært stor prosessrisiko. Allereie dette burde tilseie stort atterhald med å reise søksmålet.
  • Argumentasjonen om at arbeidsavtalen til Gulsvik var ugyldig, framstår som syltynn, nærast konstruert.
  • Saksanlegga mot Bakke og Gulsvik ber preg av at nokre i systemet har hatt behov for å vise handlekraft utad, og kanskje sende eit signal utover i organisasjonen. Merkelappen skandale passar godt, i alle fall på den delen av sakskomplekset som vart ført for domstolane. At det har vore behov for å rydde opp i Innovest er ei anna sak.

Innhenta ikkje andre råd
Lunde stiller difor spørsmålet om kven som har gitt Helse Bergen og UiB juridiske råd på vegen: Advokat Erik Myhr Nilsen var prosessfullmektig for Helse Bergen og UiB, og ifølge Lunde, som har bakgrunn som advokat, er det vanleg å gi klienten ei uhilda vurdering av risikoen ved å gå til sak.

– Nokon må i denne saka ha fortalt beslutningstakarane at saka har såpass mange svake sider at det er ein stor risiko, seier Lunde.

Universitetsdirektør Kjell Bernstrøm nektar å oppgi om og i så fall kven UiB har rådført seg med, utover Myhr Nilsen og eigne juristar.

Personal- og organisasjonsdirektør Trond Søreide i Helse Bergen fortel at dei ikkje har innhenta vurderingar frå andre enn selskapet der Myhr Nilsen jobbar:

– I denne saka har sjukehuset rådført seg med vår advokatforbindelse Steenstrup Stordrange, som er eit advokatselskap med brei kompetanse. Det er ikkje vanleg å engasjere fleire advokatselskap i same sak, uttaler Søreide.

Politisak noko stort tull
Lunde har undra seg over mykje i Innovest-saka.

– Då eg høyrde om saka mot Per Bakke berre rista eg på hovudet.

Professor og lungeforskar Bakke tok ut over tre millionar kroner i løn under eit forskingsopphald i USA. Helse Bergen meinte at det kunne vere straffbart, og melde han til politiet.

– Då tenkte eg at dette er berre noko stort tull, og det ikkje kjem til å bli nokon straffesak mot han.

Det fekk Lunde rett i, for politiet henla saka.

Helse Bergen truga Bakke med sivil sak for å krevje tilbake pengar, og pressa han dessutan ved å nekte han tilgang til pasientar i undervisninga. Bakke godtok difor eit forlik over ein mindre sum pengar.

Kan få konsekvensar for Innovest-oppgjeret
Lunde stiller òg spørsmålet ved grunnlaget for å overføre hundrevis av kontoar frå Innovest til UiB og Helse Bergen. Mesteparten av dei 87 millionane som sto igjen i selskapet blei overførde på denne måten. Kvar kontohavar måtte møte sin næraste leiar og ein representant frå Innovest om pengane dei hadde ståande på konto, og deretter har pengane blitt overførde frå Innovest til arbeidsgivaren. Oslo tingrett kom i Gulsvik-saka fram til at pengane ikkje tilhøyrer UiB eller Helse Bergen, og det er uklart i kor stor grad dette kan gjelde også for andre pengar.

I eitt tilfelle sa ein forskar opp jobben i Helse Bergen, og ga frå seg resten av pengane på kontoen til sjukehuset.

Andre tilsette har følt seg truga til å gjere som leiinga i helseforetaket sa, ved at det kunne få konsekvensar for jobbsituasjonen deira. Men etter dommen i Oslo tingrett er det altså usikkert om arbeidsgivarane overhovudet hadde nokon rett til pengane.

– Vi er ikkje kjende med at nokon har opplevd dei samtalene som er blitt gjennomførde som trugande. Selskapet er under avvikling, så vi må uansettt ta stilling til vidare plassering av inneståande middel. No skal vi først gå gjennom dommen. Det må gjerast i dialog mellom Innovest, Helse Bergen og Universitetet i Bergen. Avtalane i denne saka var avvikande frå tilsvarande avtalar. Spørsmålet om eventuelle konsekvensar for andre avtaletilhøve får vi komme tilbake til når vi har gjort denne gjennomgangen, og tatt stilling til anke, seier Søreide i Helse Bergen.

Forelda styreansvar
Jussprofessor Rune Sæbø har på oppdrag frå universitetsleiinga skrive ei juridisk vurdering av eventuelt økonomisk eller straffeansvar Innovest-styret kan ha hatt i skandalen. Det er framleis hemmeleg, trass i at På Høyden har bedt om innsyn. Redaksjonen kjenner likevel hovudkonklusjonen, som er at eit eventuelt økonomisk ansvar uansett vil vere forelda. Advokatfirmaet Simonsen Vogt Wiig har tidlegare konkludert med at styret kunne ha eit ansvar, men at det kan vere forelda.

Rune Sæbø seier at han ikkje har gitt råd om UiB burde gå til sak mot Gulsvik eller ikkje, då han ikkje var inni saka då avgjerda blei tatt.

– Eg kom inn i saka i samband med spørsmålet å vurdere styreansvaret i fjor haust, seier Sæbø til På Høyden.

Må gjere ankevurdering
Helse Bergen og UiB har enno ikkje avgjord om dei skal anke til lagmannsretten eller ikkje. Saka har kosta kring 2,4 millionar kroner i advokathonorar så langt. I tillegg kjem dei 600 000 kroner Gulsvik skal ha utbetalt, om dommen blir ståande. 

– Eg har ikkje hatt tid til å lese dommen i detalj. Mitt inntrykk er at her har Gulsvik fått fullt gjennomslag for sin argumentasjon. Mitt førsteinntrykk er difor ein relativt tydeleg kritikk av våre institusjonar, seier rektor Dag Rune Olsen om saka. 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed