Heim til bror

Publisert:21. desember 2015Oppdatert:21. desember 2015, 09:28
Trond Markestad har sett veldig mange veldig små barn. No vert barnelegen og professoren pensjonist.
Friminutt:

Førre gong Trond Markestad prøvde å flytta austover enda det med pendling tilbake til Bergen. No vert barnelegen og professoren pensjonist, og flyttar heim til Toten, der søskenflokken bur i fire hus tett i tett.

Finst det foreldre som let babyar liggje på magen, spør trond Markestad, og konkluderer: Det er uforsvarleg! Foto: Tor Farstad

I 1999 flytta Trond Markestad heim til Toten. Saman med dei tre søskena bur han no på heimegarden broren overtok på tidleg 1970-tal. Allereie den gongen var avtalen at dei andre tre skulle få tomtar. Barnelegen og UiB-professoren vart kommuneoverlege i heimkommunen Vestre Toten. Men det gjekk ikkje lang tid før han vart lokka attende til byen på den andre sida av fjella. Denne gongen som professor II og forskingskoordinator på barneklinikken i femti prosent stilling. Framleis har han òg halv stilling ved Sjukehuset Innlandet.

Sjølvaste julaftan fyller han 70. Det betyr at dette er den siste ordinære veka ved UiB.

– Kona er allereie pensjonist, så kvar fjortande dag har me sett oss i bilen og køyrd over fjellet. Me har hatt med niste og termos og kosa oss, men no gler eg meg til å verta pensjonist. Det er mykje eg har skubba framfor meg, eg har sett fram til å gjera noko som ikkje har med medisin å gjera, seier Markestad.

– Eg bur som sagt på gard, og vil ta del i gardslivet, eg er glad i friluftsliv, og eg har hytte på Tysnes.

Døde barn nesten kvar veke
Det er dei minste av dei minste som har vore Markestad si oppgåve både som lege og professor. Allereie som ung legestudent bestemte han at det var barn han ville jobba med.

– Eit uvanleg val for ein ung mann?

– Då eg studerte, var det no flest menn som tok medisin. Eg har alltid likt barn, så å verta barnelege var planen heile tida.

Markestad arbeidde ved Barneklinikken på 1980-talet då dei urovekkande meldingane kom: Døde spedbarn. Særleg var det mange i Hordaland.

– Det var 25 barn i året som døydde i krybbedød. Det kom døde barn til sjukehuset kvar eller annakvar veke, seier Markestad.

I 1987 fekk psykolog Elin Hordvik eit ph.d.-stipend for å arbeida med psykisk støtte til foreldre som msita barn, betalt av Hjarteaksjonen. Markestad var rettleiar, og laga eit omfattande spørjeskjema som skulle brukast for kvart enkelt barn som døydde i krybebdød. I tillegg kom han i kontakt med to patologar frå Hong Kong.

– Der var det lite krybbedød. Det var to ting eg beit meg merke i: Ungane låg ikkje åleine, og dei sov på ryggen, fortel Markestad.

Han tok så kontakt med alle overjordmødre i landet.

– Tidlegare sov spedbarn på sida. Mageleiet kom snikande på 1970- og -80-talet. Ein meinte at det paradoksalt nok skulle beskytta mot krybbedød, mellom anna fordi ungane ikkje ville verta kvelt av oppkast. Ein meinte òg at barn som sov på magen ville få mindre hofteleddsproblem, seier Markestad.

Det som viste seg, var at det varierte frå fylke til fylke når helsesøstre og jordmødre gjekk ut med tilråing om at babyane skulle sova på magen og det var påfallande at talet på tilfelle av krybbedød auka markant på den tida dei endra sovestillinga.

Kan ha redda 3 000
Markestad gjorde òg andre undersøkingar og vart etter kvart sikker i si sak. I alle fall så sikker som han kunne vera. Som han sjølv tørt seier, kunne han ikkje akkurat ha ei kontrollgruppe. I november 1989 skreiv han eit brev til alle fødeavdelingane og helsestasjonane i Hordaland og let seg samstundes intervjua i lokale og nasjonale medium. Tilrådinga var klar: Nyfødde barn skulle sova på sida dei to første vekene. Deretter skulle dei sova på ryggen. I dag er tilrådinga berre ryggleie.

Effekten var dramatisk: Frå 144 tilfelle av krybbedød i 1989 vart talet halvert til året etter. I dag er det om lag 10-15 tilfelle av krybbedød i året.

– Har du nokon gong tenkt på kor mange barn du har redda?

– Nei. Dersom eg ikkje hadde funne ut dette, hadde nok nokon andre gjort det. Det var ei panisk stemning på denne tida, og alle foreldre greip tak i det nye rådet, seier Markestad.

Men med om lag 130 barn fleire døde barn i året enn ein har i dag, vert det over 3 000 barn fordelt på dei siste 25 åra.

Det Markestad har tenkt på, er kva som hadde skjedd om han ikkje hadde hatt rett.

– Eg hadde full oppbacking blant kollegaene på Barneklinikken. Men dersom eg hadde teke feil… Det hadde vorte vanskeleg å takla. Men liggestilling var den einaste årsaka eg kunne tenkja meg.

Framleis veit ein ikkje heilt kvifor barna døydde då dei låg på magen, og ein veit heller ikkje kvifor nokre barn døyr plutseleg i dag. Men det ein veit, er at i dag er dei uventa dødsfalla spreidde over det første leveåret. Tidlegare var dei fleste tilfella av krybbedød blant barn frå to til fire månader.

– Når dei låg på magen, trur me rett og slett at det handla om surstoffmangel. Babyar på denne alderen er hjelpelause når dei ligg på magen, dei klarar ikkje å snu seg, seier Markestad.

– Kva tenkjer du om foreldre som legg barna sine på magen i dag?

– Er det verkeleg nokon som gjer det? Det meiner eg er uforsvarleg. Det var nokre fysioterapeutar som var uroa for at ryggleie ville gjera at barna vart seinare motorisk utvikla. Det er berre tøys. Om dagen skal babyane øva på å ligga på magen når dei er under tilsyn, men dei skal sova på ryggen, slær professoren fast.

Kor små skal dei vera?
Inne på nyføddintensiven ligg det pittesmå menneske i kuvøsene. Ei mor går forbi med ei brystpumpe.

Mange av desse små går det bra med. Men ikkje alle. Og kor bør eigentleg grensa mellom liv og død gå? Eit vanskeleg spørsmål, òg for Markestad, som har vore leiar for Rådet for legeetikk i åtte år.

– Frå svangerskapsveke 24 satsar me fullt ut, men det er diskusjonsgrunnlag i veke 23. Me snakkar grundig med foreldra. Dersom det ikkje er noko spesielt gale med barnet, er det gode prognosar for å overleva etter 24 veker i mors liv. Samstundes opplever me av og til at barnet er meir vitalt enn forventa før 24 veker. Det vil difor alltid vera ein røynd barnelege til stades, seier Markestad.

Han seier at nordiske land er ganske liberale, og at ein no diskuterer om ein kan redda barn fødde i veke 22. I så fall er svangerskapet berre vel halvgått.

– I andre land i Europa er dei strengare. Eg såg ei undersøking frå Frankrike. Av 400 for tidleg fødde barn, var det berre eitt fødd i veke 23 som overlevde.

– Er det foreldre som takkar nei til at de skal prøva å redda barn som er fødde så mykje for tidleg?

– Det er det. Å verta fødd så tidleg er ein stor belastning for barnet. Førebels veit me heller ikkje så mykje om korleis det går med dei vidare. Men me veit at mange av dei får ulike former som hjerneskade, cerepral parese og lærevanskar. Tidlegare døydde mange for tidleg fødde barn av lungeproblem. Det gjer dei ikkje lenger, seier Markestad.

Mange av dei som vert fødde så altfor, altfor tidleg vert tekne med planlagt keisersnitt. Det vert gjort anten fordi fosteret ikkje har det bra i magen, eller at svangerskapet er farleg for mor, til dømes kan ho ha fått svangerskapsforgiftning.

– Kor liten er den minste babyen du har redda?

– Om lag 400 gram og 30 centimeter. Men me er ikkje så opptekne av storleiken, me er mest opptekne av svangerskapsalder. Samstundes, dersom ein er veksthemma og i tillegg for tidleg fødd, gir ikkje det så gode odds.

– Ein revolusjon
– Kan ein som lege nokon gong verta van til å sjå døde barn?

– Ein får jo eit profesjonelt forhold til det. I nyføddmedisin er det så mange. Eg trur òg folk flest i større grad aksepterer å mista eit alvorleg sjukt nyfødd, kanskje for tidleg fødd, barn. Eg synest det er verre med dei barna som døyr ein brå død, anten i ulukker eller til dømes av hjernehinnebetennelse. Det har eg aldri vorte van til.

Førre veke skreiv fleire aviser at ulukka i Vaksdal, der ein 6-åring omkom, var den første trafikkulukka i år der eit lite barn mista livet. Markestad seier at mange av dei verkeleg sjuke barna, dei ser ein heller ikkje lenger. Årsak: Vaksinasjonsprogrammet.

– I trippelvaksina, som alle norske barn får tilbod om i det første året, har det kome inn ein komponent mot alvorleg krupp og ein mot hjernehinnebetennelse. Det har ført til at dette er sjukdommar ein knapt ser lenger. Det er ein revolusjon! Men dette skjønar ikkje folk, seier professoren, og viser til vaksinedebatten som har rast dei siste par åra.

– Eg har sjølv barn, og har aldri tenkt at det var eit alternativ å ikkje vaksinera dei. Kva er argumenta mot vaksinasjon? 

– Det er ei form for motrørsle.Men eg synest det er vanskeleg å skjøna det. Det er både uforsvarleg og illojalt. Illojalt fordi dei barna som ikkje toler det, til dømes barn med kreft, vil kunne verta sjuke. Ein må ha 95 prosent dekning for å hindra utbrot, seier Markestad.

Abort, omskjering, sjølvmord
Professoren er van til å ytra seg i media. Som leiar for Rådet for legeetikk har han uttalt seg mellom anna om legeassistert sjølvmord, omskjering av gutar, prioriteringar i helsevesenet – og i den såkalla reservasjonsrettsaka som handla om legar skulle kunne nekta å visa kvinner som ønska å ta abort vidare.

– Reservasjonsmoglegheit, seier Markestad, som støtta forslaget, og meiner at heile debatten vart skeiv.

Uansett meiner han at forskarar har ei plikt til å både stå for det ein meiner til og til å formidla kunnskap. Som tilsett av staten Noreg må ein gi kunnskap tilbake.

– Folk er opptekne av helse, og får råd av alle slag. Vårt ansvar som legar er å gi fornuftige råd. Me har ikkje lov til å verken utføra eller tilrå alternativ behandling. Det me gir råd om, bør vera kunnskapsbasert, seier Markestad.

– Kva tenkjer du om alle dei som spør «doktor google» før dei kontaktar ein vanleg lege?

– Det tenkjer eg er greitt. Folk veit meir om helsespørsmål no enn tidlegare. Legar møter gjerne foreldre som veit meir om barna sin sjukdom enn kva legen gjer. Då vert det legen si oppgåve å setja opplysningane i perspektiv.

Ikkje van med å feira
Men no er det altså slutt, i alle fall nesten. Markestad skal framleis vera knytt til UiB som emeritus, og han har barn og barnebarn som bur i Bergen. Men sjølv skal han altså bu saman med søskena på garden.

– Me har alltid vore gode venner. No er det nevøen min som driv garden, seier Markestad.

– Vert det noko bursdagsfeiring?

– Eg er ikkje van med det. Eg vaks jo opp på gard, så det var ikkje tid til slikt. Eg fekk ei ekstra merksemd om morgonen julaftan. Men eg skal feira litt etter nyttår. Og på julaftan skal eg ha ein brunsj med dei næraste på garden; barna, svigerbarna og barnebarna.

Dei feirar oftast jul på Toten. Men sidan barna vaks opp i Bergen, vart ikkje dei med på flyttelasset austover.

– Ungane hamna i Bergen, så no er dei tapt. Og barnebarna snakkar kav bergensk, humrar Markestad.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed