Gulsvik vann over Helse Bergen og universitetet

Publisert:1. desember 2015Oppdatert:2. desember 2015, 16:17
Amund Gulsvik (til venstre) blei frifunnen frå kravet hans tidlegare arbeidsgivarar hadde stilt, om å betale kring 4,7 millionar kronar tilbake av løn han hadde fått utbetalt frå Innovest AS. Dermed må Trond Søreide (til høgre) på vegne av Helse Bergen saman med UiB ut med 3 millionar kroner.

Universitet i Bergen og Helse Bergen må ut med meir enn 3 millionar kroner etter å ha tapt fullstendig mot Amund Gulsvik i retten. I tillegg har dei tapt eigarskap til kring 8,7 millionar kroner dei meinte var deira.

Hans tidlegare arbeidsgivarar ville ha tilbakebetalt kring 4,7 millionar kroner dei meinte han uriktig hadde fått utbetalt i løn gjennom selskapet Innovest AS, men blei ikkje høyrde med dette i Oslo tingrett. UiB og helseforetaket meinte og at dei eig dei resterande 4 millionane etter GenKols-prosjektet, men dette avviste retten fullstendig.

Retten kom og til at Gulsvik har krav på å få utbetalt 600 000 kroner som han har jobba for sidan han blei nekta lønsutbetaling. Dei må òg betale over 1,3 millionar kroner til Gulsviks advokatar, og har ei like stor rekning sjølv. Dermed blir utgiftene skattebetalarane må bere på minst 3,2 millionar kroner, i tillegg til tapet på 8,7 millionar kroner dei ikkje fekk tilbake av retten. Dersom saka blir anka til lagmannsretten kan det bli nye millionar. 

– Ønskjer det ikkje for nokon
– Dette er ei gledens dag. Eg får tillit til det norske rettsvesenet på grunn av dette. Oslo tingrett har stadfesta at eg ikkje har gjort noko galt, seier Gulsvik til På Høyden. 

Advokatane hans er nøgde med dommen, men det er enno ikkje klart om Helse Bergen og Universitetet i Bergen vil anke saka.

– Eg fryktar ikkje ein anke. Men kva UiB og Helse Bergen vil gjere har eg ikkje noka meining om. Men eg klar for ein ny runde, seier Gulsvik. 

Saka har kosta han to år med uro, sjølv om han heile tida har vore sikker på at han har hatt retten på si side. 

– Det har vore ein periode med mykje stress. Eg ønskjer ikkje at nokon andre skal oppleve slikt. 

Kan hjelpe andre
No vonar han at andre òg kan ha nytte av domen, ettersom kring 1000 personar har hatt kontoar i Innovest. I dei fleste tilfella har pengane blitt overført til arbeidsgivarane, UiB og Helse Bergen. 

– Eg har oppfatta meg sjølv som eit edrueleg og rettsskaffent menneske i dei drøyt 70 åra eg har levd, og dette er første gong eg har vore involvert som part i ei rettssak. Denne dommen betyr sjølvsagt at eg har fått ei god oppleving av norsk rettsvesen, seier Gulsvik.

Og i kveld blir det feiring heime med kona og den næraste familien. 

I dommen konkluderer Oslo tingrett mellom anna med at Helse Bergen og Universitetet i Bergen aldri har hatt nokon eigedomsrett til dei gjenverande pengane etter GenKols-prosjektet, som blei starta i 2002. Det var heile tida berre Gulsvik og Innovest som var nemnde i kontraktane rundt pengane, mens Helse Bergen og UiB ikkje har vore det. 

Retten meiner og at Gulsvik heile tida har vore i god tro, og retten poengterer at Gulsvik hadde fått utbetalt pengar i ni år, som spesifisert i kontrakten hans. Tingrettsdomar Annette Barth konkluderer med at Helse Bergen og Universitetet i Bergen aldri har vore nokon part i avtalen med Gulsvik, og at eit eventuelt tilbakebetalingskrav måtte ha blitt fremja av Innovest, ikkje eigarane av aksjeselskapet. 

Helse Bergen og UiB ikkje partar
– Det var bra, dette her. Ein blir alltid glad når klientane vinn, seier advokat Håkon Brækhus

Han kan konstatere at retten stort sett var fullstendig einig i hans argumentasjon: Det var Gulsvik, Innovest og GlaxoSmithKline som var parter i avtalen om lungeforsking i Bergen, og Helse Bergen og UiB har ikkje noko krav på midlane.

Det var òg slik det sto i kontraktene.

– Det enkle er ofte det beste. Å lese kva som står i avtalen er ofte ein god start.

– Alt dette har jo vore kjent for motparten: Korleis dei ulike vitna såg på det, og kva som sto i avtalen. Avtalen var underskriven av Gulsvik, direktør i GSK og direktør i Innovest AS. Alle desse meinte at dei skreiv under for dei partane som er nemnde i avtalen. Eg synest at dei aldri burde ha ført denne saka for retten, seier Brækhus.

Han er òg lei seg på Gulsviks vegne.

– Han har bygd opp lungeavdelinga til å bli ein framifrå forskingsinstitusjon i europeisk samanheng, og så blir ein anklaga for å ha gjort noko galt etterpå. Mens Gulsvik eigentleg har gjort alt lovleg og rettmessig. Desstuan har GenKols-prosjektet gitt samfunnet ein masse framifrå forsking. Eg synest det er billeg at ein kan få ein av dei framste professorane og lungelegane i landet til å forske for 5-600 kroner timen på feltet, seier advokaten.

Kan forske framleis
Gulsvik har òg fått dom på at han kan halde fram med forskinga, ettersom avtalen med Innovest aldri er sagt opp. 

– Vi har tenkt å bruke tid på å lese gjennom domen, og snakke med både Helse Bergen, UiB og Innovest. Før det har vi ikkje så mykje å seie, seier personaldirektør Trond Søreide i Helse Bergen, som òg er styreleiar i Innovest. 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed