Difor vil Innovest-skandalen skje att

Publisert:18. desember 2015Oppdatert:18. desember 2015, 10:04
Det største økonomiske tapet i Innovest-skandalen er feilslåtte investeringar dei ansvarlege har gjort. Illusjonar om at Helse Bergen og Universitetet i Bergen er i stand til å rydde opp på ein open og uhilda måte har òg gått tapt for nokre av oss som har følgd skandalen.
KOMMENTAR:

Leiinga i Helse Bergen og ved Universitetet i Bergen skal i desse dagar avgjere om dei vil anke dommen i Gulsvik-saka. Dei burde heller få nokon til å vurdere eigen innsats.

Innovest-skandalen har blitt ein brysam flekk på CV-en til medisinsk forsking i Bergen. Leiinga  i Helse Bergen og på UiB ser ut til å ha meint at Innovest tillot ei uforsvarleg forvalting av forskingsmidlar, fordi einskildforskarar mellom anna hadde høve til å ta ut pengar til eiga løn. Men heldigvis var det berre ein handfull som var så «umoralske» at dei tok ut pengar for forskinga si.

Slik har retorikken frå ansvarlege leiarar i dei to offentlege institusjonane vore, og dei har følgd opp med handlingar for å understreke soga dei har fortald oss: Per Bakke (biletet) blei meld til politiet, som kunne konstatere at det ikkje var noko grunnlag for å tiltale han for noko straffbart. Deretter truga Helse Bergen han med eit håplaust sivilt søksmål, på same tid som dei øydela for han i jobben som professor ved universitetet ved å nekte han tilgang til pasientar, og det heile enda med forlik.

Utan hald i jussen
Amund Gulsvik slapp merkeleg nok å bli meld til politiet av sine tidlegare arbeidsgivarar. Men mannen, som har det framifrå lungeforskingsmiljøet i Bergen som livsverk å sjå tilbake på, fekk merke påkjenninga det er å bruke to år av pensjonistlivet sitt på ei rettssak. Etter tingrettsdommen framstår søksmålet mot ein mangeårig lojal tilsett som særleg grunnlaust.

Helse Bergen og UiB har framstilt Bakke og Gulsvik (biletet) som ansvarlege for at Innovest AS blei eit skandaleselskap. Ein kan sjølvsagt meine at dei to forskarane har forsynt seg for grådig av forskingspengane, ved å ta ut store summar under opphald i USA i Bakkes tilfelle, eller å sikre seg ei god biinntekt som pensjonist slik Gulsvik har gjort. Men etter ei etterforsking og ei rettssak er det klart at ein ikkje finn støtte for dette i jussen.

Forskarforbundet spør med ujamne mellomrom medlemene sine kor mykje dei jobbar, og konklusjonen blir alltid at dei jobbar langt meir enn dei får betalt for. Gulsvik og Bakke har vore langt heldigare enn mange forskarar, og har kunna hente ei løn som svarer betre til innsatsen. Men på eitt punkt har dei to eit særleg ansvar: Innovest var organisert slik at dei sjølv var med på å godkjenne eigne uttak. At slike rutiner ikkje er sunne burde òg dei ha varsla om.

Skulle rydde etter rotet
Men det var altså ikkje Bakke og Gulsvik som skapte Innovest-systemet. Det ansvaret har toppleiinga i Helse Bergen og UiB på slutten av 1990- og byrjinga av 2000-talet. Kåre Rommetveit (biletet) var styreleiar då selskapet blei registrert i 2001. Aksjeselskapet Innovest skulle huse legemiddelutprøving og andre eksternfinansierte prosjekt som ikkje heilt passa inn verken hos UiB eller Helse Bergen. Det paradoksale – og skremmande – er at Innovest skulle ta over for meir rotete og uoversiktlege ordningar som eksisterte tidlegare.

Store prosjekt blei løfta inn i Innovest; ti millionar her, femti millionar der. Arne Godal blei tilsett for å administrere det heile på ein effektiv og meir ubyråkratisk måte enn kva administrasjonane til eigarane kunne by på. Dette fikk han til med glans, og fekk i hamn avtaler med private selskap som ga særs solide overskot. I dei fleste åra av Innovests eksistens var det Stener Kvinnsland som var styreleiar, og difor hadde meir kontakt med administrerande direktør enn resten av styret. Alt gikk på skinner inntil Kunnskapsdepartementet i 2007 presiserte korleis forskingsmiddel skulle handterast: Innanfor institusjonen, ikkje i selskap av typen Innovest.

Men det skulle ta årevis før eigarane gjorde noko med Innovest: Stener Kvinnsland (biletet) i Helse Bergen krangla med dåverande UiB-direktør Kari Tove Elvbakken, som både ville ha meir pengar frå Innovest for bruk av UiBs laboratorium og andre tenester, og kravde innsyn i økonomien til selskapet og i utbetalingar til einskildforskarar. Arne Godal var ein eigenrådig – men effektiv – direktør for selskapet, utan sans for det meir omstendelege statsbyråkratiet hos eigarane. Han henta inn store kontraktar, og administrerte forsking for over ein milliard kroner opp gjennom åra.

Brukte 15 millionar kroner på risikoinvesteringar
Frå 2008 og utover byrja varsla å komme: UiB blei nekta innsyn i økonomien, fleire revisorrapportar konkluderte med at det burde ryddast opp, sjølv om Innovest sin revisor, Ernst & Young, aldri hadde slått alarm.

I desember 2012 fekk Helse Bergen ein kritisk rapport dei hadde fått lagd, og Stener Kvinnsland trekte seg som styreleiar like før rapporten kom. Hans nestkommanderande, økonomidirektør Eivind Hansen kom inn som ryddegut, saman med noverande universitetsdirektør Kjell Bernstrøm. Det gjorde vondt langt inni revisorhjarta deira då dei fann ut at det var fullt muleg at forskarar kunne ta ut pengar til personleg vinning i Innovest, utanfor kontroll av dei to institusjonane dei leia.

Men hovudkonklusjonen blei likevel at stort sett alle hadde oppført seg bra, og berre uttaka til nokre få forskarar blei peikt ut til å prøvast rettsleg. Gulsvik og Bakke sine saker blei brakt inn for rettsvesenet, men òg for dei er konklusjonen at det ikkje har skjedd noko galt.

Amund Gulsvik blei saksøkt for kring 4,6 millionar kroner, i tillegg til 4,1 millionar som framleis står på kontoen hans. Men pengane eigarane har sølt vekk på risikoinvesteringar har det vore mykje mindre snakk om. UiB og Helse Bergen har betalt inn tilsaman 15 millionar kroner for å unngå konkurs i Innovest. Dette er pengar eigarane har lånt av Innovest for å investere i diverse oppstartselskap innanfor medisin, med svært høg risiko. Investeringane har gått dårleg, og skattebetalarane må ta smellen. Om det offentlege skulle minimere sine tap hadde det vore betre å slå Innovest konkurs, men dette har ikkje skjedd då det kunne ført til at eigarane tapte både ansikt og omdømme når nye kontraktar skal skrivast med dei same finansieringskjeldene.

Kven er dei skuldige?
Truleg har ingen i dag eit juridisk ansvar for skandalen: Krav er forelda, eller så har ikkje kvar og ein nok skuld til å utløyse eit ansvar, enten det gjeld eigarar, styremedlem, dagleg leiar eller kvar og ein kontohavar i Innovest.

Men ein kan sjølvsagt spørje seg kva dei som oppretta Innovest tenkte på då dei oppretta eit system der eit av måla var å omgå eit byråkrati som mellom anna skal sørgje for at offentlege og andre forskingspengar ikkje hamnar i private lommer i utrengsmål.

Og kor var revisor Ernst & Young som i årevis godkjende rekneskapa til Innovest? Då oppryddinga tok til kom det fram at feil rekneskapsprinsipp var brukt heile tida.

Korleis kunne Stener Kvinnsland og andre styremedlem i år etter år godkjenne alt ved drifta, utan å stille spørsmål kring økonomirutiner, biinntekter, utbetalingar og lojalitetskonfliktar for forskarar og andre som jobba både for Innovest og eigarane?

Hemmelege UiB
Årsaka til at Innovest-skandalen kjem til å gjenta seg, finn vi heilt på toppen: Hos UiB var det tidlegare enn hos Helse Bergen ein vilje til å finne ut kva som skjedde i Innovest. Men undersøkingane blei haldne hemmelege, og berre administrasjonen og universitetsstyret var informerte om revisorrapportar og anna. Å få dokument ut frå UiB-administrasjonen har vore ein kamp for dei to mediene som har interessert seg for saka: Bergens Tidende og På Høyden. Innovestsaka har gått for lukka dører i universitetsstyret, og verken vald leiing eller styremedlem har så vidt vi kjenner til vist vilje til å opne dørene.

Innovestsaka har gått for lukka dører i universitetsstyret

Ein hadde sjølvsagt ikkje unngått skandalen på grunn av ei meir open linje frå UiB, men om det offentlege hadde fått vite om faresignala før, kunne oppryddinga skjedd tidlegare.

Ugilde Helse Bergen
I Helse Bergen har leiinga òg svikta. Ansvaret ligg sjølvsagt særleg hos Stener Kvinnsland, for ingen eigarrepresentantar kjende betre til kva som skjedde i Innovest enn han. Vidare har både han og Eivind Hansen svikta då Kvinnsland sette nestkommanderande Hansen inn for å gjere ryddejobben. Det var openbart at styreleiar Kvinnsland kunne sitje med eit ansvar i saka, og hans næraste underordna er då ugild som granskar. Ryddejobben virkar likevel å vere grundig utført, men dei juridiske vurderingane som er gjort i etterkant ser i beste fall ut til å ha vore svært subjektive, noko vurderingane frå etterforskarar og domstol underbyggjer.

Styreleiar Ranveig Frøiland har grovt forsømt sine plikter

Styret i Helse Bergen med styreleiar Ranveig Frøiland (biletet) har grovt forsømt sine plikter ved å la leiarar som har eit betydeleg ansvar for skandalen rydde opp. Styret har ikkje eingong fått vurdert kva juridisk ansvar Innovest-styret kan ha hatt i saka, og Helse Bergen har òg fått vel fortent kritikk frå Riksrevisjonen, noko UiB har unngått. Ryddejobben burde vore utført av eksterne, uhilda personar. Begge styra burde òg fått vurdert om Innovest-styret gjekk ut over sine fullmakter då dei investerte millionar av lånte kroner på risikoprosjekt private investorar takka nei til.

At to institusjonar som forvaltar milliardar for samfunnet ikkje ryddar betre opp etter seg er eit frampeik om skandalar som skal komme.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed