Dette vil fakulteta gjere med Uni Research

Publisert:11. desember 2015Oppdatert:11. desember 2015, 12:29
Aina Berg, Knut Helland og Dag Rune Olsen ser alle etter nye løysingar for samarbeidet mellom Uni Research og Universitetet i Bergen.

Avstanden var så stor mellom UiB og Uni Research at arbeidet med ein samla strategi blei avslutta. Lista over kva dei vil gjere med Uni Research har vore hemmelegstempla av universitetsleiinga.

Kva som skal gjerast med UiBs dotterselskap Uni Research har vore oppe i universitetsstyret to gonger i haust. Begge gonger har sakene gått for lukka dører, og med hemmelegstempla sakspapir. På Høyden har no fått innsyn i begge sakene.

For stor avstand
Av den første saka går det fram at avstanden mellom strategiane og synkroniseringa av desse i dei to organisasjonane var stor: «Det viste seg at avstanden i forhold til viktigste strategiske spørsmål var stor mellom UiB og Uni Research. På dette grunnlag valgte universitetsledelsen å stille arbeidsgruppen i bero.»

Arbeidsgruppa, leia av prorektor Anne Lise Fimreite, skal no halde fram, og to representantar frå Uni er tatt med.  

Universitetsstyret har avgjort at dei vil sjå på to alternativ: Det eine inneber at det blir fleire virkemiddel for samarbeid mellom Uni og UiB, mens det andre alternativet inneber ein heilt eller delvis fusjon mellom institusjonane.

– Her er det viktig å seie at vi overhovudet ikkje har konkludert, seier Anne Lise Fimreite.

Dårleg oppfølging
Arbeidsgruppa til UiB konkluderte likevel med at eigarskapet UiB har i Uni Research og andre selskap dårleg handsama. Eit vedtak frå 2007 om korleis eigarskapen skal styrast er berre delvis følgd opp av noverande og tidlegare universitetsleiingar.

Det samfunnsvitskaplege fakultetet samarbeider særleg med Uni gjennom Uni Research Rokkansenteret, noko dei meiner har gitt stor uttelling over tid. Dekan Knut Helland viser og til at samarbeidet er viktig då ein kan tilsetje folk i mellombels prosjektstillingar gjennom Uni-systemet. Men det finst utfordringar: «I den siste tiden synes Uni-systemet i større grad enn tidligere å legge til rette for å dra på UiB sine ressurser for å skape større merverdi for Uni sin virksomhet», skriver SV-fakultetet i sitt høringssvar.

Det humanistiske fakultetet skriv at «I dag fremstår Unis rolle i UiBs strategi som uklar. Også administrative og tekniske støttetjenester fra Uni ligger nå på et så høyt prisnivå at fakultetet har måttet finne andre samarbeidspartnere for slike tjenester.» Fakultetet meiner det er uklart om UiB og Uni skal utvikle komplementære eller konkurrerande profilar, og ønskjer ei tydeleg arbeidsdeling, samt betre koordinering av søknadsprosessar.

Vil ha samlokalisering
Realfagsmiljøet ved UiB står for mykje av den eksternfinansierte forskinga, og ønskjer langt tettare dialog med Uni. Mat.-nat.-miljøet meiner at leiarar på fakultets- og instituttnivå bør sitje i styret til Uni eller på andre måtar vere involvert i leiinga av selskapet og dei mange avdelingane, og på same måte at Uni-tilsette kan sitje i råd og styre på universitetet.

Men kanskje må ein leggje om samarbeidet endå meir radikalt, mener Mat.-nat: «De siste årene kan tyde på at et selskap som har operert så uavhengig av UiBs strategiske ledelse som Uni Research har gjort, vanskelig kan fylle en rolle som virkemiddel for å oppfylle UiBs oppdrag» heiter det i høyringssvaret.

Mens fagmiljøet på CMR blir oppfatta som komplementært til UiB, har Uni i stor grad overlappande kompetanse, meiner realistane. For å byggje gode kunnskapsklynger og dele infrastruktur vil dei ha klimaforskarar frå både Uni Research Klima, Nansensenteret og Havforskingsinstituttet inn i universitetet sine lokale i Jahnebakken. Uni Research CIPR bør vere nær geo- og kjemimiljøet i Realfagsbygget, Uni Research Miljø tett på biobygga, og Uni Research Computing bør lokaliserast nær informatikk- og matematikkmiljøa ved universitetet.

Det medisinsk-odontologiske fakultetet ber om tett intergrering med Uni, slik at det ikkje blir konkurranse mellom dei og institutta ved MOF, og at det ikkje blir to separate miljø.

Åtvarar mot bistillingar
Det juridiske fakultetet vil ha meir nettverksbygging med Uni, mens dekan Jarle Eid ved Det psykologiske fakultetet fryktar at ein går glipp av pengar på grunn av dårleg koordinering av søknader.

«En åpenbar svakhet ved dagens modell er et fullstendig fravær av samarbeidsorgan eller strategiske prosesser for å utvikle forskningstema og profiler gjennom samhandling mellom parallelle og konkurrerende miljøer (…) Det fører til unødvendig dobbeltarbeid, konkurranse og til dels konflikter mellom forskere som innser at de har lagt ned mye tid og krefter i prosjekter som ikke når opp i en nasjonal eller internasjonal konkurranse.»

Psykologane vil òg vere med i styrande organ i Uni, og dei meiner at ein bør vurdere å flytte forskinga rundt barnevern ut av Uni og inn på universitetet. Dette er eit grep ein allereie har gjort ved NTNU og UiT.

Eid åtvarer i høyringssvaret om at det kan vere uheldig å halde fram med ein praksis der forskarar som jobbar 100 prosent for UiB kan leggje eksternfinansierte prosjekt til Uni Research, og dermed gå opp 20 prosent i løn ved at dei får ei slik bistilling i Uni. Han fryktar at det kan føre til at forskingstid betalt av UiB blir brukt i prosjekt som Uni får resultatmidlar for.

– Eg problematiserer at det kan vere muleg. Det er tenkeleg at dette kan representere ei rollekonflikt i høve til hovudarbeidsgivar, seier Eid, som ikkje kjenner til konkrete tilfelle der dette har skjedd.  

– Det er uansett fornuftig å ta ein slik gjennomgang som universitetsstyret set i gang, seier Eid.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed