Viser forskinga si i beste sendetid

Publisert:26. november 2015Oppdatert:27. november 2015, 11:44

UiB og Uni Research-forskarar var på Svalbard i sommar. Torsdag får heile Noreg sjå kva det var dei gjorde der.

– På førehand syntest eg det var frykteleg å tenkja på at det skulle vera ein journalist med. Men det gjekk bra, smiler Aud Larsen.

Ho er forskar I ved Uni Research Miljø og prosjektleiar for det forskingsrådstøtta MicroPolar. I sommar var ho ein av om lag 25 forskarar som var på Svalbard i fleire veker. Med på store deler av turen var òg Ingvill Warholm frå Warholm Film. Resultatet vert vist i Schrødingers kattNRK1 torsdag. NRK Viten har laga ein liten smakebit som ligg på Facebook.

Liten krabat med stor rolle
Det handlar om klimaendringar. For kva skjer med alle dei små mikroorganismane i havet når klimaet endrar seg?

– Me ser på det mikrobielle næringsnettet, seier Gunnar Bratbak.

Han er professor i biologi og var òg på Svalbard i sommar.

– Me gjer mesokosmosforsøk, det vil seia at me brukar anten store tankar eller store plastposar og fyller dei med vatn. På den måten lukkar me inne eit heilt økosystem. Så gjer ein forsøk i løpet av to-tre veker, seier Bratbak.

Noko av det forskarane gjorde på Svalbard i sommar, var å enda innhaldet i tankane, mellom anna ved å setja til næringssalt og organisk materiale.

– Kva skjer med mikroorganismane då, spør Bratbak.

Filmen har tittelen «De usynlige hjelperne». Kva gjer klimaendringane med balansen mellom mikroalgar, som brukar CO2, og bakteriar, som produserer CO2? Og i neste omgang: Kva konsekvensar får dette for den globale temperaturauken? Det veit ikkje forskarane endå. Men dei veit at dei minste mikroalgane har ein hjelpar med på laget: Hoppekrepsen. Dei er så store som mygg, men små rovdyr som et mikroskopiske plantar og dyr. Og større organismar et hoppekrepsen igjen. Med andre ord har han ei avgjerande rolle i næringskjeden. 

Aud Larsen frå Uni Research og Gunnar Bratbak frå UiB var på Svalbard ein heil månad i sommar. Torsdag kveld vert forskinga deira vist i programmet Schrødingers katt på NRK1. Foto: Hilde Kristin Strand

– Vert ikkje betre formidling
Formidling gjennom film var med i prosjektsøknaden. Det er Kriss Rokkan Iversen, som har mastergrad frå UiB, doktorgrad frå UiT og no jobbar i kompetanseverksemda Salt, som er gjennomgangsfiguren i filmen.

– Dette er jo ikkje ein film som skildrar forskingsprosjektet, men som forklarar faget. Det er mikrobene som er i fokus, seier Bratbak.

At filmen vert vist på statskanalen er ein rein bouns.

– Det er veldig kjekt. Det vert nesten ikkje betre formidling enn dette, seier Larsen.

Ho er ein av fleire forskarar som er intervjua i filmen.

– Når eg tenkjer på det, vert eg eigentleg litt nervøs. Kva seier kollegaene mine når eg forenklar såpass mykje som eg gjer? Men dette er noko heilt anna enn å skriva ein vitskapeleg artikkel, seier Larsen.

– Eg er nøgd med å vera litt i bakgrunnen i filmen, humrar Bratbak.

Fem tokt
Forskingsprosjektet går over fire år med ei samla ramme på 23 millionar kroner. I fjor var forskarar på til saman fem tokt nord og vest for Svalbard, to turar til Grønland og ein til Ny-Ålesund på Svalbard. No gjer dei lab-arbeid og anna etterarbeid i Bergen.

– Ein del er gjort, men det er mykje att endå. Det tek særleg mykje tid å analysera arvematerialet til dei små mikrobene, seier Larsen.

 

 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed