Vann innovasjonspris for kjøp av ekstrem-ROV

Publisert:6. november 2015Oppdatert:6. november 2015, 14:36
Ægir 6000 er ein av svært få forskings-ROV'ar i verda som kan dykke ned til 6000 meter. Foto: Dag Hellesund

Innkjøpsavdelinga ved UiB fekk pris av Difi for kjøpet av undervassfarkosten Ægir 6000.

Denne veka arrangerer Difi, Direktoratet for forvaltning og IKT, Anskaffelseskonferansen, med prisutdeling til flinke innkjøparar i offentleg forvaltning.

Og på innovative innkjøp blei UiB best i klassen: I konkurranse med Trondheim kommune og Direktoratet for byggkvalitet var det innkjøpssjef Kjetil Skog og hans avdeling som stakk av med Innovasjonsprisen.

IT og undervassfarkost
Metodane UiB har brukt for å gjere uvanlege innkjøp ligg bak prisen: Når det offentlege treng utstyr eller tenester som ikkje finst, må innkjøparane definere godt kva arbeidsprosessar varer eller tenester skal gjere, og kva som er målet med innkjøpet.

Kjøp av IT-verktøy for konkurransegjennomføring og kontraktsadministrasjon, og elektronisk studentevaluering er to av prosjekta som var med i nominasjonen.

Det tredje var innkjøpet av ekstrem-ROV’en Ægir 6000, som er ein forskings-ROV som kan dykke ned til 6000 meters djupne. 

Angst for feil
Innkjøpssjef Kjetil Skog er glad for prisen, men synest sjølv at UiB ikkje gjer noko revolusjonerande. Men tal lagt fram på konferansen han har deltatt i syner at frykt og angst pregar mange innkjøpsprosessar i det offentlege. 

– Her på UiB utforskar og prøvar vi ut mulegheiter i langt større grad enn det som er vanleg i offentleg sektor. Angst for å gjere feil hindrar mange i å ha ein dialog med leverandørane. På UiB er vi medvetne på at vi vil ha nettopp dialog, seier Skog. 

Difor bruker han og kollegaene unntaksreglane for anbodskonkurransar i langt større grad enn det som er vanleg. 

– Det blir ikkje mykje innovasjon om du i detalj definerer korleis ein kaffikopp skal sjå ut, seier Skog. 

– Vi fortel kva mål vi har, og så er det opp til leverandøren å fortelje korleis vi kan må desse måla. 

 

Direktør Anita Krohn Traaseth i Innovasjon Norge delte ut prisen til innkjøpssjef Kjetil Skog. Til høgre avdelingsdirektør Dag Strømsnes i Difi. Foto: Stig Weston

Leverandør-skrekk
Tal frå Difi-konferansen viser at 80 prosent av innkjøparane vel såkalla opne konkurransar, der leverandørar kjem med anbod, utan ytterlegare tingingar etterpå. 

I staden kunne dei lagd konkurransar med tingingar etterpå. 

– Men mange i det offentlege er engstelege for at dei skal ha for mykje kontakt med leverandørane. 

UiB-innkjøparane innhentar òg mykje informasjon frå marknaden på førehand. Deretter fortel dei heller leverandørane målet med ein konkurranse, og let dei svare på korleis det kan nåast. 

– Det er kjekt at vi ikkje berre får det til på forskingssida ved UiB, men òg på den administrative sida, seier Skog om prisen.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed