Universitetet vil vurdere banda til Uni Research

Publisert:30. november 2015Oppdatert:30. november 2015, 11:20
Uni Research driv med mange ulike typar forsking. Lakseforsking er ei av dei. Her fangar Eirik Straume Normann inn ein laks i Bolstadfjorden.

UiB vil sjå på korleis ein kan få til betre samarbeid med forskningsinstituttet dei eig, Uni Research. Dermed er ein endå større del av forskingssektoren på Vestlandet i spel.

– Universitetsstyret har avgjort å greie ut ulike tilknytingsformer mellom UiB og Uni Research, seier rektor Dag Rune Olsen.

Bakgrunnen er mellom anna Nifu-rapporten Bedre sammen, som peiker på omfattande samarbeidsproblem mellom NTNU og Sintef. Manglande forståing for kvarandres rammevilkår, samarbeidsordningar som mest fungerer symbolsk, ujamn balanse til dømes når det gjeld doktorgradsutdanning, er berre nokre av utfordringane rapporten peiker på.

Veldig mange av funna frå NTNU og Sintef kjenner folk her i Bergen seg igjen i.

Kjenner seg igjen
– Poenget no er berre at vi skal greie ut tilknytinga. Men veldig mange av funna frå NTNU og Sintef kjenner folk her i Bergen seg igjen i. Dessutan er det ei utvikling kring dette i sektoren, seier Olsen til På Høyden.

Det finst ulike måter å samarbeide med forskingsinstitutt ein er eigar av. Ein kan lage ei klarare oppgåvedeling mellom grunnforsking og oppdragsforsking, der mor-institusjonen tek seg av førstnemnde, mens oppdragsforskinga foregår i instituttsektoren. Eit heilt anna utfall av prosessen kan bli å ta forskingsaktiviteten på instituttet inn i mor-institusjonen. Frå departementshald er ønsket å få meir robuste forskingsmiljø, som mellom anna kan stå sterkare i konkurransen om EU-midlar.

Allmøte på Uni
– Vi har eit potensial til å bli betre saman. No skal det setjast ned ei arbeidsgruppe, og vi skal ha to representantar i gruppa, seier administrerande direktør Aina Berg (biletet) i Uni Research.

Ho har absolutt tru på at samarbeidet kan bli betre.

– Dette er eit viktig arbeid, og fleire modellar skal utgreiast, seier Berg.

Prosessen blir tema på eit allmøte på Uni Research onsdag denne veka.

Ei utfordring kan vere at institutt og universitet har ulike system for resultatbasert avlønning.

– Men tellekantane som vi blir vurderte på er blitt likare og likare, og det kan føre til interessekonflikter. Med rammevilkåra vi har i dag meiner eg likevel at ein kan vere meir fleksibel ved å spele på to ulike organisasjonar. Og vi i Bergen må stå saman, for konkurransen vi møter er nasjonal og internasjonal, seier Berg.

– Vi har forsking som næring
Rektoratet ved UiB har tatt til orde for å slå saman Uni Research, Christian Michelsen Research (CMR) til eitt forskingsinstitutt, noko som falt i smak i Kunnskapsdepartementet, som ønskjer seg større einingar. Leiinga ved Nansensenteret likte ikkje ideen særleg godt, mens Uni og CMR har starta ein prosess for å finne ut om dette er tenleg.

– Dette er ikkje eit signal om at UiB ønskjer at vi skal avslutte prosessen med CMR. Men det må avklarast korleis desse prosessane skal køyrast i høve til kvarandre.

Vi har forsking som næring, og vi må alltid finne nokon som har bruk for det vi gjer.

– Kva tenkjer du dersom det ender med at UiB vil leggje ned Uni, og løfte aktiviteten inn i UiB?

– Med dei rammevilkåra vi har i dag synest eg ikkje at det ville vere ein klok ting å gjere. Det ville gitt oss mindre fleksibilitet å spele på. Vi har forsking som næring, og vi må alltid finne nokon som har bruk for det vi gjer. Vi er særs vande med å jobbe slik, og vi har ein administrasjon som er sett saman for oppdragsforsking. Fleksibilitet og å kunne snu seg raskt er vår spesialitet. Universitetet skal vere litt meir supertankar, ta seg av utdanning og den meir varige delen av forskinga, seier Berg.

Ho er open for at verda kan endre seg, men slik det ser ut i dag, er ho ikkje i tvil:

– Vi er skrudd saman på to forskjellige måtar. Gjennom godt samarbeid kan vi utnytte dette slik at vi står sterkare i konkurransen.  

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed