UiB heldt søkjarar hemmeleg

Publisert:17. november 2015Oppdatert:17. april 2018, 22:29
UiB braut lova då universitetsdirektør Kjell Bernstrøm skulle få ein assisterande universitetsdirektør, slær Sivilombodsmannen fast.

UiB hadde samtalar med fleire kandidatar som var interesserte i stillinga som assisterande universitetsdirektør utan å føra personane opp på søkjarlista. Det skulle dei ha gjort, seier Sivilombodsmannen.

«Den valgte framgangsmåten bryter med offentleglovas grunnleggende prinsipp om åpenhet i tilsettingssaker, og det bes om at fremtidig tilsettingspraksis innrettes i tråd med ombudsmannens syn».

Det heiter det i brevet Sivilombodsmannen sendte til UiB før helga.

– Søkte ikkje
Bakgrunnen for saka er at På Høyden klaga UiB inn til ombodsmannen. Redaksjonen ba om innsyn i søkjarlista til stillinga som assisterande universitetsdirektør.

UiB brukte eit rekrutteringsbyrå i arbeidet med å finna dei beste kandidatane. Redaksjonen mistenkte difor at det hadde vore kandidatar inne i biletet som ikkje stod på den offisielle søkjarlista. Universitetsdirektør Kjell Bernstrøm stadfesta dette. I intervju med På Høyden 22. mai sa han at «det er andre kandidatar til vurdering, men dei har ikkje søkt endå».

I Offentleglova heiter det at «organet skal snarast etter at søknadsfristen er gått ut, setje opp ei søkjarliste som skal innehalde namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustad- eller arbeidskommune for kvar søkjar».

På Høyden klaga difor til Sivilombodsmannen.

I svar til ombodsmannen frå UiB kjem det fram at det var to kandidatar som var inne til samtalar med UiB og representantar for rekrutteringbyrået. I tillegg var Tore Tungodden, som hadde vore konstituert i stillinga og fekk jobben, inne til samtale. UiB skriv at for alle tre danna møta eit vurderingsgrunnlag for forslagskomiteen med sikte på kven som skulle verta invitert til testar og andregangsintervju. Dei to eksterne kandidatane vart oppfatta som mindre aktuelle enn Tungodden.

– Bryt grunnleggande prinsipp
Ombodsmannen skriv at formålet synest å ha vore å få klargjort kven av dei tre personane som var best kvalifisert for stillinga, og at samtalane dermed gjekk lenger enn å avklara om dei aktuelle personane kunne vera interesserte i å verta vurdert for stillinga. «Etter ombudsmannens syn bryter universitets fremgangsmåte i denne saken med offentleglovas grunnleggende prinsipp om åpenhet i tilsettingssaker. Søkerlisten forutsettes å skulle gi et dekkende bilde av de kandidatene som har vært vurder til stillingen, og de aktuelle personene skulle derfor ha vært ført opp på søkerlisten.

– Det er avklarande at Sivilombodsmannen vurderer dette på same måte som På Høyden og eg sjølv har gjort. Det er òg bra at Sivilombodsmannen gjer det klart at offentlege verksemder må følgje grunngjevinga til reglane, og ikkje berre ordlyden deira, seier advokat og UiO-forskar Anine Kierulf.

– Generelt har sivilombodsmannen lite makt bak sine krav. Men det er unikt at ein følgjer hans uttaler i kraft av autoriteten hans, og ikkje krafta hans. Vi ønskjer å ha ein transparet og god forvaltning, og heldigvis pleier dei å vere flinke til å følgje ombodsmannen, seier Kierulf. 

UiB-professor og ekspert på offentleg rett, Jan Fridthjof Bernt, er usikker på kor tenleg lova er på dette punktet, men er glad for at Sivilombodsmannen har kome til ein slik konklusjon. 

– Reint prinsippielt er det sterkt betenkeleg at ein nyttar seg av ein prosedyre der potensielle søkjarar i praksis blir silt bort ført det er gjort ei vurdering av kvalifikasjonane deira ved noko ansvarleg organ. Då hadde det vore betre om søkjarlista hadde vore lukka, slik at tilsettingsorganet sjølv kunne vurdere kven dei ønskte, seier Bernt i ein kommentar til På Høyden. 

UiB-leiinga skriv i ei pressemelding at dei vil gå gjennom rutinane sine knytt til rekruttering til leiarstillingar.

«UiB tar til etterretning at sivilombudsmannen har et annet syn på hva som var formålet med disse samtalene. I hele prosessen har UiB ønsket å rekruttere den rette personen, og har derfor i tillegg til stillingsutlysning søkt aktivt i arbeidsmarkedet gjennom bruk av rekrutteringsbyrå samt samtaler med enkeltpersoner for å identifisere mulige søkere til stillingen».

– Å halde hemmelege kandidatar til ei stilling gjer jobben lettare for universitetet i tilsetningsprosessar, men det gjer det ikkje lovleg av den grunn. Vi opplever at det generelt er for mange dokument som blir haldne hemmelege i universitetssektoren. Men store summar blir brukt å forsking og utdanning, og institusjonane som forvaltar desse verdiane på vegne av samfunnet må finne seg i at dei blir kikka i korta. Denne uttalen frå Sivilombodsmannen er eit klart signal om at ein må følgje intensjonane i lova, seier På Høyden-redaktør Dag Hellesund. 

På Høyden er ein liten redaksjon. Dei tilsette som klaga til Sivilombodsmannen, har difor, naturleg nok, òg jobba med denne saka.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed