Slik fekk Kjetil Våge ei topp utdanning

Publisert:25. november 2015Oppdatert:25. november 2015, 09:20
Tida ved MIT og Woods Hole Oceanographic Institute har gitt Kjetil Våge eit godt fagleg nettverk. Foto: Ida Bergstrøm
Fellesgrader:

Kva er betre enn å ta doktorgraden sin ved ein framståande og rankingvinnande instiutsjon? Å ta doktorgraden sin ved TO institusjonar i verdsklasse.

Plassering: 

– Å kome til to institusjonar, som kvar er verdsleiande på sine felt, ga utgangspunkt for ei topp utdanning, seier Kjetil Våge.

Kjetil Våge er forskar ved Geofysisk institutt ved UiB. Dette semesteret er han Fulbright-stipendiat ved Woods Hole Oceanographic Institute (WHOI) i Massachusettes, USA.

Det beste frå to topp-institusjonar
I perioden 2007-2010 var han Ph.d-student ved WHOI og Massachusettes Institute of Technology (MIT) sitt felles doktorgradsprogram. Sistnevnte figurerer alltid i toppen på ulike universitetsrankingar. WHOI er eit av de største oseanografiske institutta i verda. 

– Miljøet på WHOI er svært stimulerande. Det å få vere på ein slik stad over tid, og få arbeide med dei dedikerte og dyktige forskarane som arbeider der, var svært lærerikt, seier Kjetil Våge. 

Det oseanografiske instiuttett ligg i den søvnige byen Woods Hole, med tusen fastbuande og éi kort gate.

– Vinteren er stille. Mykje er stengt då. Det gjer det lett å få arbeidd samanhengande og konsentrert, seier Kjetil Våge. 

Vil forske ved havet
Når sommaren kjem, endrar alt seg. Dei vakre strendene ved Cape Cod, Falmouth, samt nærleiken til Martha’s Vineyard og Elizabeth Islands snur i ein kort periode byen på hovudet. Også instituttet blomstrar om sommaren. Mange gjesteforskarar reiser frå varme innslandsbyar til vakre Woods Hole. Då doblast talet på marine forskarar i byen.

– Kva er utfordringane med denne måten å strukturere doktogradsutdanninga på?
– Det er både positive og negative sider ved å ta doktorgraden ved to institusjonar som ikkje er lokaliserte på den same staden. Å reise mellom dei to byane kunne vere ein ulempe. Men å få lov til å tilbringe tid med forskarar ved to ulike institusjonar som begge er verdsleiande innan sitt felt veg opp for ulempene, seier Kjetil Våge. 

Opphaldet ved dei ulike institusjonane har gitt han kontaktar som deler forskingsinteressene hans. 

– Utdanning frå to så store og viktige institusjonar gir grunnlaget for ei solid forståing av faget. Skulle eg tatt valet igjen, hadde eg valt det same, seier Kjetil Våge. 

Internasjonalisering og kvalitet
Doktorgradsstudentar som Kjetil Våge vil gamle Noreg ha. Studentmobilitet har gjennom ei rekke år vore eit uttalt mål, både frå institusjonane og frå departementalt hald.

I UiB sin nye strategi står det at minst 40 prosent av studentene skal ha eit utvekslingsopphald som del av graden sin.

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen meiner utanlandsopphald bør vere regelen, ikkje unntaket.

– Internasjonalisering vert rekna  som ein av faktorane som er med på å å heve kvaliteten på forskinga, sa statssekretær Bjørn Haugstad i eit innlegg om internasjonalisering under Transatlantic Science Week.

Han peika på at kunnskapsskaping er ein kollektiv prosess, som ikkje skal avgrensast til ein liten del av verda. 

– Gode forskingsinstitusjonar ser på studentane som ein naturleg del av verksemda. Kan vi lenke studentmobilitet til internasjonalisering av forsking, kan vi betre kvaliteten på begge, sa Bjørn Haugstad. 

Gjer det lettare å få jobb internasjonalt
Ifølge ei utgreiing om fellesgrader gjort av Universitets-og høgskulerådet kan ein fellesgrad gjere det lettare å få jobb utanfor Norge. For institusjonane er fellesgrader ei gyllen mulegheit til strategisk samarbeid om utdanning og forsking. Ifølge utgreiinga  kan fellesgrader på sikt «auke transparensen på tvers av landegrensene, bygge ned forskjellar mellom utdanningssystem og derigjennom legge til rette for breiare og tettare internasjonalt samarbeid».

– Fordelen med ein fellesgrad er at to institusjonar, som er sterke på ulike felt, saman kan bygge ei utdanning som dei elles ikkje ville kunne gitt av same kvalitet. Generelt kan ein også seie at det vil gagne fagmiljøa, ved at dei får auka sitt nettverk innanfor nærtståande  område, seier Bjørn R. Stensby, seksjonssjef i tilsynsavdelinga ved NOKUT.

Fellesgrader kan også gagne den enkelte kandidat.

– Han eller ho får et tilbod som elles ikkje ville eksistert, seier Bjørn R. Stensby.

Han peikar på at det kan vere komplisert å sette saman, drifte og kvalitetssikre utdanningar der to eller fleire institusjonar deler ansvaret.

– Det kan også vere ei utfordring dersom institusjonane har ulik status, for eksempel ved at ein institusjon må søke NOKUT om akkreditering, mens den andre kan akkreditere på eiga fullmakt, seier Bjørn R. Stensby.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed