Sjekk kven som var mest kritisk til universitetsdirektøren

Publisert:10. november 2015Oppdatert:10. november 2015, 10:25
Kjell Bernstrøm er evaluert frå alle kantar, og kom litt betre ut enn snittet for leiarar.

Det var verken sjefen eller dei underordna som var strengast då universitetsdirektør Kjell Bernstrøm blei evaluert.

Leiarevaluering er ingen spøk: Den førre universitetsdirektøren, Kari Tove Elvbakken, gjekk av då det kom fram at ho skulle gjennom ei 360-graders evaluering. No har den nye direktøren, Kjell Bernstrøm, vore gjennom det same, og vurderinga gjort av AFF er klar.

Det var verken sjefen eller dei underordna som var strengast då universitetsdirektør Kjell Bernstrøm blei evaluert.

Leiarevaluering er ingen spøk: Den førre universitetsdirektøren, Kari Tove Elvbakken, gjekk av då det kom fram at ho skulle gjennom ei 360-graders evaluering. No har den nye direktøren, Kjell Bernstrøm, vore gjennom det same, og vurderinga gjort av AFF er klar.

KD måtte orsake
Under det førre rektoratet blei evalueringa av universitetsdirektøren halde hemmeleg, men På Høyden fekk innsyn fordi Kunnskapsdepartementet vurderte saka annleis.

Evalueringa dåverande rektor Sigmund Grønmo hadde gjort av universitetsdirektør Elvbakken var svært positiv, men stemninga mellom Museplass og departementet blei så dårleg at UiB fekk Kunnskapsdepartementet til å sende brev til UiB for å orsake at dei ga ut brevet til På Høyden: Kunnskapsdepartementet har ved en inkurie gitt På Høyden innsyn i hele brevet med resultatvurderingen. Innsyn ble gitt 04.01.2013. Departementet beklager dette.

Evaluert av 21 personar
Då Kjell Bernstrøm ble evaluert i år, ba han om at samandraget av evalueringa blei offentleg. Dermed får alle innsyn i vurderinga hans 21 næraste medarbeidarar, både over og under i hierarkiet, har gjort av han. Du kan lese heile evalueringa på dei to siste sidene av dette dokumentet.

Han er plassert i AFFs leiarprofil, som er eit verktøy for å utvikle leiarar. Dei kartlegg leiarar på fem område: Endringsorientering, resultatorientering, medarbeiderorientering, handlingsorientering og maktorientering.

Rektor Dag Rune Olsen har deltatt, som overordna, og fire sideordna leiarar har svart på dei kring 50 spørsmåla i undersøkinga. Dei sideordna er resten av rektoratet. Som underordna har dei seks personane i leiargruppa til Bernstrøm svart, og i tillegg har ti personar i den utvida leiargruppa vore med. Dette er dekanane og fakultetsdirektørane.

Strengast mot seg sjølv
Generelt får Bernstrøm ein litt betre skår enn gjennomsnittet for leiarane som ligg i databasen til AFF. Aller best skussmål får Bernstrøm frå sjefen, Dag Rune Olsen, og litt lågare skår frå dei sideordna, altså pro- og viserektorar. Dei underordna medarbeidarane gir han litt lågare vurdering igjen.

Men den som er aller mest kritisk til universitetsdirektøren er Kjell Bernstrøm sjølv, noko AFF meiner er positivt, og ein viktig føresetnad for læring og utvikling.

Han gjer det best på aksene for handlingsorientering og resultatorientering, og lågast på endringsorientering og medarbeidarorientering, og AFF konkluderer difor med at Bernstrøm kan utvikle eit større medarbeidarfokus. Resultata for maktorientering viser òg at han er i stand til å vere tydeleg og ta avgjerder, utan å opplevast som for dominerande eller autoritær.

Dette er utfordringane AFF teiknar opp for universitetsdirektøren:

  • Utvikle relasjonane til eigne underordna, særleg når det gjeld dialog og leiarstøtte
  • Få til betre samhandling mellom medlemmene i eiga leiargruppe
  • Auke endringsfokuset til leiargruppa

AFF legg vekt på at vurderinga ikkje er ei evaluering, men eit utviklingsverktøy.

– Nyttig i diskusjonen
– Dette er ein måte å få fram kva man meiner er sterke og svake sider ved ein leiar. Eg ser på det som eit nyttig hjelpemiddel for vidare utvikling av meg personleg, seier Bernstrøm til På Høyden.

AFF er òg leigd inn for å hjelpe leiargruppa ved UiB til å utvikle seg vidare, og første samling har allereie vore.

– Ei slik evaluering er nyttig fordi vi kan ta ho fram og bruke ho, og det blir lettare å få ein diskusjon i leiargruppa. Eg ser ikkje primært på det som ei karakterbok, seier Bernstrøm.

– Korfor trur du at du sjølv har gitt deg den strengaste vurderinga?

– Det kan vere litt tilfeldig korleis du bruker ein akse.

– Må finne seg i
Rektor Olsen var derimot den mest positive til direktøren.

– Sanninga ligg sikkert ein stad midt imellom. Det viktigaste er uansett at ei slik vurdering er ei hjelp til eigenrefleksjon og –utvikling. Det er alltid noko ein er sterkare og svakare på, og det får ein identifisert på denne måten.

Universitetsstyret har og lagd ei omfattande liste over kva direktøren skal levere på, men her er det snakk om organisasjonsutvikling, måloppnåing og gjennomføring av strategi.

Og i motsetnad til førre gang har det gått greitt å evaluere direktøren både frå over- og underordna.

– Leiing på dette nivået må finne seg i å bli evaluert ikkje berre frå oven. Ei slik evaluering må reflektere korleis leiarane blir oppfatta av dei under òg.

– Er det aktuelt å gjere ei slik evaluering av rektoratet òg?

– For eigenrefleksjon er det nok fornuftig. Men det er skilnad på valde og tilsette leiarar: Dei valde blir evaluert av veljarane med jamne mellomrom. 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed