Nansen-direktør trekker seg

Publisert:13. november 2015Oppdatert:13. november 2015, 10:55
Nansensenteret har hatt tre direktørar sidan 2012: No er Johnny A. Johannessen (til venstre) konstituert som direktør, etter at Stein Sandven (i midten) har trekt seg. Han blei i si tid konstituert som direktør då Peter M. Haugan (til høgre) trakk seg etter kort tid i jobben.

Stein Sandven trekk seg brått frå stillinga som direktør for Nansensenteret. Styret har starta jobben med å finne ein erstattar.

I eit brev til styret har Sandven bede om å få trekke seg, utan at styret får tid til å finne ein erstattar. Tysdag denne veka blei det lagt ut ei melding på nettsidene til senteret om at Johnny A. Johannessen er fungerande direktør, etter at Sandven har trekt seg.

Ingen særlege problem
– Nestleiar Johannessen vil fungere som leiar inntil styremøtet 17. november, så vil styret på møtet ta stilling til kva som skal skje vidare. Men vi er uansett opptekne av å nytte oss av den omfattande kompetansen til Sandven vidare, seier styreleiaren for senteret, Knut Fægri.

Styreleiaren avviser at det ligg særlege konfliktar bak oppseiinga.

– No skal vi ha ein heilt ordinær utlysingsprosess for å finne ein ny direktør, seier Fægri.

Held på livsverket
Sandven har leia senteret i to periodar: Først frå 2010 til januar 2012, då Peter M. Haugan tok over. Han blei berre i stillinga eit halvt år, då det viste seg at grunnleggjaren av senteret, Ola M. Johannessen, ikkje hadde gitt livsverket vidare i så stor grad som Haugan hadde blitt lova. Den konkrete bakgrunnen for avgangen til Haugan var ein konflikt om timesatsene for forskarane ved Nansensenteret. Haugan ønska å justere satsane, og fekk støtte både hos økonomidirektøren og styret, men Johannessen meinte at dette kunne føre til underskot for senteret. Dåverande økonomidirektør slutta også i jobben ei tid etter at Haugan gjekk av.

Les meir: Dårlig klima etter direktør-exit

Etter at Haugan slutta kom Sandven inn igjen som fungerande direktør, men styret klarte aldri å rekruttere nokon ny direktør eksternt, og dermed blei Sandven sitjande som leiar fram til no. I miljøet rundt Nansensenteret, ikkje minst på UiB, som er ein av grunnleggjarane av stiftinga, har det i ei årrekkje vore eit ønskje om å få inn nye folk i styret og leiinga av senteret, for å avløyse Ola M. Johannessen og hans mangeårige kollegaer, som har styrt institusjonen i ein mannsalder.

Uro rundt senteret
Det har vore mykje uro rundt forskingsinstituttet dei seinare åra. I november 2012, nokre månader etter at Peter M. Haugan gjekk av som direktør, slutta styreleiar Einar Svendsen, etter å ha kome på kant med Ola M. Johannessen.

Nansensenteret har òg hatt problem med EU, som har hatt bokettersyn på prosjekta sine. Arbeidsmiljøet ved senteret har og fått sterk kritikk, og mange av dei internasjonalt tilsette har hatt kortvarige kontrakter.

Det har i fleire omgangar vore på tale og slå Nansensenteret saman med andre forskingsinstitusjonar i Bergen, men prosjekta har aldri blitt gjennomførde. Då UiB drog fram forslaget igjen i 2014, reagerte leiinga ved senteret med spontan protest mot planen. Men styret og stiftarane har vore langt meir positive, og ei endring i leiinga no kan gjere det lettare for styret å få gjort endringar ved senteret.

Eit utval nedsett av Forskingsrådet har rådd dei mindre forskingsinstitutta til meir samarbeid, og i Kunnskapsdepartementet blir det for tida god stemning kvar gong ein fusjon blir føreslått. Styret ved Nansensenteret held døra oppe for både fusjon og andre former for samarbeid.

Pålegg frå Arbeidstilsynet
Sjølv om det ikkje blir peikt på nokon einskild, utløysande grunn til at Sandven no trekkjer seg, er det klart at tilhøvet mellom styret og direktør tidvis ikkje har vore det beste. Ein ny leiar, gjerne med eit internasjonalt ry innan klimaforsking, har vore eit ønskje for å sikre framtida til senteret, men det har vist seg vanskeleg å få slike kandidatar til å søkje.

Sandven blir omtalt som ein framifrå forskar, men i mindre grad ein leiartype, sjølv om han tilsaman har vore direktør ved senteret i fem og eit halvt år. Styret har ved fleire høve etterlyst klårare leiarskap ved senteret, mellom anna då forskingsinstitusjonen fekk ei rekke pålegg frå Arbeidstilsynet i forfjor.

– La fusjon til side
– Eg har hatt inntrykk av at styret har vore nøgde, seier Sandven til På Høyden.

Pålegga frå Arbeidstilsynet i 2013 omtaler han som «ikkje nokon store ting.»

– Eg skal i grunnen berre gå tilbake og gjere meir forsking igjen.  Eg har cirka tre år igjen før eg går av, og vi held på med ein stor EU-søknad no. Det er så mykje som skjer rundt oss, og vi skal henge med både nasjonalt og internasjonalt, seier Sandven.

At han har vore ueinig med styret når det gjeld ein eventuell fusjon har ikkje vore eit problem, meiner Sandven.

– Styret har eigentleg lagt det til side, og etterpå har det vært meir snakk om samlokalisering

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed