Forskar på farleg høgreekstremisme

Publisert:4. november 2015Oppdatert:4. november 2015, 14:39
– Det har vore veldig kjekt og inspirerande å jobba med denne søknaden, seier Lise Hellebø Rykkja (til høgre). Ho er forskar ved Uni Rokkansenteret og ein av fleire som håpar at eit nasjonalt senter for forsking på høgreekstremisme hamnar i Bergen. Prosjektleiar og førsteamanuensis Elisabeth Ivarsflaten til venstre. Foto: Hilde Kristin Strand

– Høgreekstremisme er ekstremt farleg, seier førsteamanuensis Elisabeth Ivarsflaten. Ho leiar prosjektet UiB håpar kan verta nasjonalt senter for forsking på høgreekstremisme.

Kva er det som gjer at nokre menneske går inn i høgreekstreme miljø? Kven er dei, og korleis kan ein unngå at dei får eit slikt tankesett? Og, ikkje minst: Korleis handterar ein dei høgreekstreme ideane?

– Utfordringa i dag er at ein har tiltak mot høgreekstremisme på ulike nivå og ulike arenaer. Desse verkar saman, men korleis verkar dei saman?

Tverrfagleg
Elisabeth Ivarsflaten spør. Ho har forska på høgreekstremisme i 15 år og har skrive doktorgrad ved Universitetet i Oxford på feltet.  No er ho forskingsleiar ved SV-fakultetet og Institutt for samanliknande politikk og ansvarleg for søknaden UiB sendte til Noregs Forskingsråd (NFR) for eit par veker sidan. Saman med UiO og Høgskolen i Oslo og Akershus konkurrerer UiB om å få eit nasjonalt senter for forsking på høgreekstremisme. Det er regjeringa som har vedteke at dei ønskjer meir forsking på høgreekstremisme, og har løyva pengar til eit slikt senter.

Det er fire fakultet ved UiB som saman håpar å kunne danna eit forskingssenter; SV, HF, juss og psykologi. I tillegg er Uni Rokkansenteret med og fleire andre nasjonale og internasjonale partnarar. Dersom UiB vert valt ut som nasjonalt senter, vil institusjonen sjølv òg bidra med solid eigeninnsats, eigne midlar og lokale. Det betyr at ein mellom anna kan få på plass opptil ti rekrutteringsstillingar og knyte til seg sentrale internasjonale kapasitetar

– I staden for å snevra inn, har me utvida feltet. Dette blir ei skikkeleg tverrfagleg satsing, seier Ivarsflaten.

Svar frå NFR er venta i slutten av månaden, skriv Khrono.

Mykje aktivitet på nettet
– Er høgreekstremisme farleg?

– Høgreekstremisme er ekstremt farleg. Det er berre å sjå til det som skjedde i Sverige, seier førsteamanuensen, og viser til drapa på ein skule i Trollhättan. Gjerningsmannen vart skoten og drepen av politiet, men skal ha vist interesse for Hitler og Nazi-Tyskland på nettet, og skal òg ha likt innlegg frå ein høgreekstrem bloggar. Det skriv Ivarsflaten og Lars Erik Berntzen i ein kronikk i Bergens Tidende.

Mykje av den høgreekstreme aktiviteten skjer nettopp på Internett. Digitaliseringa har endra høgreekstremismen og kampen mot den.

– Det er lettare å både spreia og utvikla høgreekstreme tankar og idear på nettet, seier Lise Hellebø Rykkja.

Ho er forskar ved Uni Rokkansenteret og har jobba mykje med korleis offentlege styresmakter handterar terrorangrep.

– Ein prøver sjølvsagt å avdekka truslar og  forebyggja radikalisering. Regjeringa har mellom anna nyleg laga ein handlingsplan mot radikalisering. Men med ein gong ein snakkar om å avgrensa og handtera slike truslar, kjem ein opp i debatten om tryggleik på den eine sida og fridom på den andre. Kor langt skal styresmaktene gå, kva ressursar har dei, og kva verkemiddel kan ein nytta?

Ikkje alltid samde om grensene
Rykkja seier at både politi, barnevern, familievernkontor og andre prøver å fanga opp personar som kan vera i risikosona for å verta interesserte i høgreekstremisme. Historia har vist at det er mange unge menn i gruppa av høgreekstreme, men slett ikkje berre.

– Når ein ser på kven som står bak ekstreme handlingar, har det ofte vore kvite, unge menn. Men gruppa er meir mangfaldig enn det, kvinner har òg slike haldningar. Det finst til dømes eigne fanklubb-sider på Internett for Anders Behring Breivik. Der finn ein mange kvinner, seier Ivarsflaten.

Rykkja seier at tiltak for dei ein trur er i faresona for nokre kan verka stigmatiserande,  og kanskje verka mot si hensikt. I det heile veit ein for lite om kva som faktisk verkar.

– Kor set ein grensene for kva ein definerer som høgreekstremisme?

– Kor set de som forskarar denne grensa?

– Det er eit godt spørsmål, seier Ivarsflaten.

– Det finst ulike forståingar, og ein er ikkje alltid samd om kor grensene går. Vanlegvis definerer ein høgreekstremisme som ei antidemokratisk rørsle som vil øydeleggja demokratiet. Ein har nokre ideologiske kjenneteikn: Dei høgreekstreme meiner dei har nokre ytre fiendar dei vil verna seg mot. Tidlegare var det jødar, no er det oftare muslimar eller innvandrarar. Dei meiner òg at dei har nokre indre fiendar, oftast definert som politikarar på venstresida. I tillegg har dei ei førestelling om undergang, og dei skyr ingen midlar for å verna seg mot denne undergangen.

Rykkja seier at eit kjenneteikn på ekstremisme er oppmoding til eller bruk av vald. Ein har ulike typar ekstremisme, mellom anna religiøs ekstremisme. I tillegg har ein mykje som er i gråsona. Kva med hatkriminalitet og hatefulle ytringar?

– Korleis plasserer ein ein organisasjon som Pegida?

– Den vil ein seia at er antiislamsk. Og ein vil nok plassera Pegida i ei gråsone, seier Ivarsflaten.

Svar i slutten av månaden
Saksfeltet er altså stort. Det er grunnen til at det er forskarar frå ulike fagmiljø med på søknaden til NFR. Statsvitarane skal kartlegga dei høgreekstreme og sjå på korleis dei organiserar seg, og dessutan studera korleis styresmaktene agerar for å handtera dei høgreekstreme aktørane og miljøa. Eit særs viktig spørsmål er korleis ulike tiltak verkar. Juristane og samfunnsvitarane skal mellom anna sjå nærare på ulike forståingar av høgreekstremisme. Kor går dei juridiske grensene? Og er dei juridiske grensene annleis enn det folk flest oppfattar som grenser? Psykologane og antropologane skal sjå på kva konsekvensar dei høgreekstreme sine tankar får for mintoritetsbefolkninga, og humanistane skal forska på dei høgreekstreme narrativane, på symbolbruk og gjera ideanalyse.

– Mange av oss forskar på høgreekstremisme og terror frå før, og søknaden byggjer på nasjonale og internasjonale prosjekt som er i gang. Gjennom søknadsarbeidet har det vorte bygd eit sterkt nettverk med gode kvalitetar, så nå håper vi at vi får byggja vidare på dette i senteret som skal etablerast, seier Rykkja.

Høgreekstremisme er òg tema når UiB og Bergens Tidende arrangerer laurdagsmøte 28.11. Både Ivarsflaten og Rykkja skal halda innlegg under arrangementet i aulaen.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed