Fokus på den nedvurderte tida

Publisert:24. april 2017Oppdatert:23. november 2015, 11:38
Det er ikkje så mykje att av nonneseter. Men ein gang var det kloster her, eit kloster som var stort etter dåtidas målestokk. Forskar Åslaug Ommundsen skal halda føredrag om klosteret under mellomalderveka. Foto: Hilde Kristin Strand

– Ein har ofte ein rar tendens til å nedvurdera mellomalderen, seier forskar Åslaug Ommundsen. Denne veka vert det gjort noko med.

Dette er ein bit av kongsspegelen, eit læreskrift frå 1200-talet. Foto: Hilde Kristin Strand

Åslaug Ommundsen, som er forskar ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium, har ein bit av Kongsspegelen på kontoret. Det er sjølvsagt ikkje frå originalen, men derimot eit utdrag i plakatstorleik. Men Ommundsen har andre, svært gamle tekstar på kontoret. Ho er latinist og forskar på handskriftpergament.

 «Frå handskriftspergament til bokhistorie» heiter prosjektet. Forskarane puslar saman små bitar av pergament. Håpet er å få fullverdige boksider.

Der er ein ikkje endå, men no kan ein bla i det dei så langt har funne. Staden ein finn dei er  fragment.uib.no, og  hovudlanseringa skjer under den tverrfaglege mellomalderkonferansen torsdag.

– Me har jobba ein del med digital formidling, og ønskjer at fleire enn oss skal få sjå korleis puslespelet ser ut. Me ønskjer å gi ei kjensle av å bla i bøkene – for første gong på 500 år. Og når ein gjer det, ser ein kor mykje som faktisk manglar, seier Ommundsen.

Blainga vil fungera aller best dersom ein nyttar ein touch-skjerm.

Mellomalderbyen
Når puslespelet er ferdig, er målet at forskarane skal kunne seia meir om korleis mellomalderen var i Noreg. Korleis levde ein? Kva var ein påverka av?

– I Noreg har ein ofte ein rar tendens til å nedvurdera mellomalderen, seier Ommundsen.

– Kvifor gjer ein det?

– Det handlar nok om at eit får eit svært tydeleg brot når mellomalderen går over til renessansen og tidleg moderne tid når reformasjonen kjem. Brotet er både innan religion, formspråk og kulturelle impulsar, seier Ommundsen.

Like fullt er Bergen ein mellomalderby. Både Håkonshallen, Mariakirken, Korskirken og Domkirken vart til i denne perioden.

– Og ein må ikkje gløyma den eldste bygningen i byen, nemleg tårnfoten på Nonneseter, seier Ommundsen.

Stor institusjon er borte
Mellomalderkonferansen er berre ein liten del av det som skjer under mellomalderveka, som altså byrjar i dag. Både UiB-forskarar og andre skal halda føredrag, det vert arrangement for barnefamiliar, og eit eige opplegg for skuleelevar. Ommundsen skal fortelja meir om nettopp Nonneseter under eit arrangement neste måndag. Forskingbasert, men litt lettare i forma og utan fotnotar, lovar ho.

– Nonneseter var ein stor og viktig institusjon med 35 nonner på byrjinga av 1300-talet. Nonnene budde der Bergen Storsenter er no, seier Ommundsen.

Det er berre tårnfoten og eit lite kapell att av klosteret. Kapellet er der sakristiet opprinneleg var, men i dag er det i så dårleg stand at det ikkje er lov å gå inn.

Dei første nonnene kom på første halvdel av 1100-talet, og dei kom truleg frå England. Deretter vart norske nonner rekruttert. Men midt på 1400-talet var det slutt og dei siste nonnene vart beordra vekk. Klosteret vart seinare ombygd som residens for Vincens Lunge. . Han vart sendt frå den danske kongen for å forhandla med og vinna «det nordenfjeldske». Han gifta seg med ei kvinne frå Bergen og vart ein av dei mektigaste mennene i Noreg før han vart drepen i 1536 – og Noreg vart ein del av Danmark.

Eigen musikkfestival
Men medan det framleis var kloster på Nonneseter, song nonnene tidebøner sju gonger i døgeret. Kvart år vert Bergen middelaldermusikkdager arrangert. I år er det ein del av mellomalderveka, og mellom andre Jostein Gundersen, forskar ved Griegakademiet, deltek. Og Ommundsen har ei rolle her òg. Ein gong i året syng ho med det gamle koret sitt, Schola Solensis. Det er eit gregoriansk kvinnekor som held til på Sola, og dei kjem til middelaldermusikkdagane kvart år.

– Slik lyd var det nok i Nonneseter. Schola Solensis syng heilt einstemmig, det gjorde ein før ein begynte med polyfoni, altså med fleire stemmer, seier Ommundsen.

Initiativ frå leiinga
Det er dekanatet ved Det humanistiske fakultetet som har teke initiativ til mellomalderveka. Ei mellomalderklynge er eit av satsingsområda i UiB sin nye strategi.

– Fakultetsleiinga har sett verdien av mellomalderstudium og backa opp det tradisjonelt sterke miljøet. Eg trur det er smart å erkjenna at dette er noko UiB er sterke på, og så satsa vidare på det, seier Ommundsen.

– Eg trur breiddesatsing gjennom klynger er ein god ting. Me mellomalderforskarar er ulike; nokre grev i jorda, andre jobbar med musikk. Men i ei klynge kan alle miljøa koma til sin rett.

Kartlegging og synleggjering
HF-dekan Margareth Hagen peikar òg på den planlagde mellomalderklynga som viktig.

– Det er eit stort og mangfaldig mellomaldermiljø ved UiB, både ved Universitetsmuseet, på Det juridiske fakultetet og ikkje minst vert det forska på mellomalderen ved mange fagmiljø ved HF, seier Hagen.

Fakultetet hadde eit Senter for framifrå forsking knytt til mellomalderen frå 2003-2012; Centre for medieval studies.

– Senteret sette UiB si mellomalderforsking på det internasjonale kartet, seier Hagen.

Men i dag er ikkje mellomalderforskarane samla. Då Hagen og resten av fakultetsleiinga starta planlegginga av det som no er mellomalderveka, var det først og fremst ein konferanse dei tenkte på. Dei sette ned ei styringsgruppe med representantar frå ulike mellomaldermiljø, som igjen har invitert nokre av dei internasjonale kontaktane dei har.

– Dette arbeidet har òg vore ei kartlegging og ei synleggjering, slik at dei ulike UiB-miljøa kan sjå kvarandre og sjå kor sterke me er saman, seier Hagen.

Ho meiner dette er viktig før mellomalderklynga vert etablert. For hennar eigen del har kartlegginga òg vore nyttig. Hagen vart dekan etter at SFF-perioden var over.

Men mellomalderveka har vorte meir enn ein konferanse for forskarar. Eit ønskje om å nå ut til dei som bur i byen ligg bak.

– Me har lyst til å nå breiare ut. Det vert arrangement mellom anna på Universitetsmuseet og på Litteraturhuset, og me har fått med oss mellom anna byråd og historikar Anna Elisa Tryti og professor emeritus Gunnar Danbolt, seier Hagen.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed