Astrup får sitt eige senter

Publisert:9. november 2015Oppdatert:9. november 2015, 12:16
Tove Kårstad Haugsbø disputerte nyleg med ei avhandling om Nikolai Astrup. Ho har fått fast jobb på Kode, der det no skal lagast eit eige Astrup-senter. Foto: Hilde Kristin Strand

Tove Kårstad Haugsbø og Nikolai Astrup har tiårsjubileum i år. No har Haugsbø disputert med ei avhandling om sunnfjordsmålaren, og over nyttår skal ho vera med på å opna eit eige Astrup-senter på Kode.

Mange av bileta i astrupsamlinga skal på reise. I 2016 er det første gong utanlandske kuratorar er ansvarlege for ei Astrup-utstilling i utlandet. Foto: Hilde Kristin Strand

Var Nikolai Astrup (1880-1928) berre ein nasjonal kunstnar som måla heimkommunen Jølster?

Nei, seier Tove Kårstad Haugsbø bestemt. Nyleg disputerte ho med avhandlinga «Fortida gjennom notida. Nikolai Astrups kunst i nye perspektiv». Der argumenterer ho for at det er mange uoppdaga kvalitetar i Astrup sin kunst.

– Dersom ein ser Astrup frå Jølster, er kunstnaren knytt til heimkommunen. Han måla Noreg i Noreg, slik kunsthistorikaren Andreas Aubert oppmoda dei norske kunstnarane om i 1900. Men Astrup reiste på fleire utanlandsreiser gjennom kunstnarkarrieren, til Tyskland, Frankrike, Sverige, Danmark, faktisk òg heilt til Algerie. Og det var under studieopphaldet i Paris i 1902 at Jølster gjekk opp for han som eit malerisk motiv - det var altså møte med den internasjonale kunstscena som motiverte han til å reisa heim for å måla Jølster. Det same ser ein hos fleire andre kunstnarar: Dei trefte kvarandre i Paris og reiste så heim kvar til sitt. Det regionale står med andre ord sterkt i den tidlig-modernistiske kunsten, og ein kan seia at det var noko eksotisk i det å reisa heim, seier Haugsbø.

Ho seier ho med avhandlinga ønska å rista litt i oppfattinga av Astrup som ein isolert kunstnar i Jølster, og meiner ein må spørja om kvifor han reiste og kva han fekk ut av det.

– Eg trur han reiste for å både utvikla seg sjølv, men òg sjå kva som rørte seg i kunstverda i Europa.

Betalt museumsstipendiat
Kode har ei eiga Astrup-samling. Og det er nettopp på kunstmuseet Haugsbø har arbeidsplassen sin. Sparebankstiftinga DNB kjøpte samlinga i 2007, og dei ønska seg ny Astrup-forsking. Haugsbø har vore teken opp i forskarutdanninga ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium, med kunsthistorie som fag, hatt arbeidsplass ved Kode og vore finansiert av stiftinga. Etter endt doktorgrad har ho no fått fast jobb hos Kode.

– Astrup skal lanserast internasjonalt neste år. Det har vore tre andre utstillingar av kunsten hans i utlandet tidlegare, og kvar gong har det vore sagt at det er første gong. Dette seier litt om kor forankra Astrup er i den norske førestillingsverda. Eit viktig poeng denne gongen er at utstillinga er sett saman av utanlandske kuratorar, seier Haugsbø med eit smil.

Ho meiner dette gir ei anerkjenning av Astrup som internasjonal kunstnar, og seier det har vore spanande å få følgja arbeidet. Ein av kuratorane er kunsthistorikar MaryAnne Stevens, som òg har vore direktør ved Royal Academy of Arts i London i nærare 30 år.

– Kuratorane har henta Astrup-bilete frå dei offentlege samlingane, som Astruptunet, Nasjonalmuseet og Kode. Men dei har òg henta bilete frå private samlingar, bilete som aldri før har vore viste, seier Haugsbø.

Astrup måla, som mellom anna Edvard Munch òg gjorde, mange seriar med same motiv. Motivet vert då ein struktur som kan bearbeidast og omarbeidast, seier Haugsbø.

– Det er sjeldan at fleire motiv i same serie er stilt saman, som til dømes jonsokbåla, men engelskmennene har no plukka med seg mange. Det blir spennande å sjå i utstillingane, som blir vist i Dulwich Picture Gallery i London, Henie Onstad Kunstsenter i Oslo og Kunsthalle Emden i Tyskland.

Håpar på meir forsking
31-åringen og Nikolai Astrup har eit slags tiårsjubileum i år. For ti år sidan hadde Haugsbø studert kunsthistorie i eit par år og måtte velja kor vegen skulle gå vidare. Ho fann ut at ho måtte skaffa seg relevant arbeidserfaring, og fekk først jobb som museumsvert på Astruptunet i Jølster.

– Eg ville eigentleg verta lærar. Å få snakka om kunst og formidla kunst – sjela mi ligg der, seier Haugsbø.

Og etter planen får ho gjera meir av det. Tidleg i 2016 opnar Kode eit eige Astrup-senter. Alle detaljane er ikkje på plass, men målet er klart: Meir forsking, og å få akkreditering som forskingsinstitusjon. Nasjonalmuseet i Oslo har slik akkreditering i dag.

– Eg skal byrja med å laga ein verkskatalog. Då skal eg gå gjennom og registrera alt på nytt. Her vert nettstaden nikolai-astrup.no viktig. Ein skal kunne gå inn her og sjå på dei enkelte verka og finna ut både når og kor dei har vore utstilt og få opp arkivreferansar, seier Haugsbø.

Ho er òg ansvarleg for Astrup-appen, som kan lastast gratis ned via nettsida.

Forma hagen får han måla
Eitt av dei mange bileta av jonsokfeiring er blese opp og dekkar den eine veggen inne på Kode 4. I sentrum i biletet finn ein bålet, spelemannen og par som dansar. I utkanten står ei einsleg kvinne, med tydeleg kul på magen. Det er truleg ein symbolsk referanse til fruktbarheitsritene i jonsokfeiringa.

Astrup begynte på Harriet Backer sin kunstskule i 1899 og stilte ut dei første bileta sine nokre år etter. Det betyr at dersom ein skal plassera han i ein kunsthistorisk periode, kjem han akkurat i skjeringspunktet mellom romantikken og modernismen. Haugsbø seier at Astrup ofte vert sett på som ein sein nyromantikar, utan at ho utan vidare er samd i det.

– Han laga mellom anna mykje erindringskunst, bilete frå barndomsheimen. Desse er ofte vorte tolka som positive livsbilete, men dei er òg triste og melankolske. Eg meiner Astrup har ein realistisk tendens, og det skurrar med ein romantisk idé om heimstaden, seier Haugsbø, og legg til at Astrup sjølv har skrive at han først oppdaga kor trist og fattig barndomsheimen faktisk var då han kom attende frå reisene sine.

Astrup vaks opp i prestegarden på Ålhus i Jølster. Sjølv bygde han opp det som i dag er Astruptunet, på andre sida av Jølstravatnet. Staden var ein husmannsplass då Astrup og kona Engel kjøpte staden i 1912. Men litt etter litt bygde dei opp eigedommen, med både hus og hage.

– Han transformerte staden. Det er utruleg fascinerande korleis Astrup, med både dårleg helse og dårleg økonomi fekk dette til. Han har skapt ein hage med utsiktspunkt, svingete vegar og ei eiga grotte, og han har forma busker og tre som menneskefigurar, fortel Haugsbø.

Etter ti år byrja Astrup å måla hagen og utsikta derifrå. Haugsbø fortel at dersom ein set saman landskapsbileta, dannar dei eit panorama sett frå Astruptunet. Biletet «Seljekallen», eit tre forma som ein mann, skal Atrup ha brukt år på å forma før han brukte detsom motiv i målarkunsten.

– Han går altså ikkje ut og berre observerer naturen, men han er ein formande observatør, seier Haugsbø, og er altså ikkje samd med mellom andre kunstkritikaren Jappe Nilssen som har sagt at Astrup sine seine verk er «sørgelige resten av et oprinnelig stort og merkelig talent».

Oppgradering av tunet
For nokre år sidan rasa debatten i Jølster: Skulle ein ha eit besøkssenter for Astrup, og i så fall kor? Både riksantikvaren og fylkeskommunen sa nei til eit besøkssenter ved Astruptunet, og kommunen avslutta deretter arbeidet med å få på plass eit senter. Ei oppdragering av anlegget skal likevel skje. Haugsbø er med på ei hagehistorisk kartlegging.

– Personleg meiner eg at plasseringa av eit besøkssenter i Astruptunet vart litt for bombastisk. Tunet treng ei oppdatering, det er alle samde om. Men eg meiner at prosessen ein har no, der ein byrjar med ei kartlegging, er ein betre måte å gjera det på. Staden er eit kunstverk i seg sjølv. Ein grunnleggande kunnskap om hageanlegget er viktig for å kunne diskutere kva som trengst av restaurering og rekonstruksjon, og kva som faktisk er mogleg å realisera i forhold til museumsdrifta.

 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed