Rektor sin rådgjevar sluttar

Publisert:30. oktober 2015Oppdatert:30. oktober 2015, 13:15
– Heilt sidan eg var ung har eg hatt lyst til å jobbe i Klassekampen, seier Maria Dyrhol Sandvik. Foto: Tor Farstad

Etter knappe tre månader i jobben blei det i dag offentleg at Maria Dyrhol Sandvik skal flytte til Oslo for å bli arrangementsansvarleg for avisa Klassekampen.

Ho har vore rektor sin rådgjevar sidan midten av august.

– Som arrangemensansvarlig skal eg ha ansvaret for den eksterne veksemda til Klassekampen. Eg skal arbeide med å arrangere foredrag og debattar, og utvikle denne delen av Klassekampen si verksemd vidare, seier Maria Dyrhol Sandvik til På Høyden.

I ei pressemelding seier Bjørgulv Braanen, ansvarleg redaktør i Klassekampen, at eksterne debattar og arrangement er eit satsingsområde for avisa.

Gamal draum om Klassekampen
Maria Dyrhol Sandvik vart oppmoda av vener og kjende om å søkje på stillinga, og fekk den.

– Heilt sidan eg var ung har eg hatt lyst til å jobbe i Klassekampen, seier ho.  

– Korleis tok rektor nyhenda om at du skulle slutte i jobben?

– Rektor tok det fint. Han forstod at dette var noko eg hadde veldig lyst til å gjere. Eg opplevde å få aksept for dette, seier Maria Dyrhol Sandvik.

Ho legg til:

– Eg vil  understeke at eg veit at har vore kort tid i jobben. Eg har trivdes godt i rektoratet, og hadde ikkje denne jobben dukka opp hadde eg nok vore med vidare. Ein får god oversikt over Bergen, og det er ein veldig fin og artig gjeng å jobbe saman med, seier Maria Dyrhol Sandvik.

Vikar for Erlend Horn
Ho flyttar til Oslo når kontrakten hennar går hennar går ut i februar.  Sidan august har ho vikariert for Erlend Horn. Han var Venstre sin førstekandidat under valet i haust, og tok permisjon frå stillinga før valkampen starta for å arbeide med politikk på heiltid. Erlend Horn er i dag byråd for sosial, bolig og inkludering, og er formelt tilsett ved Kommunikasjonsavdelinga.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed