Kvoteordninga kan verta lagt ned

Publisert:14. oktober 2015Oppdatert:14. oktober 2015, 14:18
Studentane på kvoteprogrammet reiser til heimlandet etter endt utdanning i Noreg. Biletet er frå eit møte der ein drøfta eit felles, elektronisk læringsnettverk for afrikanske universitet. Foto: flickr.com/Tony Carr

Viserektor Anne Christine Johannessen er uroa over kva konsekvensar ei nedlegging av kvoteprogrammet kan få.

Statssekretær Bjørn Haugstad seier at kvoteordninga per i dag ikkje fungerer godt nok. Foto: Tor Farstad

Kvelden før statsbudsjettet vart lagt fram fekk UiB-leiinga vita at kvoteprogrammet for utanlandske studentar vert føreslege endra. Kvoteprogrammet slik ein kjenner det i dag vil verta endra, og erstatta av ei todeling: Ei satsing på BRIKS-landa (Brasil, Russland, India, Kina og Sør-Afrika, journ.anm)og i tillegg Japan gjennom det såkalla Utforsk-programmet og eit partnarskapprogram med samarbeid med institusjonar i eit utval utviklingsland. Kvoteordninga i dag omfattar studentar frå utviklingsland, land på Vest-Balkan, Aust-Europa og i Sentral-Asia, og har 1 100 studieplassar.

– Pengane forsvinn ikkje, og eg meiner at det er viktig at me no er aktive slik at me framleis kan halda fram med våre avtalar. Men samstundes er eg uroa for konsekvensane. Kva med dei utdanningsprogramma som er bygd opp rundt kvotestudentar?

Det sa viserektor Anne Christine Johannessen då ho informerte utdanningsutvalet onsdag.

Fasar gradvis ut
Analyseselskapet DAMVAD har gått gjennom kvoteordninga slik ho fungerer i dag. I evalueringsrapporten, som vart presentert i vår, er ein av hovudkonklusjonane at dei kunnskapspolitiske målsetjingane berre i lita grad vert oppfylte. Det heiter det i forslaget til statsbudsjett.

– Eg ser at høyringsuttalelsen vår er lytta til. Kvoteordninga vår vert fasa ut gradvis, slik at dei som er tekne opp no får fullføra. Men vanlegvis er 15. oktober ein søknadsfrist for kvoteordninga. Me vil ikkje kunne lysa ut noko no, før saka er handsama i Stortinget, sa Johannessen.

Det er Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU) som får pengar og skal administrera dei nye ordningane.

UiO-professor kritisk
Klassekampen skriv om saka onsdag. Johanne Sundby, professor i samfunnsmedisin ved UiO, seier til avisa at kvotestudentane er viktige for universitetet. Ho er kritisk til regjeringa sitt forslag.

– Kvoteordninga gir oss moglegheit til å plukka flinke kandidatar frå sør. Me har allereie færre kvotestipend og finansieringsordningar enn tidlegare. Det gjer at me får fleire studentar som betalar sjølve og som har ein rikare bakgrunn, men kanskje ikkje same motivasjon eller interesse for å vidareutdanna seg, seier ho.

Ho seier òg at gjennom kvoteordninga får norske utdanningsinstitusjonar gjort feltarbeid i sør på ein mykje betre måte enn ein klarar sjølve, og at dei som forskar i Noreg kan ta med viktige tema til helsediskusjonen i heimlandet.

– For liten effekt
Statssekretær Bjørn Haugstad i Kunnskapsdepartementet seier til Klassekampen at kvoteordninga ikkje fungerer etter intensjonen. Han seier òg at fleire av BRIKS-landa har ein stor del fattige, og at det ikkje er noko som hindrar norske utdanningsinstitusjonar i å inngå samarbeid som treff underprioriterte grupper.

Statssekretæren meiner at dagens kvoteordning har ein avgrensa utdanningspolitisk verknad.

– Det å ha studentar frå land i sør på campus gjer norsk høgare utdaninng meir relevant og spanande. Men me ser for lite av effektane i kvoteordninga. Utlendingane er ikkje veldig integrerte i norsk studiekvardag, seier Haugstad til Klassekampen.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed