– Kvar er investeringane i Bergen?

Publisert:7. oktober 2015Oppdatert:7. oktober 2015, 15:28
Helseklynge, Entek-bygg og marin forskingsklynge er nokre av tiltaka Kåre Rommetveit kunne ønska seg til Bergen.

Satsing på innovasjon og nyskaping er positivt, meiner Kåre Rommetveit, dagleg leiar i Bergens Forskningsstiftelse (BFS). Han er glad for at Universitetet i Bergen får løyvingar til å gjere ferdig Universitetsmuseet, men skulle gjerne sett at statsbudsjettet hadde i seg større løyvingar til Bergen.

Tiltak mot arbeidsledigheit
Statsbudsjettet som blei lagt fram tysdag gir løfte om ei tiltakspakke for auka sysselsetting. Eitt av regjeringa sine grep er nybygg og rehabilitering av offentlege bygningar.

– Problemstillinga for UiB er at medan det blir investert i andre byar, blir det ikkje investert så mykje i Bergen. NTNU får ei massiv satsing på Gløshaugen, Life Sciences-miljøet i Oslo blir også tilgodesett. Kvar er investeringane i Bergen i denne skalaen? spør han.

Ved Universitetet i Oslo skal Statsbygg reise eit nytt anlegg for livsvitskap, farmasi og kjemi. Universitetet i Tromsø – Norges arktiske universitet skal få eit magasin-og utstillingslokale for universitetsmuseet. Eit nytt utstillingsveksthus ved Naturhistorisk museum er foreslått bygd i Oslo. Vikingtidsmuseet på Bygdøy er foreslått rusta opp og rehabilitert. Det same er Tunbygningane på Norges miljø- og biovitskaplege universitet på Ås.

Kunnskapsministeren kom tidlegare i haust med ei lekkasje om at UiB vil få 40 millionar kroner til å rehabilitere Universitetsmuseet. Pengane til museet er ein del av tiltakspakka, og kjem over Kommunal-og moderingseringsdepartementet sitt budsjett.

Øvrige 135 millionar kroner vert løyva til oppgradering av andre universitetsbygg.

– Medan det blir investert i andre byar, blir det ikkje investert så mykje i Bergen, seier Rommetveit.

Andre spring fortare enn oss
Kåre Rommetveit håpar løyvingane til rehabilitering av eksisterande bygg også gir rom for tiltak ved UiB.

– Vi skulle gjerne hatt ei satsing på helsebygga. Det skulle ha vore gjort mykje på teknologisida, med Entek-bygget. Vi skulle også gjerne ha kome vidare med ei samlokalisering av dei marine miljøa. Dette er utfordringar for UiB i høve til budsjettet for 2017! Sjølv om desse tinga er på gang, ser andre ut til å springe fortare enn oss, seier Kåre Rommetveit.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed