Kritikk og litteratur i femti år

Publisert:8. oktober 2015Oppdatert:8. oktober 2015, 06:00
Førsteamanuensis Heming Gujord er ein av to redaktørar av Norsk litterær årbok. Det norske samlaget er forlag, men det finst tekstar på både bokmål og andre nordiske språk i den siste utgåva av årboka.

Norsk litterær årbok vart stifta for å fylla tomrommet mellom dagspressa sin litteraturkritikk og litteraturhistoria. Kva skjer når litteraturkritikken får stadig mindre plass i media?

– Me har ikkje kasta oss på noko krisebølge, seier Heming Gujord.

Saman med Per Arne Michelsen er Gujord redaktør for jubileumsutgåva av Norsk litterær årbok (NLÅ). I haust kom den femtiande utgåva ut. Gujord er førsteamanuensis ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium ved UiB, Michelsen er førsteamanuensis ved Høgskolen i Bergen.

Gujord snakkar om debatten om litteraturkritikk, og mangel på denne i norsk dagspresse. Den siste tida har kritikk vore i vinden, og fleire har ytra seg kritisk om at norske aviser brukar stadig mindre plass på kritikk av bøker.

Men i NLÅ har ein artikkel om litteraturkritikk vore ein av dei årvisse artiklane. Faktisk var litteraturkritikk viktig då årboka vart stifta og kom ut med første utgåve i 1966. Hans H. Skei skriv i artikkelen som oppsummerer dei første femti åra om at grunnleggjar Leif Mæhle meinte at mange diktarar fort vart gløymde, og at «litteraturhistoriestøvet» for fort fekk legga seg over viktige forfattarskap. Mæhle meinte at det mest gapande tomrommet i det litterære samspelet var mellom litteraturkritikken i dagspresse og tidsskrift på den eine sida og litteraturhistoria på den andre. NLÅ skulle ha som ei viktig oppgåve å fylla dette tomrommet.

– Alle kan ikkje lesa alt, men synspunkt om litteratur kan koma ut til alle

Kritikk av kritikken
I 2015 er det stadig færre som melder litteratur i norske dagsaviser. I 2014 kutta VG om lag åtti prosent av meldingane sine. Bergens Tidende seier at dei har satsa på litteraturstoff, men førsteamanuensis Frode Helmich Pedersen, som har skrive artikkelen i NLÅ, og som tidlegare melde bøker for BT, er ikkje samd. Han er kritisk til innføringa av hjarte som terningkast, fordi han meiner det signaliserer at bokmeldingar handlar om kjensler og er ei tabloidisering av kritikken.

Bergens Tidende har òg eit prosjekt der kritikaren intervjuar forfattaren og kjem med sine innvendingar eller ros. Prosjektet har fått ein heil del kritikk, mellom anna av Helmich Pedersen i Morgenbladet (krev innlogging). Her skriv han at mellom anna BT sitt redaksjonelle grep er at det ser ut som om det i for stor grad går ut på å laga litteratursider for folk som ikkje i utgangspunktet er særleg interessert i verken litteratur eller litteraturkritikk.

– Det er ikkje så mange forskarar som meiner at dette er vellukka. Det er ein vanskeleg hybrid. Men BT prøver seg med noko nytt i ei vanskeleg tid, det skal dei ha, seier Gujord.

Han seier at dagspressekritikken har vore breitt vinkla, og at det er der tapet no skjer.

– Enkelte optimistar meiner at Internett og digitalisering kompenserer for det som tidlegare stod i dagspressa. Men kan ein digital kritikk samla så breitt, eller vert det for mindre klikkar, til dømes for forskarar? Litteraturkritikken i dagspressa var ein slags allmenning, seier Gujord.

– Kvifor treng ein litteraturkritikk?

– Litteratur i brei forstand er ein del av den offentlege samtalen. Slik har det vore så lenge ein har hatt trykt litteratur og trykt presse. Litteraturkritikken gir ein kontakt mellom forfattaren og eit breitt sjikt av lesarar. Alle kan ikkje lesa alt, men synspunkt om litteratur kan koma ut til alle, seier Gujord, og peikar på både eit opplysningsperspektiv og eit demokratiperspektiv. Samstundes understrekar han at dagspressa ikkje kan stillast til ansvar for ein endra mediekvardag.

Les òg: Edda i hundre

Ulven, Prøysen, Andøy
På utsida er jubileumsutgåva av NLÅ pynta med gullbokstavar. Men innhaldet er stort sett som det har vore. Her er nokre oversynsartiklar, tinga av redaktørane, og elles artiklar om både Knut Hamsun, Tor Ulven, Alf Prøysen og Thorvald Steen.

– Me har òg med ein artikkel om Jarle Andøy og Nordvestpassasjen. Det hadde ein nok ikkje skrive om i 1966, trur Gujord.

I den aller første utgåva var det fleire artiklar om lyrikk, men òg ein artikkel om fjernsynsteateret. Ein av forfattarane den gongen var ein ung Asbjørn Aarseth. Han vart seinare professor i nordisk litteraturvitskap.

– Me legg vekt på å ha ein mix på forfattarsida. I år er det både ein dansk professor emeritus og unge stipendiatar og ny-disputerte som har skrive artiklar. NLÅ skal vera ein stad der nye stemmer kan prøva seg, seier Gujord.

Artiklane i årboka er fagfellevurderte, og er på nivå 1 i det norske publiseringssystemet.

– Kan ein seia at NLÅ har vore ung og sprek?

– Nja, eg er ikkje sikker på om alle er samde i det. Men ein har vore open, og ein har følgt konjunkturane, seier Gujord.

Han viser til slutten av 1980-talet, der òg NLÅ var prega av mykje tungt teoristoff. Det var slik det skulle vera på den tida.

I alle femti åra har Det norske samlaget vore forlag for årboka. Kulturrådet har bidrege økonomisk.

– Årboka er for ei litteraturinteressert offentlegheit. Det er ingen artiklar som burde vore merka med «berre for meritterte forskarar», dette er for eit kompetent, interessert publikum, seier Gujord.

Berre i papirformat
Arbeidet med NLÅ 2016 er i gang. Kanskje vert det Gujord og Michelsen si siste årbok som redaktørar. Dei har no vore ansvarlege for fem utgåver. Før dei var Eirik Vassenden og Jørgen Sejersted redaktørar. Dei er òg tilsette ved LLE.

– Me fekk spørsmål om å ta over. Når me skal gi oss, ser eg på det som naturleg at me kjem med innspel til kven som kan ta over, seier Gujord.

I hans redaktørtid har det ikkje vore aktuelt at NLÅ skal gå over til å verta digital. Det er eitt unntak: Den årlege bibliografien, som viser vitskapelege artiklar frå året før, finst no berre på Internett. Redaktørane har fått tilbakemeldingar, òg frå yngre lesarar, om at den trykte versjonen er sakna.

– Mange studentar hadde sitt første møte med årboka som studentar gjennom nettopp denne bibliografien. Sjølv vart eg til dømes sendt vidare derifrå av Asbjørn Aarseth, seier Gujord.

BT svarar
– Utforskinga av nye format er ikkje akkurat mynta på akademikarar, svarar Gudmund Skjeldal, boksansvarleg i BT, på kritikken frå Gujord. 

–Me  er interesserte i avislesaren, også han eller ho som vanlegvis ikkje stoggar ved kritikksidene. Kanske kan kritikkintervjuet fanga dei? Uansett er det nyttig å minna lesaren på at det finst fleire dommar om ei bok. Dette gjer kritikkintervjuet synleg, trur me.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed