«Berekraft» inn i strategien

Publisert:28. oktober 2015Oppdatert:29. oktober 2015, 15:17
-- Eg vil ha omgrepet "berekraft" med. Her trur eg også at eg snakkar på vegne av mange studentar, sa styrerepresentant for dei vitskapleg tilsette, professor Kjersti Fløttum. Ho møtte ingen motstand i universitetsstyret. Foto: Colourbox.com

- Det kjem studentar til UiB som vil forandre verda, sa universitetsstyrerepresentant Peter M. Haugan.

På møtet onsdag fekk universitetsstyret presentert eit prøvetrykk av strategien som leiinga vil gjere gjeldande for perioden 2016-2022. 
 
– Strategien er viktig for korleis UiB skal posisjonere seg nasjonalt og internasjonalt. Vi vil medverke til eit samfunn der våre forskarar og studentar er aktive og kompetente deltakarar, sa rektor Dag Rune Olsen i si innleiing til strategien. 
 
Tittelen blir “Hav - liv - samfunn”
Dokumentet som i dag blei presentert er resultatet av eit arbeid som har pågått sidan 2013. Utkastet til strategi har vore på høyring hos ei rekke greiner av UiB.
 
– Dette er ikkje eit dokument som skal ligge i skuffa. Difor har det vore avgjerande at dekanane og fakulteta har vore med på denne prosessen, sa rektor Dag Rune Olsen. 
 
Kva ord som skal profilere UiB utad har fått mykje merksemd. Strategien som i dag vart lagt fram for universitetet sitt høgste organ har tittelen “Hav - liv - samfunn”. 
 
I dag var det liten diskusjon kring dette.
 
“Berekraft” inn på førstesida av strategien
– Eg er glad for at “hav” er tilbake. På den eine sidan byggjer vi på det mest framifrå vi har. Samtidig byggjer vi på noko som gjev store moglegheiter. Men er det nok? Eg vil ha omgrepet “berekraft” med. Her trur eg også at eg snakkar på vegne av mange studentar, sa styrerepresentant for dei vitskapleg tilsette, professor Kjersti Fløttum. 
 
Kjersti Fløttum tok til orde for at dei tre profilerande orda framleis skal vere “Hav - liv - samfunn”, men at innleiinga av strategien tydeleg skal kommunisere at UiB si verksemd er orientert mot eit berekraftig samfunn. 
 
Ho fekk støtte frå mellom anna studentrepresentant Thea Sofie J. Grastveit. 
 
– Eg trur “berekraft” er eit ord som lokker studentar. Det er mogleg at det er eit moteord, men eg trur at “bærekraft” er eit ord det er riktig å ha med, sa studentrepresentanten. 
 
Mot eit grønt skifte
– Det kjem studentar til UiB som vil forandre verda, sa Peter Haugan. 
Peter M. Haugan er professor i oseanografi. Han har deltatt i debatten kring Akademiaavtalen mellom UiB og Statoil. I styret representerer han dei vitskapleg tilsette. 
 
Haugan  minna om at det ikkje berre er universitets- og høgskulekartet som har endra seg dei siste åra. 
 
– Kven snakka om “grønt skifte” for to år sidan? Ingen. No snakkar ein til og med om at styrer har særlege ansvar for å ikkje hindre det grøne skiftet, sa Peter M. Haugan. 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed