Avsluttar menneskeleg klimaforsking

Publisert:16. oktober 2015Oppdatert:16. oktober 2015, 11:27
Professor Kjersti Fløttum har mellom anna forska på korleis ein snakkar om klimaendringar.

Ein stor, internasjonal konferanse avsluttar professor Kjersti Fløttum sitt treårige prosjekt i humanistisk klimaforsking.

Ho har intervjua stortingsrepresentar og skuleelevar. Formidla til seniorar og andre interesserte. Publisert forsking – og kome på trykk i prestisjetunge Nature.

Fredag og lørdag er Kjersti Fløttum, som er professor i fransk lingvistikk, hovudansvarleg for konferansen «The Human Side of Climate Change». Konferansen, der både nasjonale og internasjonale forskarar tek del, er ei slags avslutning av det treårige prosjektet Lingclim, som har vore finansiert av Noregs Forskingsråd gjennom Samkul-programmet.

Kanskje litt for optimistiske
– No gjer me opp status etter tre år. Men mange av oss kjem til å halda fram med humanistisk klimaforsking, seier Fløttum.

Sjølve konferansen er tverrfagleg og invitasjonane gjekk ut til ei brei gruppe; både humanistar, naturvitarar og samfunnsvitarar. Slik har òg prosjektet vore.

– Til ei viss grad har prosjektet vorte slik me hadde tenkt på førehand, men me var nok litt optimistiske i forhold til det tverrfaglege. Me har vorte kjende med kvarandre sine metodar, men tverrfagleg forsking tek tid, konkluderer Fløttum.

Saman med samfunnsvitar Endre Tvinnereim fekk ho i sommar ein artikkel på trykk i tidsskriftet Nature. Då vart ein samfunnsvitskapeleg metode nytta på språk.

Kvar er ein? Og kvar skal ein?
Når Fløttum og medforskarane no skal summera opp tre års arbeid, er det to ting dei fokuserer på, og som òg kjem til å vera tema på konferansen: For det første lurer dei på kvar ein er no. Kva har ein bidrege med til den tverrfaglege forskinga og til enkeltdisiplinane? Kva ny kunnskap har ein bidrege med? Og kva har dei bidrege med til samfunnet og til dei som skal fatta avgjerdsler?

- Det andre me skal diskutera, er kvar me skal gå vidare no. Det er eigentleg det viktigaste spørsmålet, kva trengs det forsking på? Det er nokre hol i den samla kunnskapsbasen, seier Fløttum.

Ho nemner at det er mykje innan hennar disiplin, språk og lingvistikk, som ein kan gripa tak i. Kva meiningar og haldningar har ulike menneske til klimaendringar?

– Kva nytte synest du forskinga dykkar har gjort for samfunnet rundt?

– Me har vist kor viktig språket ein nyttar om klima og klimaendringar er. Me ser at når folk får høve til å uttrykkja seg om klimaet med eigne ord, får ein eit mykje meir nyansert bilete.

I forskingsprosjektet som førte til artikkelen i Nature, stilte Fløttum og Tvinnereim eitt ope spørsmål i tillegg til mange lukka.

– Denne metoden er meir krevjande, og tek meir tid. Men det spørst om me ikkje skal gi oss sjølve den tida for å visa mangfaldet i meiningar og haldningar, seier Fløttum.

Kanskje liten førpremiere
Ein del av Lingclim har vore arbeidet med ein film om klima og språkbruk. Denne veka gjorde Fløttum dei siste intervjua. Klippearbeidet er òg i gang.

– No er det mest slikt arbeid att som eg ikkje skjønar meg på; fargar, lyd og bakgrunn. Målet er å få filmen vist på fjernsyn. Men me har òg tenkt å laga nokre mindre utdrag som mellom anna kan visast på YouTube, seier professoren, og legg til:

– Og kanskje vert den aller første snutten vist under konferansen.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed