Student vaska «Smiley»

Publisert:18. september 2015Oppdatert:18. september 2015, 20:53
Student Ole Christian Bjarkøy reingjorde gatekunstverket som portretterer den nyleg avdøydde byorginalen Tore Syvert Moen. Foto: Ida Bergstrøm og privat.

– Med Jif skurekrem gjekk det meste av tusjstrekane vekk, seier Ole Christian Bjarkøy.

Slik såg stensilen ut før student Ole Christian Bjarkøy gjekk laus på han med vaskemiddel. Foto: Ole Christian Bjarkøy

I dag skreiv BA.no at stensilen som portretterte byoriginalen Tore Syvert Moen nyleg har blitt tilgrisa av tusj. Nokon hadde valt å teikne over ansiktet på bildet, og tagge rundt verket.  Fredag ettermiddag har han fått vaska seg.  

– Eg var på veg for å lese pensum, men då eg såg at «Smiley» var herpa, fann eg fram det eg hadde og vaskemiddel i huset, og begynte å vaske. Med Jif skurekrem gjekk det meste vekk, seier Ole Christian Bjarkøy til På Høyden. Han er bachelorstudent i Digital kultur.

Ole Christian Bjarkøy fekk bort nesten alt. Nokre få stader kan ein framleis sjå spor etter tagginga.

– Gatekunst skal vere forgjengeleg. Men det var ille han skulle forsvinne så fort grunna vandalisme, seier Ole Christian Bjarkøy.

Malt på papir
Det er gatekunstnaren Argus som har laga biletet av Tore Syvert Moen som er å sjå på John Lundsplass ved SV-bygget. Moen døydde i mai 2015.

– Han kjem ikkje til å vare lenge viss ingen tek vare på han, seier Ole Christian Bjarkøy.

Delar av stensilen skal vere malt på papir.

Ønskjer gatekunst velkommen
– Mange har satt stor pris på Smiley, seier Siri Meyer, professor ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier.
Stensilkunstnaren Argus har kasta dei originale malane som blei brukt til å lage bildet av Tore Syvert Moen. Siri Meyer har vore i kontakt med han, og fått vite at han vil lage ein ny dersom det er nødvendig.

UiB har ikkje betalt noko for gatekunsten.

– Vi har sett på bilda Argus har laga på UiB sine bygg som store gåver, seier Siri Meyer.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed