Sosiale Maria

Publisert:11. september 2015Oppdatert:11. september 2015, 12:13
Maria Dyrhol Sandvik er rektor sin nye rådgivar. Sjølv om berre er 28 år, har ho ein lang CV. – Eg har alltid likt å ha mykje å gjera. Men det at eg gjorde mange ulike ting medan eg var student, er på ingen måte unikt. Det er mange som er med på mykje.
Friminutt:

Likar du rektoratet på Facebook? Møt kvinna som mellom anna er ansvarleg for rektor sine ytringar i sosiale media.

Den første månaden på jobb har vore hektisk: Opning av det akademiske året og opningveke for aulaen er berre noko av det Maria Dyrhol Sandvik har vore med på. Samstundes er det mykje møteverksemd og organisering. Foto: Tor Farstad

– No kom eg på noko eg har gløymt. Eg må berre senda ei tekstmelding.

Det er hektiske dagar for Maria Dyrhol Sandvik. Ho har vore tilsett ved UiB i ein månad, ein travel månad. Som rektor si høgre hand har ho vore med på mykje. Samstundes prøver ho å verta endå betre kjent med organisasjonen.

Taleskrivar – men ikkje veskeberar
Formelt er tittelen førstekonsulent. Men for at det skal vera lettare å forstå kva ho gjer, har ho i daglegtale tittelen «rektor sin rådgivar». Ein jobb ikkje heilt ulik ein politisk rådgivar.

– Kva gjer du ein vanleg arbeidsdag?

– Eg skriv mellom anna mange talar og lesarinnlegg. Det vil seia, anten skriv eg utkast som nokon i rektoratet ser på, eller så ser eg på utkast dei har skrive. Eg gjer òg ein del sosiale media-arbeid for rektoratet, og den første tida har eg hatt mange møte for å sjå på korleis ein kan samkjøra profilering av UiB, seier Sandvik.

I tillegg er ho ofte med rektor når har er ute på oppdrag.

– Men me vurderer kvar enkelt sak. Kva er det til dømes behov for å få tatt bilete av? Og når trengs eg?

– Må du òg hjelpa til med å bera vesker og anna?

– Nei, det må eg ikkje, seier Sandvik.

Ho seier at ho i prinsippet kunne vore saman med rektor nesten heile døgeret.

– Han er på jobb heile tida. Han har program stort sett kvar helg, eg er veldig imponert over kva han får med seg.

Sunnmørsjente
Sandvik har òg fått med seg ein heil del. 28-åringen har mastergrad i samanliknande politikk, ho har vore journalist og kommentator i Bergens Tidende, og var leiar i Studentersamfunnet i Bergen då dei fekk Christieprisen i 2012.

– Og så har du vore med i redaksjonen i Peikestokken (studentavisa ved Høgskulen i Volda, journ.anm)?

– Herlighet, har du funne ut det, seier Sandvik og ler.

– Eg trur ikkje eg var så flink då eg var der.

Ho kjem frå Gursken på Sunnmøre, ein liten stad ikkje så langt frå Ulsteinvik. Her fekk ho prøva seg i lokalavisa Vestlandsnytt, og medan ho studerte mediekunnskap i Volda jobba ho for lokalavisa Møre. Deretter gjekk ferda til Bergen og UiB.

– Eg har alltid vore glad i å ha mykje å gjera, men eg kunne nok brukt fleire timar på lesesalen. Eg synest eg har vore heldig som har fått prøva nye ting, og det at eg var såpass engasjert i studietida har nok opna nokre dører, seier Sandvik.

I Bergens Tidende har ho skrive kommentarar om mellom anna feminisme og valdtekt. Då har det hendt at eit og anna troll har sukke hovudet fram.

– Men med ein gong ein skriv om tema som valdtekt eller innvandring byrjar kommentarfelta å leva. Det eg har fått av tilbakemeldingar er likevel ingenting i forhold til kva innvandrarkvinner opplever. Eg har dessutan hatt ein redaksjon rundt meg og redaktørarar som tek tilbakemeldingane på alvor.  Det er tragisk kor mange innvandrarkvinner som har trekt seg frå samfunnsdebatten etter å ha vorte utsett for vald eller truslar om vald. Dette er eit samfunnsproblem ein snakkar altfor lite om, seier Sandvik engasjert.

Har vore kritisk til UiB
Sandvik har skrive om andre ting òg. Ein kritisk kommentar om akademiaavtalen til dømes.

– Eg veit at rektoratet har lese denne teksten, men det er ingen som har sagt noko om at det eg skreiv på nokon måte er problematisk. Det tenkjer eg heller ikkje at det er.

Sandvik seier at jobben hennar no er å fremja det rektoratet står for, men understrekar at det ikkje kolliderer med hennar eigne verdiar. Ho fortel at ho skreiv ein kommentar om rektorvalet i BT, og at sjølv om ho ikkje konkluderte tydeleg, var det Team Olsen ho snakka varmast for.

Den nye jobben ser ho på som ei moglegheit til å både få utfordringar og læra mykje nytt. Samstundes kjenner ho sektoren ganske godt, både fordi ho har vore aktiv som student og fordi ho har skrive om høgare utdanning og forsking som journalist.

Ho vart handplukka. Erlend Horn, som har vore rektor sin rådgivar, står øvst på Venstre si liste og kjem truleg til å verta i alle fall deltidspolitikar, og kanskje heiltidspolitikar, etter valet.

– Var det slik at rektor ringte deg med jobbtilbod?

– Det var Erlend som tok kontakt først. Eg har hatt ulike vikariat i BT, men no har eg vore ute av avisa ei stund for å gjera ferdig masteroppgåva mi. Eg tenkte at eg fekk eit godt tilbod.

Flytta heim? Eller ikkje flytta heim?
Kvifor skal utflytta bygdejenter flytta heim? På grunn av kompetansen dei har skaffa seg i byane? Eller for å bøta på fødselsstatistikken? Desse spørsmåla stilte Maria Dyrhol Sandvik i artikkelen «Men livmora mi får du aldri», som stod på trykk i tidsskriftet Røyst i vår. Ho skriv om heimfylket, det mannsdominerte Møre og Romsdal. Konklusjonen i artikkelen er at ho ikkje vil ønskjast heim til mørekysten berre for at heimfylket skal unngå fødselsunderskot.

Samstundes utelukkar ho ikkje at ho reiser heim ein gong. Det er til Gursken ho reiser dersom ho verkeleg treng å slappa av. Der kan ho senka skuldrane, om det så berre er for ei helg. Oppveksten skildrar ho som med fjord og fjell – og søndagsskulen – som viktige ingrediensar.

– Eg har berre gode minne frå søndagsskulen, men eg fekk ikkje så mange «sitja stille»-klistremerke. Eg var nok eit litt obsternasig og kranglete barn, samstundes som eg var flink til å leika åleine, trur Sandvik.

Ho har sterke band til heimbygda, og lengar ofte heim. Då ho som 20-åring reiste til Tromsø, var livet rett og slett ikkje berre enkelt. Det var langt heimefrå, og lyset plaga henne. Først var det mørkt, og kjendest som det aldri vart vår. Og då våren først kom, var det lys heile døgeret.

Mindre uteliv
Om ho ein gong flyttar heim, veit ho ikkje endå. Ho har fleire gode venner som framleis bur der, men to av dei næraste venninnene frå barndommen bur faktisk i Bergen. Sjølv bur Sandvik berre eit steinkast unna kontoret på Muséplass. Ho har vore aktiv i utelivet i byen, særleg som leiar for Studentersamfunnet.

– Eg likar jo å vera sosial, og går gjerne ut og tek ein øl. Men det vert ikkje så mykje uteliv lenger, eg skal jo opp og tidleg på jobb kvar morgon. Så eg gjer mykje det same som alle andre om kveldane: Er heime og ser tv-seriar saman med kjærasten.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed