– Få ting er viktigare enn havet

Publisert:15. september 2015Oppdatert:15. september 2015, 08:47
– Heile vårt virke og daglegliv er prega av havet: Havstraumane som susar forbi, vinden, fisken, oljen og gassen, seier Øyvind Paasche. Foto: Ida Bergstrøm

Regjeringa sin nye, marine masterplan er svært godt nytt for Øyvind Paasche, leiar av Bergen marine forskingsklynge.

1. september la regjeringa fram sin nyskrivne strategi for korleis Norge skal styrke si stilling innan marin forsking og verdiskaping, kalla Marin masterplan. Her blir dei marine forskingsmiljøa tilgodesett med ei konseptvalugreiing som innan overskodeleg framtid vil  konkludere med at ei samlokalisering av dei marine miljøa i Bergen er ein god idé.

Dette er godt nytt for Øyvind Paasche, leiar for Bergen marine forskingsklynge.

– Du er i dag leiar for ei forskingsklynge som ikkje er ei klynge. Kan du utdjupe?
– Definisjonen av ei klynge er ikkje at institusjonane er fysisk samlokalisert. Definisjonen av ei klynge er at erkjenner at ein har nokre felles interesser, som best kan sikrast ved samarbeid, seier Øyvind Paasche.

«Kunnskapsklynger», ein fusjon av næringsklynger og forskings-og utdanningsklynger, er i vinden. Oslo Cancer Cluster vert rekna for å vere ein stor suksess.

Store investeringar har vore lagt ned i Media City Bergen, der mediemiljøa snart flyttar inn. Klimaforskarar, middelalderforskarar og helseforskarar – alle vil dei ha si eiga klynge.

Felles front
– Samlokalisering kan vere ein kritisk faktor for samarbeid. Det kan til dømes opne for at ein lagar nye bygg, som kan vere med og fasilitere og stimulere til betre utnytting av infrastruktur. Vel er Helse Bergen og Nifes ulike, men dei har også mykje til felles, som til dømes utvikling av nye metodar og bruk av avanserte laboratorieutstyr. Det same kunne ein sagt om CMR og Havforskingsinstituttet, seier Øyvind Paasche.

Slår ein seg saman, vert ein sterkare enn summen av dei enkelte som står aleine, er tankegangen.

Å vere leiar for ei forskingsklynge tilfører også meir pondus enn å representere eit einsleg, vekkgøymt institutt.

– Drar ein til Brüssel, USA og Japan for å hevde ei sak, hjelper det at ein representerer åtte institusjonar. Når dei forstår at vi har ein felles front, verkar dette som ein døropnar.

Det er konkurranse
– Du er leiar for eit samarbeid mellom ei rekke institusjonar med kvar sine tradisjonar og kvar sine høvdingar. Korleis går det?

– Desse høvdingane innsåg ein gong i 2008 at «vel er vi krigande brør, men vi har meir å hente på å slå oss saman enn å stå kvar for oss», seier Øyvind Paasche, og utdjupar:

– Institusjonane i klynga - NOFIMA, Nansensenteret, UNI Research - dei har alle demonstrert suksess på eiga  hand. I eit lite land som Norge er det ikkje til å unngå at du ved ein eller fleire anledningar vil knuffe litt mot andre. Det er konkurranse. Men samtidig har kvar og ein sin eigenart og sine nisjer. Det som er felles, er at alle treng kunnskapsproduksjon og kapasitetsbygging. Og her er UiB eit nav.

Det blå potensialet er stort
Marin verdiskaping i Norge er i dag på 90 milliardar kroner. Norsk marin forsking er hyppig sitert, og vert difor rekna for å ha stor innverknad på internasjonal forsking på feltet.

– Få ting er viktigare for oss enn havet, det pregar heile vårt daglege virke. Norge er også høgt oppe på publiseringar, vitskapleg produksjon og siteringar. Dette er alle einige om. Alle er også einige om at innanfor havbruksnæring, human helse, fiskeri og bioprospektering er potensialet stort. Spørsmålet er kva som er verkemiddelet som kan realisere potensialet? Spør Øyvind Paasche. Han meiner regjeringa fortener ros for arbeidet med masterplanen.

– Dersom alt går vegen – KVU-en konkluderer med at de bør få pengane de ynskjer dykk. Samt eit moderne felles bygg, la oss seie til dømes på Marineholmen. Kva kan den marine forskinga i Bergen bli dersom potensialet blir realisert?

– Kan vi bygge ein stige til månen? Ja, det trur eg vi kan. Norge kan bli verdsleiande innanfor marin forsking. Det fordrar eit tettare samarbeid mellom næringsliv og forsking, seier Øyvind Paasche.

Skal Norge bli verdas beste, fordrar det også at dei beste forskarane droppar jobbtilbod i Paris, Tokyo og Boston. Dei må bli overbeviste om at Nordnes er betre enn Latinarkvarteret. At regn er like bra som det amerikanske austkyst-klimaet. Lite kjem til Bergen av seg sjølv.

– Vi må vere ekstremt synlege. Og vi må vise at vi har noko betre å by på, seier Øyvind Paasche.

– I Masterplanen blir Bergen utpeika som ein slags spydspiss for den marine forskinga. Er det openbart at klynga bør ligge i Bergen?
– Ja. Ikkje berre har vi den største andelen av marin forsking og dei beste forskarane. Vi har også store næringsaktørar. Vi har ein lang tradisjon av marine forskarar som Nansen, Sverdrup, Hjort, Helland-Hansen, Bjerknes, som har rydda veg for det internasjonale miljøet i Bergen. Av FoU-midlar til sektoren tek Vestlandet nærmare 60 prosent. Ei samlokalisering i Bergen må sjåast på som ei nasjonal investering, på linje med veterinærutdanninga på Ås og Fram-senteret i Tromsø.

– Kvar i Bergen bør klynga ligge?
– Det trur eg denne KVU-en vil gjere heilt klart. 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed