Juss og fanteri

Publisert:25. august 2015Oppdatert:25. august 2015, 09:08
I fjor vart 20 jusstudentar tekne i fusk.

I fjor vart 20 jusstudentar tekne i fusk. Men færre enn tidlegare vert utestengt frå studia.

– Me ser fuskesaker over heile linja, seier jussdekan Asbjørn Strandbakken. Fakuteltet sender alle innleverte studentarbeid gjennom eit tekstgjenkjenningsprogram. Arkivfoto: Dag Hellesund

Studentar som lånar oppgåver hos kvarandre og leverer inn noko som er til dels svært likt kameraten sitt arbeid. Avskrift av Wikipedia eller andre oppslagsverk. Feil utgåve av lovsamlingar, eller lovsamlingar det ikkje er lov å ha med, på pulten under bokkontrollen.

Alle døma over er ikkje frå Det juridiske fakultetet. Men framleis er det slik at flesteparten av UiB-studentane som vert tekne i fusk kjem frå nettopp dette fakultetet.

Ny handsaming
I 2014 var det 16 jusstudentar som fekk annullert eksamen. To fekk både annullert eksamen og vart stengt ute eit semester, og for to av studentane enda Den sentrale klagenemnda si handsaming med at dei fekk annullert eksamen og vart utestengt i to semester. Ei av sakene som hamna i klagenemnda enda med at studenten vart frifunnen.

Talet på fuskesaker frå fakultetet på Dragefjellet er om lag som det har vore dei siste åra. Men det er færre studentar som vert utestengde etter å ha vorte tekne i fusk. I 2013 sa dekan Asbjørn Strandbakken at fakultet ikkje ville senda fuskesaker over til klagenemnda fordi dei meinte at nemnda var for strenge.

– No ser me at nemnda har justert praksis, så no sender me saker til dei igjen, seier Strandbakken.

Per Gunnar Hillesøy, som er seniorrådgivar ved universitetsdirektøren sitt kontor og sekretær for klagenemnda, stadfestar dette.

– I nokre typer saker der ein tidlegare konkluderte med utestenging har klagenemnda no valt å berre annullera eksamen, seier han.

Strengare med dei langtkomne
Ved Det juridiske fakultetet vert alle studentoppgåver sendt gjennom tekstgjenkjenningsprogrammet Ephorus. Studentar som har levert tekstar som vert kjende att får innkalling til møte med fakultetsleiinga.

– I mange tilfelle kunne vel studentane berre oppgitt kjelda, så hadde det vore greitt?

– Det er ikke eit problem å sitera frå andre sitt arbeid så lenge ein viser kva kjelde ein har brukt. Men gjer ein ikkje det, er det juks og fanteri. Det er heilt uakseptabelt å gjengi andre sitt arbeid som sitt eige, seier Strandbakken.

Det er det humanistiske fakultetet som har hatt nest flest fuskesaker. I 2012 var talet sju, i 2013 seks. I fjor var det ei sak frå HF, to frå psykologi, ei frå Det matematisk-naturvitskaplege og to frå SV. Ein student vart utvist i eitt semester, medan to fekk utestenging i to semester som straff.

– Kva må ein ha gjort dersom ein vert utestengt i to semester?

– Det er i utgangspunktet same type fusk. Men ein reagerer strengare til dømes dersom det er langtkomne studentar, som masterstudentar, og dersom ein ser systematisk plagiering. Same reaksjon kan ein få dersom ein utset ein annan for ugrunna mistanke om plagiering, seier Hillesøy.

Den sentrale klagenemnda sin årsrapport vart handsama i universitetsstyret i april. I saksframstillinga heiter det at «universitetsdirektøren bemerker at også i 2014 er omfanget av saker om plagiat, andre uregelmessigheter ved obligatoriske arbeider og fusk ved eksamen relativt høyt. Det kan se ut som om det har flatet ut, grunnlaget for å spå om utviklingen framover er usikkert». Samstundes vert det åtvara mot å ta talet på fuskesaker som kjem inn til klagenemnda som ein sikker indikasjon på kor mykje studentfusk det er ved UiB. På Høyden har tidlegare skrive at fakulteta har ulik praksis for bruk av Ephorus.

Startar i Høgsterett
Så langt i år har klagenemnda handsama 14 saker. Dei har nytt møte denne veka, med ti fuskesaker på dagsorden. To av dei handlar om brot på reglane om kva hjelpemiddel ein kan nytta til eksamen, og kjem frå juss.

Tysdag starta saka mellom ein tidlegare jusstudent og Staten i Høgsterett. Det Høgsterett skal ta stilling til, er om det er grovt uaktsomt å gløyma att ein lapp på pulten under bokkontrollen. Ved Det juridiske fakultetet skal studentane møta 40 minutt før eksamen. Ein halvtime før eksamen byrjar bokkontrollen. Då skal studentane ha lagt frå seg det dei skal bruka under eksamen på pulten. Det vil seia både matpakke og lovlege hjelpemiddel. Men på studenten sin pult vart det funne eit ark med relevante dommar. Han hadde gløymt dei, sa han. Grovt uaktsom, sa både klagenemnda ved UiB, den nasjonale klagenemnda og tingretten. Lagmannsretten var ikkje samd, og frifann studenten.

Ei sak frå i vår, som På Høyden har fått tilgang til via UiB si postliste, liknar. Bokkontrollen fann fire samanstifta ark med eit mønstersvar på pulten ved sidan av den den kvinnelege studenten skulle bruka under eksamen. Studenten innrømmer at arka er hennar, men seier at ho ikkje veit korleis dei kan ha hamna der. Saka er ei av dei som skal handsamast av klagenemnda neste veke.

– Så lenge me ikkje har ein rettskraftig dom, handsamar me slike saker på same måte som me har gjort tidlegare, seier seniorrådgivar Johanne Spjelkavik hos Det juridiske fakultetet.

– Del av opplæringa
Dekan Strandbakken seier at fakultetsleiinga ofte trur på studentane når dei seier at dei ikkje har prøvd å fuska under eksamen. På postlistene har på Høyden funne fleire saker der jusstudentar har vorte tekne med anten lovsamlingar som ikkje er lov til den aktuelle eksamen eller med ei lovsamling der dei har skrive inn notat. Lovsamlinga utan notat ligg att heime.

– Men det handlar ikkje om me trur på dei eller ikkje, det handlar om om dei har vore aktlause eller ikkje. I arbeidslivet studentane kjem til å møta som juristar eller advokatar er det både fristar og andre ting dei må halda seg til. Å læra dei å ha med seg det dei skal og møta til rett tid ser me på som ein del av opplæringa, seier Strandbakken.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed