Holberg blir digital

Publisert:14. august 2015Oppdatert:14. august 2015, 12:46
Bjørn Willberg Andersen frå Den Nationale Scene framførte «Rasmus Bergs siste dager». Foto: Hilde Kristin Strand

Ludvig Holberg sine samla skrifter finst no nær deg. Ei digital, fersk utgåve av dei omlag 300 år gamle tekstane gjer at nye generasjonar kan verta kjende med dei.

Frode Thorsen, professor og instituttleiar ved Griegakademiet, har forska på Ludvig Holberg. Holberg spelte både fløyte og fiolin. – Han såg på musikk som ein del av fagkrinsen sin, sa Thorsen. Saman med førsteamanuensis Hans Knut Sveen på cembalo ga Thorsen dei frammøtte ein smakebit på musikk frå Holberg si tid. Foto: Hilde Kristin Strand
Professor og prosjektleiar Gunnstein Akselberg var stolt over å kunne presentera ei digital utgåve av Ludvig Holberg sine skrifter. UiB har hatt ansvar for Holberg sin sakprosa, medan danske forskarar har sett på skjønnlitteraturen. Foto: Hilde Kristin Strand

– Det er ein stor dag for oss alle at me har nådd så langt som i dag. No kan ein uhindra gå på oppdagingsferd på kryss og tvers i Ludvig Holberg sine tekstar. Han var meir eller mindre åleine om å føra vår del av verda inn i den nye tida.

Det sa professor og prosjektleiar Gunnstein Akselberg då han torsdag stolt kunne visa fram Ludvig Holbergs skrifter (LHS). På nettstaden holbergsskrifter.no, eller på holbergsskrifter.dk, finn ein no Ludvig Holberg sine tekstar. Tekstane er som dei var i førsteutgåvene, men frakturskrifta, også kalla gotisk skrift, er skifta ut. Men ein kan òg sjå korleis tekstane såg ut i original form. Tekstane har òg fått innleiingar og kommentarar. I kommentarane vert mellom anna vanskelege omgrep forklarte.

Vil ha inn i skulen
Ludvig Holberg (1684-1754) er både norsk og dansk. Fødd i Bergen, men han budde store deler av livet og døydde i Danmark. Det store prosjektet om å digitalisera heile Holberg sin litterære produksjon har snart vart i sju år. Ved nyttår vert prosjektet, som er eit samarbeid mellom UiB og Det Danske Sprog- og Litteraturselskab i København (DSL), avslutta.

Akselberg seier til På Høyden at målet er at den digitale utgåva vert brukt av alle, ikkje berre av forskarar.

– Håpet er at ho vert brukt ute i skulane, men elevane må nok først få ein introduksjon frå lærarane sine, seier Akselberg.

Søren Petter Hansen er lektor og tilsett i DSL. I innlegget sitt la han vekt på at digitaliseringa kan gi Holberg eit betre liv i undervisningssamanheng.

– Ofte er det dei same tekstane som vert lesne av skuleelevar. Og kva tekstar ein les, heng saman med kva tekstar skulane har i sine boksamlingar. Digitaliseringa gjer at elevane kan lesa tekstane med kommentarar og dei kan sjølve søkja i dei, sa Hansen.

– Eg meiner at digitaliseringa kan føra Holberg inn i sitt fjerde århundre.

– Sette premiss
Kven var så denne Holberg? Han var både forfattar og vitskapsmann. I 1714 fikk han sitt første professorat, og fra 1730 var han professor i historie. I dag les ein først og fremst komediene hans, med den faglitterære produksjonen hans er på heile 16 000 sider. Holberg var òg ein viktig representant for opplysningstida sine tankar og idear.

– 1814, som me feira i fjor, hadde vore temmeleg utenkjeleg utan Holberg i kulissane. Han sette mange av premissane, sa Akselberg i si velkomsthelsing.

Og kanskje har Holberg noko å seia moderne menneske òg. Filosof Jon Hellesnes, som er professor emeritus ved Universitetet i Tromsø, drog ein parallell frå Holberg sine tekstar til dagens reformer. Han fortalde om den utopiske, satiriske reiseromanen som fleire av Holberg sine samtidige skreiv. Dette skjedde i ei tid der samfunnskritikk kunne føra til både bøter og annan straff. Kritiske skribentar måtte difor ytra seg indirekte.

– Dei sendte frå seg ein «konvolutt av fabler», som Holberg sa, sa Hellesnes.

Prosjektmakarane
I «Nicolai Kliimi iter subterraneum», betre kjent som «Niels Klims underjordiske reise», kjem hovudpersonen til landet Potu. Lese baklengs vert det utop.

– Holberg såg faremomenta ved opplysningsprosjektet, sa Hellesnes, og fortalde om korleis innbyggjarane i Potu såg på prosjektmakarar: Dei som hadde ein idé til eit nytt prosjekt eller ei reform, måtte stå på torget med ei løkke kring halsen. Rundt dei stod landets lærde. Dersom framlegget til endring hadde få eller ingen skaldege verknader vart alle glade, og det vart arrangert fest. Men dersom forslaget kunne gjera meir skade enn gagn, vart den som kom med forslaget stempla som prosjektmakar. Då vart ein anten hengt eller forvist frå landet.

– Dette skjedde med Niels Klim. Han kom med framlegg om å avskaffa likestilling mellom kjønna. Det klarte han ikkje å forsvara, og vart difor forvist frå Potu.

Frå Holberg drog Hellesnes ei linje til vitskapsfilosofen Karl Popper.

– Han sa at ein ikkje kan ha politiske reformer utan å òg få uønska sideverknader, og åtvara mot å ta for store steg om gongen, sa Hellesnes.

– Så kan ein sjå på kva som har vorte gjort i postverket, i skuleverket, UH-sektoren og trygdesystemet. Det har ikkje gått heilt bra. No får me store reformer i både politiet og i kommunenorge. Prosjektmakaren sin kvilelause ande er over det heile.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed