Byter ut Horn

Publisert:12. august 2015Oppdatert:12. august 2015, 13:46
Under det ekstraordinære universitetsstyremøtet tysdag denne veka sat både Erlend Horn og Maria Dyrhol Sandvik på tilhøyrarplass.

Erlend Horn kan ikkje vera rektor sin rådgivar samstundes som han er Venstre sin toppkandidat. Maria Dyrhol Sandvik er headhunta som vikar ut året.

– Mange UiB-tilsette er listefyll på ulike partilister, og det er heilt uproblematisk. Men UiB skal ikkje verta teke til inntekt for eitt politisk syn, seier rektor Dag Rune Olsen.

Tidlegare denne veka la rektoratet ut ei melding på Facebook om at Maria Dyrhol Sandvik hadde sin første dag på jobb som rådgivar for rektoratet, og at ho skulle avløysa Erlend Horn. Han har vore tilsett som rådgivar ved rektors kontor sidan 2014. Då hadde han avslutta vikariatet som gruppeleiar for Venstre i bystyret. Han har vore bystyrepolitikar dei fire siste åra, men no står han øvst på Venstre si liste til kommunevalet.

Ikkje begge sider av bordet
– Erlend skal over i ei anna og litt redusert stilling. Han kjem til å driva mykje valkamp den neste månaden, seier Olsen.

Han seier at å vera listetopp for eit politisk parti ikkje kan kombinerast med jobben som rektor sin rådgivar.

– Ein skal ikkje forskuttera noko, og særleg ikkje i bergenspolitikken, men når han er førstekandidat er det ikkje usannsynleg at Horn kjem til å vera heiltidspolitikar etter valet, seier rektor.

Som rådgivar for rektor er ein ofte med på ulike oppdrag, òg når rektor møter politikarar eller representantar for kommuneadministrasjonen. Ved slike høve vert det vanskeleg å ha ein rådgivar som er politisk engasjert.

– Dei me møter skal ikkje få kjensla av å møta nokon som sit på begge sider av bordet, seier rektor.

No skal Horn jobba for kommunikasjonsavdelinga.

– Er det ein klok stad å plassera han?

– Kommunikasjonsavdelinga vår har mange ulike oppgåver. Han kjem ikkje til å ha ein utadretta funksjon, understrekar Olsen.

Henta frå BT
Som vikar ut året har rektoratet headhunta Maria Dyrhol Sandvik. Ho er tidlegare leiar for Studentsamfunnet i Bergen og har dei siste åra vore kommentator og journalist i BT. Ho har mastergrad i samanliknande politikk og skriv òg for tidsskriftet Røyst.

– Me var ute etter nokon som er flinke til å skriva, både talar og debattinnlegg, og som kan plukka poeng kjapt og gjera dei om til gode tekstar. Det kan Maria absolutt, seier Olsen, og legg til at han har lagt merke til det Sandvik har skrive for BT.

Han seier at no når det er så mykje som rører seg i UH-sektoren, både spørsmålet om leiingsmodell, finansiering og fusjon, har UiB-leiinga tenkt å meina noko offentleg i fleire av desse sakene.

– Då treng me nokon som kan skriva godt.

Sandvik er tilsett i eit vikariat ut året, og er tilsett utan utlysing. Lova opnar for dette for engasjement som varer opp til seks månader. Det same vart gjort då Erlend Horn vart tilsett. Då vart stillingen lyst ut på vanleg måte då han vart gjort permanent. Men både prosessen og lønsnivået fekk den gongen kritikk.

– Sjølv om de har lova på dykkar side, hadde det ikkje vore lurt å lysa ut dette vikariatet?

– Nei. Då kunne me risikert å plutseleg ha to tilsette. Eg ønskjer ikkje å auka talet på tilsette i administrasjonen utan vidare, då vil eg først ha ei behovsvurdering. Me treng å ha fokus på kor mange vitskapeleg tilsette me har og kor mange administrativt tilsette me har, seier Olsen.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed