Lærte om eigen rettskultur – i Kina

Publisert:6. juli 2015Oppdatert:6. juli 2015, 06:10
Stipendiat Esmeralda Colombo og professor Ragna Aarli har nyleg vore i Kina. Dei fortel om mange skilnader, men òg nokre likskapar, mellom norsk og kinesisk rettssystem.

Finst det likskapar mellom norsk og kinesisk rettskultur? Stipendiatar frå Det juridiske fakultetet har nyleg vore i Kina og lært meir om både kinesisk – og eige – system.

Gruppa samla ved Mao-statuen utanfor Fudan universitet i Shanghai. UiB prøver å gjera ph.d.-kurset til eit felles, nordisk prosjekt. I år var det med ein dansk stipendiat, neste år er målet å få med deltakarar frå både Danmark og Finland. Frå venstre: Thea Cornelia Geitz, professor Ragna Aali, professor Karl Harald Søvig, ph.d.-koordinator Mari Myren, Esmeralda Colombo, Kariann Olsen Salte, Kristian Strømsnes, Marie Holm, Vibe Thimgaard Knoop (ph.d.-kandidat frå Syddansk Universitet). Foto: privat
Norske og kinesiske stipendiatar samla til rundebordspresentasjon ved det anerkjente Renmin universitetet i Beijing. Foto: privat

– Då me hadde ein rundebordspresentasjon ved Renmin universitet i Beijing, var det ein av dei kinesiske stipendiatane som orsaka systemet deira. Eg sa at systemet sjølvsagt ikkje var hennar feil. Men dette viser at kinesiske forskarar sjølve ser svakheitene i systemet, seier Esmeralda Colombo.

Ho er ein av stipendiatane i rettsvitskap som nyleg var i Kina. Det juridiske fakultetet sender kvart år stipendiatane til det nordiske universitetssenteret i Fudan og til Renmin universitet i Beijing.

Måtte ha kjennskap til kulturen
– Dei lærer noko om kinesisk rettskultur. Det er viktig, for Kina er ei stormakt, og har eit anna rettssystem enn me har. Men eg trur eigentleg dei lærer mest om vårt eige system når dei er i Kina. Det er store skilnader, seier professor Ragna Aarli, som er ansvarleg for kurset.

Colombo stadfestar dette.

– Før me reiste las eg artiklane Ragna kom med forslag om. Men medan eg førebudde presentasjonane eg skulle ha i Kina, skjønte eg at eg måtte ha meir bakgrunnsinformasjon. Eg måtte ha med meg ei kulturell forståing, det handlar ikkje berre om lover, seier stipendiaten.

Ikkje samde om strafferett
Kurset ph.d-ane kan delta på, avsluttar det første semesteret av forskarutdanninga. I fire år har fakultetet fått Spire-midlar frå UiB sentralt. Det er desse midlane som har gjort det mogleg å reisa. På turen i juni var alle dei aktuelle UiB-stipendiatane med. I tillegg får stipendiatar som tek graden ved UiB, men er heimehøyrande ved andre institusjonar, høve til å vera med. Men dei må betala reisa sjølve.

 Ein viktig del av turen er at stipendiatane skal presentera sine eigne prosjekt. Dei kinesiske studentane dei møter gjer det same.

– No var det mellom anna ein av stipendiatane som presenterte eit formuerettsleg prosjekt. Det viser seg at ein stipendiat frå Kina har eit temmeleg likt prosjekt. Innan privatrett er reglane temmeleg like, men det er verre å verta samde om strafferett, seier Aarli.

Hadde ikkje lover
Medan Mao styrte Kina hadde ein ikkje lover. Tanken var at kommunismen ikkje trengte det. Men før Mao kom til makta i 1949, hadde Kina ein rettstradisjon. Etter Mao sin død i 1976 har ein teke opp eit til dels vestleg rettssystem.

– Men ein har tradisjonelt hatt eit system som byggjer på «rule of man», altså der ein meiner at det er menneska som skaper dei beste lovene. Det har gitt eit meir autoritært system enn me, som lenge har bugd rettssystemet på «rule of law», er vane med, seier Aarli.

Kina har domstolar i fleire nivå slik som i Noreg, men dei er ikkje like uavhengige.

– Ein kan ha politisk overstyring av domstolane, og dei er ikkje rettsskapande, slik Høgsterett er hos oss. Det er òg slik at underordna domstolar kan søkja rettleiing lenger oppe i systemet. Det er utenkjeleg for oss, då er ikkje neste nivå uavhengige dersom ei sak vert anka, seier Aarli vidare.

Drap=drap
Men medan kinesiske forskarar på den eine sida orsakar systemet landet nyttar, synest dei òg at dei norske reglane er merkelege og milde. Kina har dødsstraff, og dersom ein vert dømt til livsvarig fengsel – så er det faktisk livsvarig.

– Kinesarane me møter ristar på hovudet over vår ordning med 21 år som maksimal straff, seier Aarli.

– Mange synest det er eit rettvist system: Dersom du drep nokon vil du sjølv verta drepen, supplerer Colombo.

Ser til Skandiavia
Både professoren og stipendiaten peikar på nokre sider ved det kinesiske rettssystemet som fungerer godt. Ein har mellom anna ein sosial kontroll.

– Den er ei form for suksess, Kina har ikkje høge kriminalitetstal om ein samanliknar med folketal, seier Aarli.

– Me ser òg at kinesarane er interessert i det skandinaviske rettssystemet. I sosialdemokratia har ein klart det som er målet for Kina: velferd og auka livsstandard for alle.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed