Museet gløymd på lista

Publisert:2. juni 2015Oppdatert:3. juni 2015, 09:05
Dei naturhistoriske samlingane stengte 1. november 2014. Det er ingen som veit når sjiraffen og dei andre dyra får flytta heim.

– Hadde det vore opp til meg og Venstre, hadde det vorte pengar til Universitetsmuseet, seier Terje Breivik. – Eg kan ikkje sjå museet på kravlista, svarar Gjermund Hagesæter (Frp).

Regjeringa fann ikkje pengar til Universitetsmuseet i revidert nasjonalbudsjett. Heller ikkje då regjeringspartia forhandla med KrF og Venstre fann dei pengar til museet.

– Hadde det vore opp til meg og Venstre, hadde det vorte pengar til museet. Me hadde det med på kravlista og til diskusjonen rundt bordet, seier Venstre sin nestleiar, Terje Breivik.

Viser til kvarandre
Breivik har tidlegare sagt at han var overraska over at oppstartsmidlar til fase to av museumsprosjektet ikkje kom inn i regjeringa sitt forslag til revidert nasjonalbudsjett.

– Kvifor fann de ikkje pengar til Universitetsmuseet, Gjermund Hagesæter?

– Det må du spørja KrF og Venstre om, seier Frp sin finanskomitemedlem.

– Venstre sa eg måtte spørja deg.

– Eg ser ikkje museet på lista, seier Hagesæter, og ber om å få ringa tilbake.

Etter å ha snakka med Breivik, seier han følgjande:

– Breivik seier at dette kravet var med på ei tidleg liste. Det har eg rett og slett ikkje registrert, så kvifor museet er kasta ut, veit eg ikkje. Men det kjem alltid fleire krav enn ein kan innfri.

– No må arbeidet stoppa og utstyr riggast ned. Kva tenkjer du om det?

– Det er veldig dumt og veldig trist, og den argumentasjonen du kjem med no, er god. Men nokon burde tatt kontakt med meg på førehand slik at eg var obs på dette. Målet vårt no har vore å koma i mål med forhandlingane.

– Kjem det pengar til museet i neste nasjonalbudsjett?

– Det er ikkje slik at eg no kan lova at det kjem pengar til hausten. Det er alltid ein kamp om midlane.

Skuffa rektor
UiB-rektor Dag Rune Olsen er skuffa. Han seier i ei pressemelding at han hadde god tru på at fleirtalet i Stortinget ville gi museet ei lita, men naudsynt løyving til oppstart.

– Ei løyving i revidert nasjonalbudsjett var naudsynt for å vidareføra oppussinga av midtfløyen og nordfløyen, seier Olsen.

Han seier at UiB no må vurdera korleis dei skal løysa ein situasjon der Dei naturhistoriske samlingane må halda stengt på ubestemt tid. Manglande finansiering vil bety byggestopp.

– Det gode samarbeidet og kompetansen som er opparbeidd forsvinn no, sidan prosjektet vert utsett. Det er synd.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed