Lingvist og samfunnsvitar i Nature-tidsskrift

Publisert:1. juni 2015Oppdatert:15. mars 2016, 12:15
– Det er dette som er så flott med å arbeida tverrfagleg. Me kan bruka kvarandre sine metodar og koma fram til ny kunnskap, seier professor Kjersti Fløttum. Saman med forskar Endre Tvinnereim har ho ein artikkel på trykk i siste nummer av tidsskriftet «Nature Climate Change». Foto: Hilde Kristin Strand

– Eg er stolt på vegne av faget, seier franskprofessor Kjersti Fløttum. Saman med samfunnsvitar Endre Tvinnereim har ho ein artikkel på trykk i Nature Climate Change.

1. juni er truleg ein dato Endre Tvinnereim, forskar II ved Uni Research Rokkansenteret, og professor Kjersti Fløttum kjem til å hugsa. Dette er datoen artikkelen deira «Explaining topic prevalence in answers to open-ended survey questions about climate change» kom på trykk i det anerkjende tidsskriftet «Nature Climate Change», som er ein del av Nature-gruppa.

– Det er litt artig at ein statsvitar og ein lingvist skriv noko Nature Climate Change vil trykka. Eg er stolt på vegne av faget, seier Fløttum, som er professor i fransk språkvitskap.

Emnemodellering
Fløttum leiar Lingclim-prosjektet, der forskarane ser på i kva grad og på kva måte språket spelar ei rolle i klimadebatten. Ho leiar òg forskargruppa som no lagar film om klimadebatten. Artikkelen i Nature Climate Change tek utgangspunkt i ei undersøking i regi av Norsk Medborgerpanel og Lingclim hausten 2013. Spørjeundersøkingar skjer gjennom avkryssing på skjema. Men Medborgerpanelet brukar òg opne spørsmål, denne gongen: «Kva tenkjer du når du høyrer eller les ordet ‘klimaendring’?»

Dei fekk 2115 svar. Å strukturera desse manuelt er både vanskeleg og veldig mykje arbeid. Forskarane nytta difor metoden «structural topic modeling».

– Ein kan kalla det ei emnemodellering, der ein ser på kva ord som vert brukt, kva ord som vert brukt saman og kor ofte dei vert brukt. Programmet deler så svara inn i emne. Dette må ein så tolka og gå gjennom manuelt for å sjå om det heng på greip, seier Tvinnereim.

Svara hamna i fire kategoriar: vêr/is, framtid/konsekvensar, pengar/forbruk og årsak.

– «Ekstremvêr» er det mest brukte svaret, seier Tvinnereim.

– Svara vert meir nyanserte når deltakarane får formulera sjølve. Samstundes ser me at nokre av svara på det opne spørsmålet stemmer med svara me får når me stiller lukka spørsmål. Me ser til dømes at dei som svarar at dei er svært uroa over klimaendringane òg er dei som er mest opptekne av framtida, seier Fløttum.

Ny metode og nye resultat
Dei to forskarane trur det er to årsaker til at Nature Climate Change valte deira artikkel: Ny metode og resultat ein ikkje har kome fram til før.

– Det vert meir og meir vanleg å nytta tekst som data for oss samfunnsvitarar, fordi det finst meir og meir digital tekst tilgjengeleg. Samstundes finst det òg mange gratis dataprogram som kan analysera, som dette som heiter «R», seier Tvinnereim.

Han trur noko av grunnen til at artikkelen kom gjennom nålauga var at forskarane brukar nye data, laga av eit representativt utval nordmenn. Men bergensforskarane fekk ikkje godkjent det første utkastet.

– Det var eit par store revisjonsrundar, men me fekk positive tilbakemeldingar med ein gong, seier Fløttum.

Har samanlikna med USA
Fløttum og Tvinnereim har òg samanlikna svara dei fekk med undersøkingar frå USA og Storbritannia. Dei finn at menneskelege og sosiale aspekt ved klimaendringar er mykje tydelegare i nordmenn si oppfatting av slike endringar.

USA er meir polarisert. Der har ein framleis òg nokre tydelege røyster som hevdar at klimaendringane ikkje er menneskeskapte, seier Fløttum.

Det er meir råmateriale att som kan verta fleire artiklar, og arbeidet med den ferske metoden vert utvikla. Tvinnereim har testa svar frå 800 respondentar på opne spørsmål.

– Det er vanskelegare. Ein får så få svar i kvar kategori. Svara me fekk i denne undersøkinga er så mange at ein kan gjera mykje med dei.

Forskaren meiner at ein kombinasjon av opne og lukka spørsmål ofte er best. Då kan ein få med bakgrunnsopplysningar om respondentane.

– Det kan mellom anna vera interessant å sjå på kva parti deltakarane i undersøkinga røystar på, seier Fløttum.

Forskarane har stilt fleire opne spørsmål i seinare rundar av Medborgerpanelet, som vil gi materiale til fleire artiklar.

– Det kan òg verta ein språkvitskapeleg publikasjon, smiler Fløttum.

– Her er det mykje datamateriale å ta av, som unge forskarar kan ha glede av, seier Tvinnereim.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed