137 millionar til dei flinkaste

Publisert:24. juni 2015Oppdatert:24. juni 2015, 12:18
Med litt hjelp frå rektor Dag Rune Olsen fekk Kåre Rommetveit opp pennen og kunne signera avtalen. Dei 68,5 millionane er den største enkeltsatsinga BFS har gjort. No har stiftinga tildelt UiB meir enn 450 millionar kroner totalt. Foto: Hilde Kristin Strand

Dei neste fire åra skal fire toppforsk-miljø dela på 137 millionar kroner. Den eine halvparten kjem frå UiB, via Kunnskapsdepartementet, den andre halvparten betaler Bergens forskningsstiftelse.

– Eg seier som professor Magne Espedal sa: Kompetanse går på to bein.

Det sa Kåre Rommetveit frå Bergens forskningsstiftelse (BFS) då han saman med UiB-rektor Dag Rune Olsen underteikna avtalen om at BFS skal bidra med 68,5 millionar kroner til toppforsking dei neste fire åra. UiB legg like mykje pengar i potten. Dei kjem frå Kunnskapsdepartementet si toppforsk-satsing.

UiB har allereie kalla to tyske professorar. To andre miljø kjem òg til å få toppforskarar, men kallinga av dei skjer ikkje før til hausten. Rektor vil førebels ikkje avsløra kva fagmiljø dei høyrer heime i.

Ikkje berre løn
BFS-ordninga der unge forskarar får rekrutteringsstipend er godt kjent. Rommetveit understrekar at det ikkje er ein motsetnad mellom den ordninga og å gi pengar til internasjonale toppforskarar som vil koma til UiB og Bergen.

– Me ønskjer å setja søkelyset på kor viktig god rekruttering er. Desse forskarane går inn i gode miljø ved universitetet, og dei kan styrka fagmiljøa. Pengane frå BFS gjer det mogleg å satsa kraftigare på å legga til rette for desse forskarane. Det er pengar til meir enn løn, understreka Rommetveit.

137 millionar kroner vil gi mellom seks og sju millionar kroner til kvart av dei fire fagmiljø dei neste fire åra. Olsen understrekar at det ikkje er sikkert at summen vert heilt lik for alle fire, men alle vil få pengar til å bygga miljø.

– Det er nok ulikt kva dei enkelte forskarane vil bruka pengar til, men her er det mogleg å tilsetja stipendiatar og postdoktorar, det er pengar til infrastruktur og til reiser, seier han.

Under signeringa understreka Olsen at avtalen mellom BFS og UiB er unik.

– For forskarane er det viktig at dei får vilkår som gjer at dei kan realisera sine planar. Når pengane frå BFS kjem på toppen av det me får frå staten, gjer det at UiB og BFS kan legga til rette for at ein kan få til framragande forsking, sa han.

1/25 UiB-budsjett
Olsen seier at for dei internasjonale toppforskarane som har takka ja til å koma til UiB, handlar det ikkje om kva løn dei sjølve får. Det handlar om ein finansieringspakke som gjer at dei kan lukkast med forskinga si.

– Mange svært dyktige forskarar i Europa kan velja og vraka i kor dei vil arbeida. Men me ser at fleire av dei er meir interesserte i å koma til Noreg enn tidlegare. Det handlar om at me har finansielle musklar, medan den økonomiske situasjonen i Europa til dels er svært alvorleg, seier Olsen.

Han fortel at han for ei stund sidan var i Aten. Universitetet der har om lag like mange tilsette som UiB, langt fleire studentar – og eit budsjett som er 1/25 av UiB sitt.

Satsing hos NFR òg
I tillegg til regjeringa si toppforsk-satsing, har Forskingsrådet òg ei satsing på dei aller flinkaste. UiB veit at minst eitt toppforskmiljø hamnar her, men rektor håpar på fleire. Finansieringa skjer via fellesløftet.

– Me set av pengar til fellesløftet kvart år, seier Olsen.

Han seier at Forskingsrådet si ordning ikkje på same måte er tenkt å rekruttera internasjonale toppforskarar, men å satsa på dei beste institusjonane har i eigne rekkjer.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed