Tinga sin stillstand

Publisert:5. mai 2015Oppdatert:8. mai 2015, 12:54
UiB gjer det bra på å hente inn pengar frå EUs nye rammeprogram, Horisont 2020, men har tapt i konkurransen om mellom anna talet på doktorandar i høve til andre institusjonar dei siste åra.

Tilstandsrapporten for høgare utdanning er blanda lesing, sett med UiB-auge. Framgang og tilbakegang går hand i hand.

Tilstandsrapporten for universiteter og høyskoler 2015 blei publisert av Kunnskapsdepartementet tysdag. Mykje av innhaldet er allereie kjent, men rapporten viser også i år eit samla bilete av sektoren. Og for Universitetet i Bergen er ikkje biletet alltid like lysteleg.

Stort pluss for Horisont 2020
Men for å ta det positive først: UiB er best i klassen når det gjeld å få doktorgradskandidatar raskt gjennom utdanninga. Resultata er så gode at Kunnskapsdepartementet fann det passande å lekke opplysningane dagen før framlegginga. 73 prosent av kandidatane ved UiB gjennomfører graden i løpet av seks år.

  • UiB skårar òg høgt på dei meir prestisjefylte nivå 2-publiseringane, og ligg på topp for 2014, med ein nivå 2-del på 24,5 prosent av dei vitskaplege publiseringspoenga til institusjonen.
  • Saman med UiO hentar UiB heim mange ERC-stipend, og ligg best an når det gjeld Advanced Grants og Synergy Grants.
  • UiB har så langt lukkast best med sine søknader i EUs noverande rammeprogram, Horisont 2020. Berre Sintef ligg framom.
  • Finansieringa til UiB skil seg litt frå dei andre institusjonane, med den høgste gåveandelen. Dette skuldast truleg finansiering frå Kreftforeningen og Bergens forskningsstiftelse.
  • Samforfattarskap er eit eit mål for internasjonalt samarbeid, og her gjer UiB det godt, saman med Høgskolen i Bergen og Norges miljø- og biovitenskapelige universitet ( NMBU).  UiB skil seg òg positivt ut med 10,3 prosent studentutveksling, og er best av universiteta. Her gjer òg HiB det bra, mens NHH kjem høgst i korga, med 25,6 prosent av studentane på utveksling. 

Tilbakegang for doktorgrader
Men på mange viktige indikatorar er det nedgang for UiB. Doktorgradene går raskt på UiB, men det bli færre av dei, som På Høyden har skrive om fleire gonger. Saman med Tromsø har UiB den største nedgangen av avlagte doktorgrader i 2014. Det blei 49 færre doktorgrader i 2014, samanlikna med 2013.

  • Saman med Universitetet i Oslo har UiB ein nedgang i studenttalet. Talet på førstevalssøkarar til UiB gikk ned med 712 personar frå 2013 til 2014. UiB er òg det universitetet som har størst netto avgang, med 256 studentar i minus i perioden hausten 2012 til hausten 2014. Norges handelshøyskole mottek flest studentar frå UiB og HiB.
  • Publiseringa sank med 90,5 poeng for UiB frå 2013 til 2014, ein nedgang på 4,4 prosent. Berre NTNU gjekk meir ned i absolutt poeng, med 92,5 poeng i minus. UiB har stagnert når det gjeld publiseringspoeng per fagleg tilsett, i selskap med universiteta i Oslo og Stavanger. NTNU og UiO ligg og høgre enn UiB, mens Tromsø ligg lågare. Ved Universitetet i Agder publiserer kvar fagleg tilsett 0,99 publiseringspoeng, mens UiB ligg litt lågare, med 0,97 poeng.
  • Frå 2013 til 2014 gjekk inntektene til UiB frå forskingsprogramma til EU ned med 35 millionar kroner, mens NTNU auka inntektene sine med 20 millionar, men her er det store endringar frå år til år.
  • Blant dei eldste universiteta veks UiB minst når det gjeld pengar brukt på forskings- og utviklingsarbeid (FoU).
  • Universitetsmuseet ligg bak dei fleste andre liknande institusjonar med 30,2 publiseringspoeng i 2014.  

Vil hente pengar frå EU
Rektor Dag Rune Olsen følgde framlegginga av tilstandsrapporten i går, og ingen av tala overraska han særleg.

– Vi gikk tilbake på talet doktorgrader i 2014, men hadde eit ganske stort tal året før. Ein har og lagt om midlane litt, slik at det blir fleire postdoktorstillingar, og litt færre doktorgrader. Dette er ei omlegging som Forskingsrådet har ønska, seier Olsen til På Høyden.

Men han er open for at UiB må ta eit større ansvar for doktorgradsproduksjonen i eit framtidig utdannings-Noreg.

Olsen er òg nøgd med at studentane i Bergen er over snittet utferdskåte, og at Bergen markerer seg som ein by med mykje utveksling.

– Vi fekk og mykje åtgaum for gjennomføringa av doktorgradene våre frå ministeren.

– Men UiB har tapt andelar av doktorgradsproduksjonen til UiO og NTNU dei siste åra. Kor skal vi hente finansiering til framtidige doktorandar?

– Vi er ganske gode på å få midlar får Forskingsrådet. Skal vi ha nokon særleg vekst er det EU og slike finansieringskjelder vi må tenke på, seier Olsen.

Han konstaterer óg at UiB har hatt ein nedgang i publiseringspoeng, men finn det naturleg sett i samanheng med auken i nivå 2-publiseringar.

– Det er òg gledeleg at vi har ei høg grad av siteringar på arbeida våre.

– Men Universitetet i Agder ligg føre UiB i publiseringspoeng per fagleg tilsett. Er du nøgd med det?

– Vi ønskjer dei lukke til! Men ved små institusjonar er ofte innsatsen til einskildforskarar avgjerande, og den kan variere. 

Vil ha meir rettleiing
Som På Høyden skreiv i går, brukar seks av ti studentar meir enn normert tid på studia. Studentparlamentsleiar Tommy Aarethun meiner rettleiing av studentane er noko av det som manglar. 

– Skal ein betra gjennomføringsgraden må utdanningsinstitusjonane ta seg saman. Det er på tide med eit skikkeleg løft for rettleiinga og oppføljinga av studentane i høgare utdanning. Me treng eit finansieringssystem som gjev institusjonane insentiv til nettopp dette, seier Aarethun.

Han vil ha kvalitet som rettesnor i studia, og meiner at studiefinansiering er særleg viktig. 

– Noreg er midt i ein omstillingsprosess der universitets- og høgskulesektoren har ei nøkkelrolle. Det er viktig at investeringane både i studiefinansiering og i sektoren for øvrig er god nok til å sikra god kvalitet, både i forsking og utdanning, avsluttar Aarethun.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed