Tilset ukjent direktør

Publisert:11. mai 2015Oppdatert:11. mai 2015, 15:05
Universitetsdirektør Kjell Bernstrøm var kjent som søkjar då han søkte stilling som universitetsdirektør. Han eller ho som no er innstilt som direktør for forskingsadministrativ avdeling er ikkje det.

Vedkomande som no er innstilt til jobben som direktør for forskingsadministrativ avdeling, har ikkje hatt namnet sitt på søkjarlista.

– Det er ikkje lett å få søkjarar dersom dei som søkjer må ha namnet sitt på ei søkjarliste, seier universitetsdirektør Kjell Bernstrøm.

Det er neppe nokon av dei åtte som står på den kjende søkjarlista som kjem til å verta tilsett som forskingsadministrativ direktør.

– Me har gått gjennom dei som formelt har søkt stillinga, og Delphi har supplert med forslag til kandidatar, seier Bernstrøm.

Vedkomande som no er innstilt som nummer ein, har ikkje stått på søkjarlista, stadfestar Bernstrøm.

– Det viktigaste er å få dei beste kandidatane, seier universitetsdirektøren.

Fleire liknande saker
Sjølv stod Bernstrøm på den offisielle søkjarlista då han vart tilsett som universitetsdirektør. Kven han eigentleg konkurrerte mot, veit ein ikkje, og prosessen fekk kritikk. HR-direktør  Janicke Stople har vore tydeleg på at ho ikkje hadde vore interessert i nokon UiB-jobb no dersom ho måtte stått på søkjarlista, og ved NTNU vart det kjent at Gunnar Bovim var den ukjende søkjaren til rektorjobben to dagar før han vart tilsett. Høgskolen i Oslo og Akershus har nettopp tilsett Curt Rice som ny rektor. Han var ein av dei kjende søkjarane, men når ein no òg skal tilsetja prorektor, har det kome inn nye søkjarar seks veker etter at søknadsfristen eigentleg var ute.

I Offentleglova heiter det at ein «snarast etter at søknadsfristen er gått ut, setje opp ei søkjarliste som skal innehalde namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustad- eller arbeidskommune for kvar søkjar». Det heiter òg at det kan gjerast unntak, men at det då skal leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

– Men kva skal me gjera dersom me ikkje er nøgde med søkjarmassen, spør Bernstrøm som svar på korleis UiB ser på det Offentleglova seier om søkjarlister.

Må senda ein søknad
Universitetsdirektøren seier at ein tidlegare har prøvd å lysa ut enkelte stillingar både to og tre gonger.

– Mobiliteten blant aktuelle søkjarar er ikkje særleg stor, og mange har ikkje fokus på å skifta jobb.

– Kvifor brukar ein eit hovudjegerfirma?

– Dei har store søkjarbasar. Dei kartlegg arbeidsmarknaden, slik at ein kan få ein oversikt over kva folk som er rundt omkring.

Neste veke skal det etter planen haldast eit møte der forskingsdirektøren formelt vert tilsett. Når det gjeld stillinga som assisterande universitetsdirektør, har det her vore ukjende søkjarar til intervju. Komiteen skal ha eit møte før pinse. Arbeidet med å tilsetja ny økonomidirektør startar no.

Bernstrøm seier at for at ein skal verta tilsett, må ein formelt sett ha søkt stillinga.

– Betyr det at ein kan levera fire linjer på eit papir?

– Ikkje nødvendigvis.

Skeptisk fagforeining
 – Å tilsetja nokon som ikkje har stått på søkjarlista undergrev både prinsippet om offentlegheit og kvalifikasjonsprinsippet, seier Jørgen Melve.

Han leiar NTL ved UiB, og seier at fagforeininga er skeptisk til å tilsetja på den måten UiB no gjer.

– Dette er staten, og me forvaltar midlar på vegne av borgarane. Det me gjer, skal vera offentleg. Når det gjeld tilsetjingar, ønskjer me at dei skal vera transparente. Det handlar om kvalifikasjonsprinsippet, me vil vita at det er den beste kandidaten som er tilsett.

Melve seier at NTL òg er skeptisk til bruken av firma som Delphi.

– Me er generelt skeptiske til bruk av dyre konsulentar. Kva gjer dei? Og er det verd pengane?

Kva hadde skjedd dersom ein hadde hatt ein heilt open søknadsprosess? Det kan ein ikkje vita, seier Melve.

– UiB har klart å tilsetja dugande menneske i openheit før. Så vidt eg ser, gjer dei ein god jobb.

På Høyden har bede om innsyn i den sist oppdaterte søkjarlista for stillinga som forskingsadministrativ direktør, og fått beskjed om at redaksjonen <<sikkert fekk henne>> i løpet av dagen. Då denne saka vart publisert, hadde me ikkje fått noka liste.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed