Studentane vil «digitalisere» professorar

Publisert:21. mai 2015Oppdatert:21. mai 2015, 13:12
Studentutvalsleiar Reber Roald Iversen tilbyr tilsette ved UiB inspirasjon og opplæring i digital undervisning. På SV arrangerer studentane like godt seminar for lærekreftene. Foto: Dag Hellesund

Studentane er ikkje nøgde med digitaliseringstempoet, og arrangerer difor digitaliseringsseminar for lærekreftene.

I morgon held studentutvalet ved Det samfunnsvitskaplege fakultetet seminar om digitalisering for tilsette, i utgangspunktet ved fakultetet.

Studentane er ikkje nøgde med digitaliseringstempoet, og arrangerer difor digitaliseringsseminar for lærekreftene.

I morgon held studentutvalet ved Det samfunnsvitskaplege fakultetet seminar om digitalisering for tilsette, i utgangspunktet ved fakultetet.

Stort potensial
– Ideen oppsto fordi vi i studentutvalet hadde litt tilgjengelege ressursar, og tenkte av vi måtte gjere noko. Og då vi tenkte på kva det viktigaste var for oss, hamna vi på varierte undervisnings- og evalueringsformer. Digital undervisning har eit stort potensiale til å gjere undervisninga betre,  seier Reber Roald Iversen, som leiar studentutvalet ved fakultetet.

Dermed blir det to timar med inspirasjon for forelesarar og andre frå klokka 1400 i Store auditorium i Lauritz Meltzers hus i morgon.

– Vi trur at eit seminar for dei tilsette kan vere ein god måte å promotere digital undervisning, og det finst jo mange engasjerte og flinke folk på universitetet som kan fortelje meir om temaet, seier Iversen.

Vil bryte ned mytar
Dei har fått god respons på arrangementet, og eit av måla er å bryte litt opp i mytane som kanskje hindrar ein del å ta i bruk dei digitale verktøya.

– Blant forelesarar er det ein myte at alle vil kunne sjå ei forelesing dersom ho ligg på nett, men dette er enkelt å ordne med passord. Ein annan myte er at studentane vil slutte å komme på forelesingar dersom ein legg dei ut på nett. På juss har dei sagt at dei tek vekk det digitale innhaldet om slikt skjer. Og faktisk har deltakinga på forelesingane auka etter at det digitale tilbodet kom, seier Reber.

Eksponeringsfrykt
Og sjølv om teknologien no finst i mange auditorium, er det mange som ikkje har tatt han i bruk.

– Vi har mange av dei tekniske løysingane, men det er noko som skurrar når det gjeld å ta han i bruk. Folk er nok litt redde for å eksponere seg sjølv.

Og han er klar på at digitalisering ikkje er eit vere eller ikkje vere:

– Bodskapen vår er at digitalisering ikkje er det einaste vi vil ha. Men verktøya finst, og vi vil vise fram fordelane ein kan få ut av dei, og ulempene ved dei, som vi kan prøve å unngå. Så håpar vi at folk anerkjenner at dette er gode mulegheiter, og at dei tek utfordringa.

Studentane ventar seg digital undervisning, men når få tek verktøya i bruk, blir dei skuffa.

– Ein føler at institusjonen ikkje følgjer med i tida, og at dette er noko som går litt treigt, seier Iversen.

– Yes, gjer det!
For Knut Hidle, visedekan ved Det samfunnsvitskapelege fakultetet, passar initiativet frå studentane rett inn i strategien.

– Det er ei gåve for oss å ha slike studentar. Varierte undervisningsformer og korleis vi skal gripe dette an er ekstremt viktig. Og å ha studentar som engasjerer seg er uansett fantastisk. Vi har berre sagt: Yes, gjer det! seier Hidle.

Han legg vekt på at digitale forelesingar ikkje er det einaste ein bør tenkje på når det skal digitaliserast.

– Og det er kanskje ikkje den beste måten å gjere det på, heller. Det er mange måtar å drive undervisning på, og vi ser for oss mulegheita til å ta i bruk ulike digitale virkemidel.

Pedagogiske ambisjonar
I Media City Bergen skal fakultetet ha ein lab, der ein både kan utvikle undervisning og forsking.

– Vi skal ha høge ambisjonar, så får vi sjå kor langt vi kjem. Digitaliseringa må uansett setjast inn i ein pedagogisk kontekst.

Innan 2017 ventar han at digitale eksamenar er på plass, og at unge lærekrefter har tatt i bruk digitale verktøy i mykje større grad enn i dag.

– Eg trur vi kjem til å sjå eit vidt spenn av virkemiddel, seier Hidle.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed