Rektoratet tok første dans i aulaen

Publisert:28. mai 2015Oppdatert:28. mai 2015, 12:11

Det blei ballstemning då rektoratet fekk sjå aulaen for første gong på fleire månader.

Akkompagnert av nynning og summinga frå el-verktøy blei det første dans i universitetets nye aula i dag. I august blir det alvor: 

Statsbygg får bygget overlevert frå entreprenøren i byrjinga av månaden, og det første arrangementet blir ein offisiell generalprøve, i form av ein prøvemiddag for involverte i prosessen 19. august. 

– Det kan fort bli dans når aulaen er ferdig og, lovar Olsen, litt andpusten etter valsen. 

Etter generalprøven blir den første doktorpromosjonen i aulaen halde den 28. august, før Studentersamfunnet inntek salen dagen etterpå. 

Offisiell opning blir det 2. september, og då overleverer Statsbygg aulaen til Universitetet i Bergen. 

Stolleik i blinde
Og opningsveka blir både lang og utadvent, kan prorektor Anne Lise Fimreite garantere: 

– Opningsveka blir to veker lang, mellom anna fordi ein treng tid til innkøyring med eit nytt bygg. Det er ingen som veit kor lang tid det vil ta å setje ut stolar og ommøblere aulaen enno, seier ho. 

I seks månader vil det og vere ei form for prøvedrift i aulaen, men i full skala. Då vil alt bli testa, slik at ein kan reklamere dersom noko skulle mangle: Virkar ventilasjonsanlegget både sommar og vinter? Virkar garderobeløysinga slik ho skal? 

Lagar barneuniversitet
Programmet for opninga er ikkje klart enno, men rektoratet kan love mykje for mange: 

– Vi er veldig glade over å kunne invitere til barneuniversitet. Vi skal ha ein dag der vi opnar universitetet for ungane, der dei får følgje forelesningar, og etterpå får diplom utlevert av rektor, seier Fimreite. 

Aulaen vil òg bli brukt til ein del store, ordinære forelesningar, gjerne i Christies ande. Forskingsformidling og populærvitskaplege forelesningar er ein annan bruk for storstova. 

Vil låne ut raust
– Vi har allereie stor trøkk frå både kulturinteresser og andre om å få bruke aulaen. Og vis skal vere rause med å låne ut. Festsalen skal ikkje berre vere til invortes bruk på UiB, lovar Dag Rune Olsen. 

Debattar og andre arrangement der universitetet og resten av samfunnet møtest vil og finne stad i aulaen. 

– Men vi skal ikkje utkonkurrere Litteraturhuset eller andre. Men vi trur det er rom for fleire slike arenaer i Bergen. 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed