Rammar inn oppdrag for Statoil

Publisert:8. mai 2015Oppdatert:8. mai 2015, 11:42
Rektor Dag Rune Olsen og forskingsdirektør Lars Høier i Statoil underteikna i dag ein rammeavtale for oppdragsforsking. Statoil bruker i dag kring 10 millionar kroner årleg på oppdragsforsking ved UiB.

UiB underteiknar fast avtale med Statoil om oppdragsforsking. Selskapet bruker kvart år om lag 10 millionar kroner på slik forsking ved universitetet.

– For oss representerer dette ein ryddig og god måte å regulere samarbeidet på, seier forskingsdirektør Lars Høier i Statoil.

Forskar like mykje
Han nemner særleg energieffektiv olje- og gassproduksjon, havvindmøller, geotermi og energiomstilling som tema det vil vere interessant å samarbeid med UiB om.

– Vi ønskjer å samarbeid med internasjonalt leiande forskingsmiljø. Energieffektiv olje- og gassproduksjon er viktig for oss. Vi har lågast CO2-utslepp i verda, men kan alltid bli betre. Statoil har som eit klart mål å vere det mest karbonvennlege oljeselskapet. Vi er og opptekne av å byggje på 40 års erfaring med offshoreteknologi, og dette er eit område UiB òg har kompetanse på, seier Høier.

Statoil har eit forskingsbudsjett på 2,9 milliardar kroner i år, og dette har ikkje blitt redusert som ei følgje av lågare oljepris.

– Vi er veldig tydelege på at dette er ei langsiktig satsing, seier Høier.

UiB seint ute med avtale
Akademiaavtalen mellom Statoil og UiB gir ei inntekt på kring 11 millionar kroner i året, og tilsvarande avtaler finst og ved dei andre større, norske universiteta. NTNU har allereie ein rammeavtale for oppdragsforsking med Statoil, og det same gjeld universiteta i Oslo og Stavanger. UiB-rektor Dag Rune Olsen understrekar at det har vore viktig for UiB å lage ein god avtale.

– Vi har brukt litt tid på desse samtalene, og det har ikkje hatt noko hast for nokon av partane. Det er mellom anna eit premiss frå vår side at alt skal kunne publiserast, seier Olsen.

– Er dette eit signal om at det blir meir oppdragsforsking ved UiB framover?

– Vi er det universitetet som har minst oppdragsforsking, og eg ser ikkje for meg at det kjem til å auke i tida framover.

Gir oversikt
Olsen ventar ikkje kritikk for avtalen frå miljølobbyen ved UiB:

– Det vi blei utfordra på av Nent var å skaffe oversikt over vår forsking på petroleum, og denne avtalen vil gjere dette ryddigare, seier Olsen.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed