Meiner UiB undergrev lova

Publisert:22. mai 2015Oppdatert:22. mai 2015, 14:23
Universitetsdirektør Kjell Bernstrøm kjem med innstillinga som seier kven som truleg vert tilsett som assisterande universitetsdirektør. Fleire juristar er kritiske til prosessen.

Personar som ikkje står på søkjarlista har vore til intervju til stillinga som assisterande universitetsdirektør. – UiB undergrev lova når dei køyrer to prosessar, seier jussekspert Anine Kierulf.

Dersom ein ikkje toler at det vert kjent at ein har søkt ei stilling, har ein ingenting på eit universitet å gjera, seier postdok ved UiO Anine Kierulf. Foto: privat
Når ein har vore inne til intervju, skal ein òg stå på søkjarlista, seier professor emeritus Jan Fridtjof Bernt. Arkivfoto: Dag Hellesund
Universitetsdirektør Kjell Bernstrøm hadde ikkje tid til å svara på På Høyden sine spørsmål. Arkivfoto: Ingvild Festervoll Melien

Den ferske forskingsdirektøren stod ikkje på søkjarlista før det vart kjent at ho var innstilt til stillinga. I dag skal komiteen som intervjuar kandidatar til stillinga som assisterande universitetsdirektør ha sitt siste møte, før universitetsdirektør Kjell Bernstrøm kjem med si innstilling. Også til denne stillinga har det vore personar til vurdering, i form av intervju eller testar, som ikkje står på søkjarlista.

– Det er andre kandidatar til vurdering, men dei har ikkje søkt endå, seier Bernstrøm.

På intervju = søkjar
Professor emeritus Jan Fridtjof Bernt seier at søkjarane må på søkjarlista før ein set i gang arbeidet med innstillinga.

– Det har lenge vore praksis for at ein tek imot søknader etter at fristen har gått ut, og at ein òg oppmodar nokre til å søkja. Nokre gonger er dette ein metode for å få tak i dei beste søkjarane, men det er ikkje alltid ein lukkast. Så er spørsmålet korleis ein kan sameina dette med Offentleglova. Utgangspunktet er her at Offentleglova ikkje kan avskjera moglegheita til å oppdatera lista på denne måten, seier Bernt.

– Men då må ein vera nøye med å oppdatera lista så snart det har kome ein ny person til som vert vurdert for tilsetjing.

Nokre gongar vert kandidatar som ikkje har søkt ei stilling oppsøkt og deretter intervjua.

– Mi klåre meining er at når vedkomande har sagt seg villig til å verta intervjua, er han eller ho ein søkjar og må takast inn på søkjarlista. Deretter må ein ta stilling til, etter vanlege reglar, om personen skal få verta unntatt offentlegheit. Men personen skal visa på lista, seier Bernt.

– Skal vera transparens
Anine Kierulf er jurist og postdok ved Senter for menneskerettigheter ved Universitetet i Oslo.

– Kva er poenget med opne tilsetjingsprosessar? Jo, det er transparens. Ein skal kunne stilla kritiske spørsmål undervegs i prosessen. Når UiB køyrer to prosessar, ein med ei offentleg søkjarliste og ein med kandidatar som ikkje står på denne lista, er det ei undergraving av Offentleglova, seier Kierulf, og legg til:

– Overtydingsbyrden om at det no er den beste kandidaten som vert tilsett, ligg hos UiB.

Universitetsdirektøren har tidlegare sagt at ein ikkje får tak i dei beste søkjarane dersom dei må stå på ei offentleg søkjarliste.

– Det er med respekt å melda berre tull. Dersom ein ikkje toler at det vert kjent at ein har søkt ei stilling, har ein ingenting på eit universitet å gjera, seier Kierulf.

Ho peikar på openheit, ærlegdom og kritikk som grunnleggande verdiar ved eit universitet, og seier at dersom ein skal arbeida ein slik stad, må ein finna seg i å verta vurdert. Det skjer heile tida, til dømes med stipendiatar som skal ha disputas og med forskarar som søkjer opprykk.

Ikkje eineståande døme
I 2014 var søkjarlistene til to dommarstillingar i Høgsterett unntekne offentlegheit. Grunngivinga var at elles ville ikkje private advokatar søkja. Dette vart kritisert, og i år er søkjarlistene opne. Tre søkjarar melde seg – alle advokatar frå private firma.

– Det held ikkje å seia at ein ikkje får søkjarar dersom søkjarlista må vera offentleg, seier Kierulf, og legg til:

– Ei kvar løysing der ein prøver å unngå ein lovtekst, har noko suspekt i seg.

Men å ha tilsetjingsprosessar der nokre namn vert kjende i tolvte time, er ikkje noko nytt. Det skjedde då Gunnar Bovim vart tilsett som rektor ved NTNU. Og då Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA) nyleg tilsette prorektorar, kom det inn søkjarar seks veker etter fristen. Dei som til slutt vart tilsett, var to av dei som ikkje nådde opp i kampen om rektorstillinga.

Kjell Bernstrøm vart tilsett som universitetsdirektør, var det fleire andre kandidatar inne til samtalar. Men dei søkte aldri formelt – og ein veit difor ikkje kven dei var. Rektor Dag Rune Olsen sa den gong at i mange tilfelle er det slik at dei aktuelle kandidatane ikkje leverer ein søknad før dei nesten er garantert å få jobben.

Ombodsmannen har uttalt seg
Òg i kommunesektoren ser ein liknande døme. Sivilombodsmannen har uttalt seg i ei sak der ein kommune på Sørlandet skulle tilsetja rådmann. Det stod berre eitt namn på søkjarlista, men kommunen sa sjølve at dei hadde hatt intervju med fleire. Sivilombodsmannen skriv at  «kommunen har ved å gjennomføre tilsettingsprosessen før søknadsfristen har utløpt, hatt en tilsettingsprosess som ikke kan sees på som god forvaltningsskikk. Dette har medført at den offentlige søkerlisten gir et mangelfullt bilde av saksbehandlingen og hvilke kandidater som har blitt vurdert til stillingen som rådmann. Kommunens fremgangsmåte har fratatt allmennheten retten og muligheten til å føre kontroll med tilsettingen slik offentlighetsloven § 25 legger opp til. Det er kritikkverdig at saksbehandlingen synes å være begrunnet med nettopp et ønske om hemmelighold rundt tilsettingsprosessen og å begrense navnene på den offentlige søkerlisten. En offentlig søkerliste skal også sikre notoritet over tilsettingen og at den som er best skikket til stillingen blir tilsatt. Jeg ber kommunen sørge for offentlighetens interesser blir ivaretatt i fremtidige tilsettinger».

Bernstrøm hadde verken torsdag eller fredag tid til å svare ytterlegare på saka. 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed