Då Kjersti gjekk til filmen

Publisert:13. mai 2015Oppdatert:13. mai 2015, 07:00

Franskprofessor Kjersti Fløttum er endå meir medviten om språk enn vanleg. No er ho godt van med at det vert filma rundt henne.

– Skal me starta med klimaundersøkinga då?

Fem bachelorstudentar sit rundt eit bord. På bordet framfor seg har dei fått kvart sitt spørjeskjema. Dei byrjar arbeidet med å kryssa ut – og kamera går.

Klimafilmen, som ei tverrfagleg forskargruppe står bak, er i ferd med å ta form. Sjå film om filmen her:

Samtale
– Me har vorte merksame på vår eigen språkbruk, seier Kjersti Fløttum.

Ho er professor i fransk språk, og er prosjektleiar.

– Me studerer vanlegvis andre sitt språk, så då må me passa på vårt eige òg, smiler ho, og fortel at forskarane har hatt mange rundar på korleis dei skal formulera seg framfor kamera.

– Det skal vera kort og konsist, men samstundes ikkje for stramt. Målet er at intervjua skal ha form mest mogleg som ein samtale, seier Fløttum.

Professor og elev
Svara frå franskstudentane skal samanliknast med svar frå ungdommar i Oslo, Trondheim, Tromsø og Stavanger. Undersøkingane her er allereie gjort. Førre veke var forskarane på fornybarkonferansen, og fekk mellom anna intervju med Marit Warncke frå Bergen næringsråd. Opptak med ulike forskarar er gjort, og det som no gjenstår er å filma ein del i Oslo. Mellom anna er håpet å få eit intverju med klima- og miljøminister Tine Sundtoft. Deretter går turen til London for å intervjua Mike Hulme, professoren frå King’s College London som mellom anna har skrive «Why We Disagree About Clima Change».

Med i filmen er òg Maria Sleire. Ho var ein av 233 elevar frå vidaregåande skular i bergensområdet som svarte på spørsmål om haldingar til og forståing av klimautfordringane.

– Ho er med i filmen som representant for elevane, og vart spurt ut ganske inngåande, seier Fløttum.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed