Tre søkjarar har trekt seg

Publisert:16. april 2015Oppdatert:17. april 2018, 22:28
Kven skal sitja saman med mellom andre universitetsdirektøren og rektor på Muséplass 1? Fleire av søkjarane til direktørstillingane har trekt seg. I neste veke byrjar intervjurundane. Arkivfoto: Dag Hellesund

Fleire av søkjarane til direktørstillingane fekk beskjed om at grunnen deira til å be om at namnet ikkje skulle visa på søkjarlistene, ikkje var god nok. No har tre søkjarar trekt seg.

Ein kvinneleg søkjar til stillinga som assisterande universitetsdirektør har trekt seg. Det same har to mannlege søkjarar til stillinga som økonomidirektør gjort. På lista over søkjarar til stillinga som forskingsadministrativ direktør har 52 år gamle Hans Geir Eiken kome til. Han står med «research director (biotechnology og molecular biology)» som noverande stilling, og fekk beskjed om at grunngivinga hans for å ikkje ville ha namnet sitt på den offentlege søkjarlista, ikkje var godt nok.

På Høyden skreiv om søkjarane til direktørstillingane førre veke. Samstundes ba redaksjonen om innsyn i heile søkjarlista. Etter at personalavdelinga har vurdert dei enkelte grunngivingane, var det fleire som fekk beskjed om at grunngivinga deira ikkje var god nok.

Ikkje nok med ubehag
Kathrine Brosvik Thorsen er jurist og rådgivar hos personal- og organisasjonsavdelinga. Ho seier at ho ikkje kjenner til om søkjarane har trekt seg fordi dei ikkje fekk vera unntekne offentlegheit.

– Generelt er det slik at nokre søkjarar har bede om at namnet deira vert unnteke fordi dei ikkje ønskjer at sjefen skal få vita at dei har søkt ei ny stilling. Dette godtek me ikkje som grunn, dei må ha ei grunngiving der det vert vist til meir konkrete konsekvensar. Når me kontaktar søkjarane med denne beskjeden, opplever me at ein del seier at det er greitt at dei står på søkjarlista, medan andre ønskjer å trekkja søknanden, seier Thorsen.

I Offentleglova heiter det at det kan gjerast unntak frå innsyn for dokument i sak om tilsetjing eller forfremjing i offentleg teneste. Ein kan ikkje unnta søkjarlister, men det kan gjerast unntak for opplysningar dersom vedkomande ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal følgjast, skal det leggast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. Regjeringa nemner departementsråd, direktør for statlege direktorat, fylkesmann, rådmann i kommunar og leiarar i offentlege verksemder utskild frå den sentrale forvaltninga, som helseføretaka og dei ulike omboda i sin rettleiar til Offentleglova.

Thorsen seier at når ein vurderer om grunngiving for å verta unnteken frå ei offentleg søkjarliste er god nok, vert det alltid teke omsyn til allmennheita si interesse i saka. Dette veg ein mot omsyn til den enkelte sitt personvern og private interesser og rekrutteringsomsyn. 

Ho ønskjer ikkje å seia noko konkret om søkjarane sine grunnar til å be om å ikkje visa namnet sitt, men seier at det generelt er to typar grunnar UiB ofte tek omsyn til:

– Det eine er dersom søkjaren er leiar for ei eining som er i ein omstillingsprosess, og der det vil vera uheldig om dei tilsette vert kjende med at leiaren søkjer ein annan stilling. Den andre grunnen er søkjarar som kjem frå det private næringslivet og der kontrakter eller kundetilfang vil kunne verta påverka negativt om søknaden vert kjent, seier Thorsen.

Dette er òg omsyn som vert nemnde i rettleiaren.

Intervju neste veke
No står ein altså att med ti søkjarar til stillinga som assisterande universitetsdirektør, ni til stillinga som økonomidirektør og åtte til stillinga som forskingsadministrativ direktør. Det er rekrutteringsbyrået Delphi som så langt har hatt kontakt med søkjarane.

– Dei har hatt møte med universitetsdirektøren, og har gått gjennom søkjarane med han. Det er UiB som plukkar ut dei som vert kalla inn til intervju, understrekar HR-direktør Janicke Stople.

Intervjua tek til i slutten av neste veke. Det er sett ned ein komite for kvar av dei tre stillingane. Stople har tidlegare sagt at Delphi hjelper UiB i prosessen, og at det kan koma inn fleire kandidatar, som så langt ikkje står på søkjarlistene.

– Er det kome inn fleire namn?

– Eg er ikkje kjent med at det har gjort det, seier Stople.

Ho seier at ho ikkje kjenner til at det var svært aktuelle kandidatar blant søkjarane som no har trekt seg.

– Er det nokre aktuelle blant dei som er unntekne?

– Ja, det kan det vera.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed