– Nøkkelen ligg i postdok-kategorien

Publisert:9. april 2015Oppdatert:9. april 2015, 12:00
Anne Beate Maurseth har hatt ein karriere der ho har prøvd ulike stillingar. Medan ho har jobba ved forskingsadministrativ avdeling, har ho òg hatt ein bistilling ved Institutt for lingvistiske, litterære og estestiske studium. No er ho tilsett som førsteamanuensis der. Foto: Hilde Kristin Strand

Anne Beate Maurseth er attende i vitskapeleg stilling etter å ha prøvd noko anna. Ho meiner at noko av nøkkelen til kvifor kvinner forsvinn frå akademia ligg i postdok-stillingane.

For tre år sidan byrja  Anne Beate Maurseth i UiB si forskingsadministrative avdeling og har som seniorrådgjevar hatt ansvaret for å koordinera forskerutdanninga ved universitetet. Før ho kom dit, hadde ho først teke doktorgrad og hatt ein postdoktor-stilling. I eit par år jobba ho i forlag, før ho fekk vitskapeleg stilling i USA. Etter seks år og oppnådd fast stilling som «associate professor» flytta ho heim til Noreg. No er ho nyleg tilsett som førsteamanuensis i allmenn litteraturvitskap ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium.

– Eg ville prøva noko anna. Eg synest dessutan at det er viktig at det er nokon med forskingsbakgrunn som jobbar med forskingsadministrasjon, seier Maurseth.

Fram – og tilbake?
I debatten om likestilling og akademia vert dei overkvalifiserte kvinnene nemnt med jamne mellomrom. Kvinner med doktorgrad tek ofte administrative stillingar – truleg av ulike grunnar.

–Ein treng høg kompetanse mange stader, ikkje minst innanfor forskingsadministrasjon, seier Maurseth.

Ho seier at det er viktig å vera klar over at berre mellom femten og tjue prosent av dei som tek doktorgrad skal verta verande i akademia. Resten skal ut og jobba både i det offentlege og i det private næringslivet.

Intersektoriell mobilitet vert det kalla.

– Tidlegare var det slik at ein doktorgrad førebudde ein akademisk stilling. Det var få som tok ein slik grad, og dei fleste fekk til slutt fekk vitskapeleg stilling. No er det langt fleire som tar ein doktorgrad, og fleirtalet går til ein annan sektor etterpå. Framleis er det nokre få som skal verta verande i akademisk stilling, men det ein ser no, og som ein truleg kjem til å sjå meir av, er at nokre, som meg sjølv, vender attende til akademia etter å ha gjort noko anna ei stund, seier Maurseth.

Menn i toppstillingar
– Kvifor forsvinn kvinner frå akademia?

– Det er samansette forklaringar. Dels handlar det nok om at det ikkje er så mange stillingar innan dei fagområda som er dominert av kvinner. For nokre kvinner handlar det nok òg om at dei får barn og ønskjer ein meir føreseieleg kvardag. I tillegg er det slik at akademia har vore dominert av menn, og det tek tid før ein snur dette.  Det er flest kvinnelege studentar og flest kvinner med doktorgrad, men toppstillingane er det menn som har, seier Maurseth.

Ho seier at generelt i samfunnet ser ein jo at menn både er dei framste einarane, men òg at dei er flest blant taparane.

Maurseth  meiner at noko av nøkkelen til å skjøna kvifor kvinner forsvinn i akademia kan liggja i postdoktor-perioden. Denne stillingskategorien kan ofte verka litt ullen.

– For kva gjer eingentleg ein postdoktor? Kva forventar ein at ein postdoktor skal gjera? Kva vil ein med desse stillingane? Og kvifor fell nokre frå, spør Maurseth.

Ein postdoktor har ikkje rettleiar og i utgangspunktet ikkje undervisningsplikt. Stillingen skal vera med på å kvalifisera ein til professor, men svært få går rett inn i ei slik stilling etter å ha vore postdoktor.

– Det verkar som om mange kvinner vel vekk akademia før eller under postdoktor-perioden. Det kan difor vera ein god  ide å kartleggje denne stillingskategorien, ikkje minst for betre å forstå kvifor kvinner framleis er i mindretal i vitskapelege stillingar, seier Maurseth. 

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed