Då strilane kom til Bergen

Publisert:17. april 2015Oppdatert:17. april 2015, 07:00
Omtrent slik såg Bergen ut under Strilekrigen i 1765. Foto: UB

For 250 år sidan kom 2000 strilar til Bergen for å klaga på ekstraskatten dei måtte betala. Resultatet: Ei ny lov og eit filharmonisk orkester.

Universitetsbibliotekar Bjørn Bagge har tasta koden og tatt ut«Det bergenske Opløb i 1765. En Samling Aktstykker». Her er originalkjelder frå Strilekrigen. Her saman med stipendiat Eivind Urkedal York. Foto: Hilde Kristin Strand
Ein av plakatane som vart hengt opp i samband med kommisjonen som kom frå Danmark. Foto: Hilde Kristin Strand

1760-åra var ikkje gode år i Noreg. Mange bønder opplevde uår i form av dårlege avlingar og dårleg fiske. Staten var nærast konkurs. Danmark-Noreg var ikkje med i sjuårskrigen frå 1756, men stod nøytralitetsvakt sør i Danmark. Det var dyrt. I 1762 vart det difor innført ein ekstra skatt. Kvar innbyggjar over tolv år skulle betala ein riksdaler ekstra i året.

– På mange måtar var dette ein svært urettferdig skatt. Ein riksdaler var ikkje så mykje for ein kjøpmann i Bergen, men det var mykje for ein bonde i Nordhordland, seier universitetsbibliotekar Bjørn Arvid Bagge.

Ville klaga til kongen
Fattige bønder hadde naturleg nok ikkje så mykje pengar. Etter at innkrevjinga av ekstraskatten først gjekk føre seg på vanleg måte, opplevde bøndene etterkvart at det dei hadde av verdiar forsvann. Nokre mista robåten, andre ei god gryte, og ei enke opplevde at klede frå ektemannen vart tekne. Etter ei tid tok futen til orde for å bruka soldatar i arbeidet med å krevja inn pengane. Samstundes var det ingen som eigentleg var sikre på kven som faktisk skulle betala. Det eksisterte falske forordningar, og det vart snakka om at nokon skulle sleppa å betala.

Så skjedde det noko: 1. mars 1765 sendte bøndene 200 mann til stiftsamtmannen i Bergen. Dei ville senda ein klage til kongen i København. Stemninga vart heller amper, og enden på visa at bøndene vart lova svar innan seks veker.

På dagen seks veker seinare, 18. april 1765, stod 2000 bønder samla i Bergen. Kravet deira var eigentleg enkelt: Dei ville sjå den ekte lova, den ekte forordninga. Det kunne ikkje stiftsamtmann Ulrik Frederik Cicignon visa dei. Han trekte kården – og så var det i gang. Saman med fut Oluf Lund Bildsøe vart han slept med ut på gata og rundjult. Under kampens hete ropte han at bøndene skulle få pengane sine attende.

Interaktiv utstilling
Strilekrigen kan ein no sjå som ei interaktiv utstilling. Universitetet sine spesialsamlingar, der Bagge arbeider, har, saman med fleire andre aktørar, laga ei utstilling som viser forløpet. Med i utstillinga er òg «Det bergenske Opløb i 1765. En Samling Aktstykker», som inneheld mange av dei kjeldene ein har om Strilekrigen. Her finn ein mellom anna breva som vart sendt til og frå kongen i Danmark, og ein finn hyllingsdikta som etter kvart vart skrivne til kommisjonen som kom til Bergen for å skriva ein rapport. I utstillinga finn ein i tillegg ei liste over dei 2450 personane som fekk att skattepengane dei hadde betalt inn. Denne lista kan ein søkja i, og slik finna ut om ein hadde ein tipptipptippoldefar som var med.

– Det store spørsmålet er korleis denne mobiliseringa blant bøndene skjedde. Dei klarte å få dette til utan at verken prest, lensmann eller andre embetsmenn fekk vita om det. Og ein veit at det kom bønder heilt frå Gulen, seier Eyvind Urkedal York.

Han er stipendiat i historie, forskar på folkelege opprør, og ein av dei som har jobba med utstillinga.

Etter opprøret i Bergen, skjedde det liknande ting både i Stavanger og Ryfylke. Bønder frå Voss reiste til Bergen for å sjå kva som hadde skjedd, og den temmeleg ferske stiftsamtmannen i Sogn flykta til Bergen for å unngå sinte bønder.

Det var vanskeleg å finna ut kven som stod bak strileopprøret. Men nokon «måtte» straffast, så åtte menn vart fengsla. Halvparten vart slepte fri – av dei siste fire fekk tre dødsstraff, men var benåda av kongen.

Harmonien vart til
Frå Danmark kom ein eigen kommisjon som skulle undersøkja kva som hadde skjedd. Arbeidet deira starta i juli 1765, og i oktober same år leverte dei ein rapport.

– Rapporten er overraskande nøytral. Det vert peika på at embetsmennene hadde gjort ein heil del feil, og ein finn òg ei forståing for bøndene sin reaksjon, fortel Bagge.

Men strilekrigen førte til ei ny lov, som vart ståande heilt til 1842. Den ga forbod mot folkemøte. Straffa var streng: I ytste konsekvens dødsstraff. Ein mindre dramatisk konsekvens av Strilekrigen var av kulturell art.

– Kommisjonen vart i Bergen heilt til februar 1766, og i den tida dei var i byen, hadde dei mange festar. 9. oktober 1765 vart det arrangert ein stor fest ein stad nær byen, ein trur det var på Nygård, nær Florida. Der var det eit stort lysthus. På denne festen spelte eit orkester, og ein meiner at det er dette orkesteret Bergen filharmoniske orkester stammar frå. Dei brukar denne dagen som stiftingsdag, seier Bagge.

Då strilane reiste til Bergen i 1765, var dei langt nede på rangsstigen.

– Strilekrigen fekk nok noko å seia for sjølvbiletet deira. Dei reiste til Bergen fleire gongar, mellom anna i 1814 for å kjempa mot kornprisane, seier York.

Utstillinga har offisiell opning fredag ettermiddag. Du kan sjå henne her.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed