Skal gutane få eigne poeng?

Publisert:17. mars 2015Oppdatert:17. mars 2015, 08:48
Kvinnene er i fleirtal på mange studium. No diskuterer både utdanningsutvalet og likestillingskomiteen om ein for nokre fag bør innføra kjønnspoeng for å få fleire mannlege studentar. Arkivfoto: Paul Sigve Amundsen

– Ein bør få velja om ein vil gå til ein mannleg eller kvinneleg lege eller psykolog, seier Marius Prytz. Som mannleg psykologistudent er han ein sjeldan rase. No diskuterer UiB om ein skal innføra kjønnspoeng.

Marius Prytz er ein av ikkje veldig mange menn på profesjonsstudiet i psykologi. I 2014 var over 70 prosent av dei som begynte på studiet kvinner - og det var endå fleire åra før. Foto: Hilde Kristin Strand

71 prosent av studentane ved Det psykologiske fakultetet er kvinner. For medisin og odontologi er talet på kvinnelege studentar endå høgare, medan for juss ligg talet no på i overkant av 60 prosent. Enkelte studium i Noreg gir to kjønnspoeng til det underrepresenterte kjønnet ved opptak til studium med skeiv kjønnsfordeling. Dette gjeld i hovudsak teknologi og ingeniørfag for kvinner, og berre veterinær og dyrepleiar for menn.

Bør UiB innføra ein poengkvote for menn? Både utdanningsutvalet og likestillingskomiteen ser no nærare på dette.

Vil ha grundig debatt
Marius Prytz er halvvegs i profesjonsstudiet i psykologi. Han er, som det vart sagt då styret ved NTNU førre veke diskuterte sak om kjønnspoeng, nærast å sjå på som ein utrydningstrua art.

– Det er vel litt typisk at det er ein som meg som engasjerer meg i denne saka, kommenterer Prytz.

Han er studentrepresentant i likestillingskomiteen, og leiar arbeidsgruppa som skal sjå nærare på kva ein kan og bør gjera med den skeive kjønnsbalansen i særleg profesjonsstudia.

– Arbeidsgruppa har førebels ikkje kome med forslag til tiltak, seier Prytz.

Han ønskjer at debatten om innføring av kjønnspoeng eller ikkje skal verta meir enn ein debatt for eller mot.

– For meg handlar det om faglege argument. Ein pasient skal kunne velja kven som skal behandla vedkomande. Det gjeld både legar og psykologar, seier Prytz.

Hanne Marie Johansen er førsteamanuensis ved Senter for kvinne- og kjønnsforsking, og leiar likestillingskomiteen. Ho seier at komiteen vil sjå nøye på saka.

– Det er mykje me må gjennom. Er det lovleg å innføra slike poeng? Må me gå gjennom Samordna opptak? Er det noko forsking som seier kva som verkar? Målet er jamnare kjønnsbalanse, men spørsmålet er kva tiltak ein skal ha, seier Johansen.

Ho understrekar at likestillingskomiteen endå ikkje har behandla saka, og synest det er flott at utdanningsutvalet òg drøftar kjønnspoeng.

– All kjønnskvotering er kontroversiell, og ein veit til dømes at dei har dårlege røynsler med kvotering i Sverige. Og så kan ein jo tenkja på kor lenge biletet var motsett. Skal ein no setja i gang aksjonar fordi det er færre menn, spør Johansen.

Gutane kjem ikkje inn
Oddrun Samdal, viserektor for utdanning, er samd med Prytz. Ho seier at ein kjønnsbalanse tilnærma 40-60 er noko samfunnet bør streba etter.

Utdanningsutvalet, der Samdal er leiar, diskuterte innføring av kjønnspoeng førre veke. Men heller ikkje dei har førebels konkludert.

– Me snakkar om ei todelt problemstilling. For nokre fag, det såg ein til dømes tidlegare når det gjeld jenter og realfag, er det ei skeivheit i kven som søkjer. Men den andre sida er at jenter gjennomgåande har fleire poeng frå vidaregåande skule. Det betyr at gutane rett og slett ikkje er flinke nok til å få studieplass, seier Samdal.

Ho meiner at ein bør gjera noko på lågare nivå, altså på ungdomsskule og vidaregåande skule, slik at gutane kan vera med og kjempa om studieplassane.

– For dei faga der det er ei skeivfordeling i rekrutteringa, handlar det om å stimulera søknad frå begge kjønn. Men før ein ser resultat av ein innsats lågare nede i utdanningssystemet, må ein sjå på om kjønnspoeng kan hjelpa. Me ser på situasjonen som såpass utfordrande at me meiner at ein må vurdera ekstra tiltak retta mot gutar, seier Samdal.

Gutedag ved UiO
Universitetet i Oslo diskuterte for eit par år sidan å innføra poeng for mannlege søkjarar til psykolog- og odontologistudia. Konklusjonen vart nei. I vår skal Psykologisk institutt ved UiO arrangera ein eigen gutedag for gutar på vidaregåande skule.

Prytz meiner at dersom ein skal innføra kjønnspoeng, bør det vera noko alle utdanningsinstitusjonane er samde om.

– Kjønnspoeng er eit drastisk tiltak, og det er kontroversielt. Eg meiner at når det gjeld psykologi, har ein sjanse til å vurdera dette no når profesjonstudiet vert lagt om. Samstundes er det viktig å tenkja at kjønnspoeng er eit mellombels tiltak, seier han.

Då styret ved NTNU handsama ei sak med tittel «jentepoeng» førre veke, vedtok dei at rektor etter kvart opptak skal vurdera om det er studieprogram der ein skal nytta kjønnspoeng. Styret vedtok òg at når andelen av det underrepresenterte kjønnet kjem opp i 30 prosent i yrkeslivet, skal kjønnspoenga avviklast.

Prytz seier at for eigen del var det interessa som avgjorde at han søkte seg til psykologi. Men han trur andre delvis vel utdanning på bakgrunn av kjønnsbalanse.

– Det er kanskje slik at menn søkjer andre menn, seier han, og viser til ein artikkel i psykologistudentane sitt tidsskrift, Katarsis.

– Trur du du vert ettertrakta på jobbmarknaden som mannleg psykolog?

– Eg meiner at verksemdene bør jobba for kjønnsbalanse. Så det er jo litt festleg viss det vert ein fordel for meg å vera mann når eg skal søkja jobb.

På Høyden krever at du bekreft e-postadressen din før du kan poste innlegg. Les også våre debattregler

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed