Praksis og forsking hand i hand

Publisert:12. mars 2015Oppdatert:16. mars 2015, 12:58
Førsteamanuensis Viggo Krüger er ein av dei som er tilsett både ved Griegakademiet og som musikkerapeut. Her underviser han studentar på det integrerte masterprogrammet i musikkterapi. No skal nettverket Polyfon gjera komunikasjonen mellom forsking og praksis innan musikkterapi endå betre. Arkivfoto: Hilde Kristin Strand

– For meg hadde det vore nesten meiningslaust og berre vera på kontoret, seier førsteamanuensis og musikkterapeut Lars Tuastad. No lagar musikkterapimiljøet si eiga bybane mellom forsking og praksisfelt.

Professor Brynjulf Stige leiar nettverket Polyfon. Arkivfoto: Hilde Kristin Strand
Førsteamanuensis Lars Tuastad kunne ikkje tenkt seg å ikkje jobba praktisk som musikkterapeut. Foto: Rune Rolvsjord, Uni Research

– Polyfon er eit nettverk som skal byggja ei kunnskapsklynge for musikkterapi. Slik sett er Polyfon heilt i tråd med UiB si satsing på klynger. Me lagar ikkje ei klynge fordi UiB sentralt ønskjer det, men me ser verdien av klyngetenkinga og meiner at et nettverk som dette er vegen til å skapa ei klynge for fagområdet vårt, der samhandling kan veksa fram over tid.

Det seier Brynjulf Stige. Han er professor ved Griegakademiet og forskingsleiar ved Gamut  -  Griegakademiet sitt senter for musikkterapiforsking. No er han òg prosjektleiar for Polyfon, som er eit heilt ferskt vestnorsk nettverk for musikkterapiforsking og praksisutvikling.

– Me som forskar ønskjer kontakt med praksisfeltet, og praksisfeltet ønskjer kunnskap og kvalitet. Polyfon vert vår eiga bybane – ei moglegheit for kommunikasjon og tett kontakt mellom forskarar og praktikarar og studentar, seier Stige.

Vil jobba tett med praktikarane
Formelt er Polyfon organisert som eit konsortium. Deltakarlista er lang. Både Helse Bergen, Stiftelsen Bergensklinikkene, Aleris Ungplan &BOI, NKS Olaviken Alderspsykiatriske Sjukehus og Uni Research Helse er blant dei som står der. Deltakarane spleiser på utgiftene, og i tillegg har GC Rieber Fondene, som òg tidlegare har løyvd pengar til musikkterapi, vore inne med pengar til fagleg prosjektutvikling.

– Heilt konkret handlar dette om å bygga opp reiskapar til samhandling. Nokre hos oss har kombinerte stillingar, der dei både forskar og jobbar som musikkterapeutar. Men mest av alt ønskjer me prosjekt der forskingsmiljøet jobbar tett med praktikarar, seier Stige.

Lars Tuastad er ein av dei. Han er tilsett ved Griegakademiet som førsteamanuensis, og jobbar òg 40 prosent ved Bjørgvin DPS. Tidlegare har han jobba med prosjektet «Musikk i fengsel og frihet», som òg var utgangspunktet for doktorgraden hans.

Tuastad seier at felles for innsette i fengsel og menneske med psykiske lidingar, er det tomrommet ein kan kjenna når ein er ferdig med behandlinga.

– For dei som har site i fengsel, kan fridommen verta opplevd som eit kaos. Eit tilbod om musikkterapi etterpå, anten under open soning eller når ein er heilt ferdig med straffa, gjer at ein har eit fast møtepunkt. Forskinga mi er eintydig på at det hjelper. Det vert vanskelegare å falla attende til det gamle livet når ein har eit fellesskap og noko som forpliktar, seier Tuastad.

Vil gjerne ha fleire prosjekt
I 2013 sa Helsedirektoratet i den nasjonale, faglege retningslinja for behandling av pasientar med psykose at ein bør nytta musikkterapi. No vert musikkterapi òg trekt fram i behandling av pasientar med rusmiddelproblem. Eit utkast til faglege retningslinjer er no på høyring.

– Me har nytta musikkterapi hos oss nokre år, og det er kjekt musikkterapi no er kome inn i faglege retningslinjer, seier spesialrådgivar Geir Lien i Helse Bergen sin psykiatriske divisjon.

Han seier at Helse Bergen har fokus på praksisnær forsking og at Polyfon slik er midt i blinken.

– Hos oss vert musikkterapi eit supplement til annan type behandling. I dag har me det på to av dei distriktspsykiatriske sentra våre og på klinikken for barn og unge, seier Lien.

I fjor hadde pasientar ved Bjørgvin DPS eit prosjekt som enda med konsert på Garage der både pasientar og musikkterapeutar spelte saman.

– Dei hadde fått til ein prosess og eit samspel. Slikt synest eg er spanande, og håpar nettverket kan gjera at me får meir av slikt. Me ser òg moglegheiter for å nytta musikkterapi i det nye Barnas energisenter, seier Lien.

Satsar på etterutdanning
Griegakademiet utdannar 12 musikkterapeutar i året. Det same gjer Norges musikkhøgskole i Oslo. Det er ikkje nok, meiner Stige. Han har spelt inn til universitetsleiinga at talet kan doblast.

– Faget vårt er i ein vekstfase, og då manglar ein eigentleg alt. Kanskje har det bidrege til å skapa ein samarbeidsorientert kultur. Dei siste 12-13 åra har fagmiljøet vårt vorte mangedobla i storleik. No er me om lag tjue personar knytt til forskingssenteret Gamut, og me har ikkje hatt problem med å rekruttera forskarar internasjonalt, seier professoren.

Musikkterapi er i dag i bruk både innan barnevern, psykisk helsevern, rusbehandling og eldreomsorg. Utdanninga studentane får er ei generalistutdanning. Noko av det Stige håpar vert utfallet av det nye nettverket, er gode innspel til kva spesialisering UiB bør tilby. Allereie seinare i månaden startar etterutdanning innan psykisk helse og rus.

– Dette er ein begynnelse, men me ønskjer å utvikla etterutdanningstilbodet mykje meir, seier Stige.

Han seier at sjølv om det førebels berre er på felta psykiske lidingar og rus at musikkterapi er tilrådd i dei nasjonale retningslinjene, har ein òg svært lovande praksisrøynsler med musikkterapi innan andre felt, som til dømes barnevern og eldreomsorg.

– Det er enormt positivt at ein no får til eit nettverk. Det er mange som vinn på det, seier Tuastad.

For han er det uaktuelt å berre forska.

– Praksis og forsking går hand i hand. Eg har ein 40 prosent stilling på Bjørvin DPS. For meg er det naturleg å tenkja slik, det hadde nesten vore meiningslaust å berre skulle vera på kontoret.

Tuastad seier at for dei med psykiske lidingar, har ein i dag ikkje noko tilbod om musikkterapi etterpå. Han ønskjer at ein kan få på plass eit trinn to som eit kommunalt tilbod.

– Når pasientane ikkje lenger er pasientar, men vert sendt heim, forventar ein at dei skal klara seg sjølve. Dei skal kunne treffa venner og vera ute blant folk. Men det er ikkje alle som klarar det, og vert i staden isolert. Då kan problema starta på nytt, seier Tuastad.

Han seier at målet no er å få til eit oppfølgingsprosjekt for dei som er ferdige med behandlinga, og så forska på det.

Fokuserer på det ein kan
I møte med ulike menneske, har musikkterapi ulike former. Tuastad fortel at den vanlegaste måten å jobba på er at brukarane sjølve er aktivt med.

– Det hender at me har lyttegrupper, der me snakkar om både det me høyrer i tekstane og kjem inn på andre ting. Men det vanlegaste er at ein anten spelar sjølv eller skriv låtar.

Musikkterapi er ressursfokusert. Førsteamanuensisen trur at det er ein av grunnane til at det fungerer så godt. Musikkterapeuten fokuserer på det den einskilde kan.

– Nokre av dei me møter har spelt litt frå før, så då finn ein låtar dei kan klara. Andre har lyst til å læra å spela eit instrument, og får hjelp til å koma i gang. Og nokre gonger vil ein leika eller improvisera med instrumenta, seier Tuastad.

– Det er ikkje ein ny tanke at ein skal ha samarbeid mellom eit praksisfelt og forsking. Men det spesielle med Polyfon er at det er såpass omfattande og forpliktande, der mange ulike aktørar går saman om å utvikla musikkterapeutisk praksis, forsking, utdanning og formidling over ein periode på fem år. Me ønskjer sjølvsagt då å kunne bruka nokre av dei konkrete samarbeidsprosjekta som grunnlag til å skriva gode søknader om prosjektfinansiering, mellom anna til forskingsrådet, seier Stige.

 

 

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed